Derimot: Israels fremtid.Kampen pågår ikke minst i USA. – Derimot

derimot.no:

Dukkar Netanyahu snart opp i Kongressen i USA? Det ville vere avgjerande for Israels framtid og invasjonen av Libanon

av Alfredo Jalife-Rahme

Mottaking av Israels statsminister Benjamin Netanyahu i ein fellessesjon i US Congress er ikkje berre ein aksjon mot president Joe Biden, det er også ei støtte til majoriteten av det israelske parlamentet for framhald av massakren i Gaza. Med Netanyahu insisterande på å gå til ein krig mot Hizbollah som involverer Iran og USA, vil dette dessutan vere eitt steg vidare i strategien hans om å angripe Iran med atomvåpen.

VOLTAIRE NETWORK | MEXICO CITY (MEXICO) | 4 JULI 2024

Tilbake i 2015 inntok Israels statsminister Benjamin Netanyahu Kongressen, mot råda til den gong president Barack Obama. Han hadde plassert ut sine ambassadesekretærar rundt salen, for å notere kven av parlamentarikarane som ikkje applauderte han, og som han difor ikkje kunne stole på at ville godta hans eigenkjære hjelp til gjenval.

Etter Joe Bidens fiasko i den katasrofale debatten med Donald Trump, og framfor andre runde av valet i Iran, har statsminister Benjamin Netanyahus kontroversielle oppmøte i USAs Kongress den 24. juli utløyst ei bølge av intense kommentarar som, spesielt frå grupper av landsmenn både innan- og utanfor Israel, peikar på at statsministere favoriserer Trump framfor Biden, medan pro-Biden/Democrat-grupper fordømmer hans uønska nærvær. Er valet i USA i hendene på Netanyahu og AIPAC, den mektige Israeli/USA-lobbyen?

American Zionist Public Affairs Committee (AZCPA) har infiltrert AIPAC, lobby-gruppa som har betydeleg innverknad på USAs utøvande og lovgivande greiner av maktapparatet. Dei er sett på som den mektigaste lobby-gruppa blant dei mange pro-israelske organisasjonane i USA. AIPAC skryt av at dei representerer «meir enn 3 millionar (sic) pro-Israel-amerikanarar i kvart kongressdistrikt for å bygge tverrpolitisk støtte for USAs relasjonar med Israel». Komiteen kallar seg «den største pro-Israel-lobbyen», den med mest ressursar, den som tilbyr (sic) direkte til kandidatane: 98% av kandidatane dei støttar vann parlamentsvala i 2022!

American Israel Public Affairs Committee er en interesseorganisasjon som har som formål ved lobbyvirksomhet å fremme Israels interesser i amerikansk politikk. Den ble grunnlagt i 1953 av Isaiah L. «Si» Kenen. AIPACs opprinnelige navn var American Zionist Committee for Public Affairs. Wikipedia

AIPACs enorme inntekter, utanom donasjonane frå khazariske Wall Street-finansmenn som ein kan trekke frå på skatten, enda på $473,5 millionar i 2022. Den israelske portalen Forward rapporterte om at AIPAC sidan 7. oktober, den emblematiske datoen for Hamas-angrepet på Israel, har reist $90 millionar, der «store deler er øyremerka til 2024-vala [1]

«. Anti-Netanyahu-avisa Haaretz forklarer makta til AIPAC i USA, der «pengeinnsamlingsgruppa deira vil spele ei avgjerande rolle i 2024-vala [2]». Ein bør ikkje undervurdere den avgjerande allmakta til AIPAC, som i tillegg til å smøre eit hopetal av amerikanske lovgivarar, nyleg sørga for eit sviande nederlag for representanten Jamaal Bowman – ein medlem av den progressive, pro-palestinske gruppa Squad, som er leidd av den unge Alexandria Ocasio-Cortez [3] – i deira New York-bastion, takka vere massive sionist-donasjonar frå dei som no søker andre kandidatar å kappe hovudet på [4].

Jacobin-portalen hevdar at AIPACs siger over Bowman paradoksalt maskerer «veikskapen deira» [5]. Sjølv Financial Times kommenterer krigsplanane til statsminister Netanyahu, slik han la dei fram i sitt autistiske intervju på Channel 14, som er nært knytt til kabinett-fanatikarane Ben Gvir og Smotrich, med «konfliktens sommar [6]». Frankrikes Réseau Voltaire har allereie forklart [7] at amerikansk/israelske dobbeltstatsborgarar fordømmer Netanyahus komande besøk til Washington. California-gruppa UnXeptable har lansert ein kampanje mot Netanyahus nærvær i Kongressen den 24. juli; etter mitt syn vil dette bli avgjerande for den planlagde invasjonen av Libanon.

Ifølge Voltaire Network. [8] gjekk også fleire israelske karakterar ut i New York Times og fordømde det annonserte besøket: David Harel, president for Israeli Academy of Sciences; Tamir Pardo, tidlegare Mossad-sjef; Ehud Barak, eks-statsminister for Israel; Aaron Ciechanoveret, Nobelprisvinnar i kjemi; og forfattar og essayist David Grossman osb. Før Biden-fiaskoen la ikkje Det kvite hus skjul på at dei frykta følgene av at Netanyahu skulle tale i Kongressen: «Ingen veit kva han kjem til å seie [9]». John Mearsheimer, ein professor ved University of Chicago, snakka om den ufattelege makta til Israel-lobbyen i USA. Dei har, etter mitt syn, blitt ein stat i staten.

Alfredo Jalife-Rahme

Translation Monica Sortland

Forsidebilde: KI-generert

Kjelde
La Jornada (Mexico)
Den største spansk-språklege dagsavisa i verda.

[1] «A rare look into the $90 million AIPAC has raised since Oct. 7», Amos Barshad, Forward, February 6, 2024. [2] «AIPAC, Explained: The Inside Story of America’s Powerful and Divisive pro-Israel Lobby», Haaretz, February 28, 2024. [3] «Bajo la lupa. Bernie Sanders con sus millennials humillan a Hillary en Nueva York», Alfredo Jalife-Rahme, La Jornada, 1º de julio de 2018. [4] «Pro-Israel Groups Get Big 2024 Win—and They Aren’t Done Yet», Nataly Andrews, The Wall Street Journal, June 24, 2024. [5] «AIPAC’s Defeat of Jamaal Bowman Disguises Its Weakness», Branko Marcetic, Jacobin, June 26, 2024. [6] «Benjamin Netanyahu lays out plans for a summer of conflict», Neri Zilber, Financial Times, June 24, 2024. [7] «1582 Israeli-US dual nationals against Benjamin Netanyahu», Voltaire, International Newsletter, N°93, 28 June 2024. [8] «1583 In the New York Times, Israeli figures speak out against Benjamin Netanyahu, Voltaire, International Newsletter, N°93, 28 June 2024. [9] «‘No one knows what he’s going to say’: White House fears mount about Bibi’s DC visit», Jonathan Lemire & Alexander Ward, Politico, June 22, 2024.Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...