Derimot: Iran lar seg ikke herse med. Slo tilbake mot Israel. – Derimot

derimot.no:

Iran slår tilbake mot Israel

av Larry C. Johnson

X-CIA-analytiker

Hugsar de korleis mange av Vestens lærde og politikarar spådde at Iran ikkje ville slå tilbake mot Israel for mordet på Ismail Haniyeh fordi Iran er veike og redde? Jon Gambrell frå pressebyrået AP publiserte eit stykke på måndag som ufrivillig illustrerer kor inkompetente Vestlege analytikarar er når det gjeld å føreseie kva Iran kjem til å gjere.

Iran mista sin mest lojale allierte i Midtausten då eit israelsk luftangrep drap 

Hizbollah-leiar Hassan Nasrallah. Men Iran går ikkje aktivt inn for gjengjeldsangrep.

Det har sett Teheran i ei klemme: Å ikkje svare kan gjere at dei framandgjer militsen som dei er avhengige av i regionen. Men eit mogleg gjengjeldsangrep risikerer ein breiare krig medan landets teokrati står overfor intense utfordringar på heimebane. . . .

Denne motviljen heldt fram inn i måndag, då Irans talsmann for utanriksdepartementet Nasser Kanaani fortalde journalistar at «Den islamske republikken Iran og det iranske folket er ikkje ute etter krig», men «fred og stabilitet i regionen.». . .

Desse kommentarane framhevar tilbakehald med respons på Nasrallahs død. Sjølv om hans leiarskap i Hizbollah var kronjuvelen i 

Iran sin fleire tiår lange strategi for væpning av regional milits for å kontre både Israel og USA, er Iran framleis forsiktige med når – eller om – dei vil slå tilbake. . . .

«Førebels ser det ut til at presidenten og den øvste leiaren, som er i overflod forsiktig, helst vil halde linja opa for dialog og forhandlingar,» sa Vakil.

Og for å halde den linja opa, treng Iran nokon annan til å ta leiinga mot Israel.

«Det iranske leiarskapet er førebudd på å akseptere ein audmjukande retrett i møte med israelske angrep på kort sikt for å sikre regimet på lengre sikt, og dette forklarer Teherans mangel på gjengjeld hittil,» sa Alex Vatanka, direktøren for Iran-programmet til Washingtons Middle East Institute.

Ein kan legge ein daud fisk ute i den steikande sola, og den vil eldast betre enn dette stykket analyse.

USA konstruerte utilsikta dette angrepet. Ifølge Irans president Masoud Pezeshkian, vart han lova ei våpenkvile i Palestina og framsteg i tostatsløysinga dersom Iran viste tilbakehald og ikkje straffa Israel for at dei drap Haniyeh. Pezeshkian, som viste seg utruleg naiv, kjøpte våset, og Iran gjorde ingenting før Israel sitt terroristiske personsøkarangrep og avrettinga av Hassan Nasrallah. Pezeshkian var i det minste mann nok til å innrømme at han hadde blitt narra, og det skulle vise seg at han lærer raskt. Då natta fall over Israel, starta Iran eit massivt angrep med ballistiske missil.

Eg starta dagen med å snakke med Marcelo Soares. Vi diskuterte sjansen for at Iran skulle hemne drapet på Nasrallah og ein av generalane deira, som vart drepen medan han var i møte med Nasrallah.

https://www.bitchute.com/embed/1Wiskly4HfSK

Då Iran angreip Israel i april, som gjengjeld for angrepet på Iran sin ambassade i Damaskus, koordinerte dei på førahand planen sin med Washington og med andre arabiske og muslimske statar i regionen for å unngå at det skulle eskalere til full krig. Målet til Iran var å demonstrere at dei har kapasiteten til å råke Israel, men Israel og Vesten framstilte Iran si avgjerd om å ikkje råke kritiske militære og etterretningsmål som eit massivt nederlag for Iran. Det var då.

På tysdag kom betalinga. President Pezeshkian gav det iranske militæret ordre om eit massivt missilåtak på fem israelske militær- og etterretningsbasar. Ser ut som Israel er smitta med Ukrainitt — altså ein sjukdom med symptoma fornekting, hand i hand med manipulering. Israel insisterte på at dei skaut ned dei fleste av missila. Verkeleg? Sjå følgande video, som viser massive nedslag på flybasen Netavim i Negev-ørkenen.

https://www.bitchute.com/embed/S6XUm52OwTQ7

Likevel insisterer Israel og USA på at angrepet til Iran var mislykka. Dette minner meg om det ikoniske klippet av Leslie Nielson i The Naked Gun.

Men det var mykje å sjå. Spesielt korleis Israels Iron Dome ikkje greidde å avskjere det store fleirtalet av missil. Som ein kan sjå i følgande video, missar den israelske «Jern-dommen» sine forsvarsmissil måla sine, og dei iranske missila råkar sine mål.

https://www.bitchute.com/embed/ez1HL05VJzFF

Det mest interessante er ein rapport om at iranarane informerte Washington og Moskva om det dei skulle gjere, altså berre råke israelske militære ml. Det forklarer korfor tenestemenn i Washington greidde å informere pressa denne ettermiddagen om at Iran skulle angripe Israel. Med det at dei fortalde Washington om planen, visste Teheran at Israel ville bli åtvara. Likevel, sjølv om Israel visste at angrepet skulle kome, greidde dei ikkje å forpurre det.

Israels Netanyahu har gløymd første regel for kriseberedskap – når du er i eit hol, slutt å grave. Han insisterer no på at Israel kjem til å svare med å angripe Iran. Iran gav klar beskjed rett etter dagens angrep om at dersom Israel svarer med nye angrep, vil Iran følge opp med ein meir øydeleggande sperreeld. Eg trur ikkje Pezeshkian og mullahane bløffar.

Israel og Washington lyt dessutan ta omsyn til kva Russland og Kina vil gjere. Russland og Kina har hatt felles militærøvingar med Iran dei siste fire åra. Ifølge nylege rapportar er Russland og Iran inne i sluttforhandlingane om ein omfattande overeinskomst, “comprehensive agreement”, om vidare militært samarbeid.

Eg trur Biden-administrasjonen desperat prøver å unngå ein breiare krig mellom Israel og Iranav frykt for at konflikten skal torpedere Kamala Harris’ presidentvalkamp. Eg trur vi har nådd eit punkt der Washington ikkje lenger har nokon kontroll, bortsett frå å kutte all bistand til Israel. Eg ser ikkje føre meg at dét vil skje.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde er Ki-generert

https://sonar21.com/iran-pounds-israel-in-retaliatory-strike/

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...