Derimot: Hva må til for å lage nye krigerKollektiv historisk glemsel. – Derimot

derimot.no:

Russland hugsar, USA gløymer

av Larry Johnson, 9.mai, 2024

X-CIA-analytiker

Dagen i dag, 9. mai, markerer 79-årsdagen for nazi-Tysklands nederlag – også kalla Sigersdagen eller frigjeringsdagen – og det russiske folket mønstra massive marsjar og minnemarkeringar, ikkje berre i Russland, men i land rundt om i verda der det bur russarar. Men i USA, der myten om at USA slo nazistane lever, var det taust. Ingenting. Korfor så forskjellig?

Det handlar heilt enkelt om tal.

Sovjetunionen leid ifølge estimata dei største tapstala under Andre verdskrig. Så mange som 27 millionar sovjetarar mista livet, med så mange som 11,4 millionar militære dødsfall, opptil 10 millionar sivile døde på grunn av militær aktivitet og i tillegg mellom 8 og 9 millionar døde på grunn av svolt og sjukdom. Desse tala inkluderer ikkje dei over 14 millionane sovjetiske soldatar som vart skadde under krigen. Blant 

Sovjetunionens 15 republikkar, var det 

Republikkene i tidligere Sovjetunionen.

Russland som tok dei høgste tapstala, med 6 750 000 militære døde og 7 200 000 sivile døde. 

Ukraina hadde dei neststørste tapstala, med 1 650 000 militære døde og 5 200 000 sivile døde.

Folketalet i Sovjetunionen i 1940 var estimert til 170 millionar. Med andre ord døydde 16% av sovjetiske medborgarar (som inkluderte Russland og Ukraina) som ein konsekvens av Den store patriotiske krigen. Det sier ingenting om talet på skadde, som truleg var rundt 20 fleire millionar menneske.

Samanlikn det med USA. Det er motstridande estimat som strekk seg frå 183 500 til 276 655 US Army drepne i teneste i Europa/nord-Afrika. La oss gå for det høgare talet. Ifølge Census-statistikkar for 1940, var det då 132 164 569 amerikanarar. Ratioen av US-amerikanarar drepne under militærteneste i Europa eller nord-Afrika i forhold til folketalet, er 0,2%. Med andre ord langt færre enn 1% av befolkninga i USA vart drepne av nazistane.

Fra slaget om Stalingrad.

Eg seier det rett ut: USA betalde nesten ingenting i form av blod og skattar til kampanjen for å slå Hitler, samanlikna med det det russiske folket måtte tole. Tenk på følgande:

  • 750 000 sovjetarar døydde i Slaget om Stalingrad.
  • Minst 670 000 sovjetiske soldatar og medborgarar døydde under kringsettinga av Leningrad.
  • Anslagsvis 421 000 sovjetarar døydde i slaget om Operasjon Citadel/Kursk.

Det overveldande omfanget av sovjetiske tap overgår dei fleste amerikanarars fatteevne. Sovjetarane tredobla alle amerikanske tap på den europeiske scenen i berre eitt slag – Stalingrad. Likevel spreier Hollywood myten om at USA bar byrda av slaga som førte til Det tredje rikes undergang. Ikkje berre Hollywood.Straks etter erobringa av Berlin byrja USA og Storbritannia å te seg som om det var dei som hadde redda verda.

Vel, viss det er sant, korfor er i så fall amerikanarane og britane så tause på den store sigersdagen? Fordi dei ikkje måtte halde ut dei katastrofale tapa av menneskeliv som folka i Sovjetunionen måtte halde ut, særleg russarane. Det er derfor millionar av russarar marsjerte i dag og bar fotografi av sine bestefedre, bestemødre, oldefedre og oldemødre som tente og døydde i den kolossale kampen for å øydelegge nazistane. Arven etter offeret til dei som kjempa for 80 år sidan brenn framleis lyst i sjelene til det russiske folket.

Ikkje slik i Amerika. Ein betydeleg del av det amerikanske folket er uvitande:

American Council of Trustees and Alumni sleppte i dag eit spørreundersøkingsfunn om at amerikanarar lir av alvorleg historisk amnesi når det gjeld kunnskap om D-dagen. På 70-årsdagen for denne sentrale dagen, er det til og med folk med college-grad som manglar kunnskap om viktig historisk informasjon.

Fleirvalsundersøkinga fann at berre 54% av amerikanarar veit at Dwight Eisenhower var øvstkommanderande for dei allierte styrkane. Sjølv blant folk med college-utdanning var det 28% som ikkje kunne korrekt identifisere general Eisenhower.  Under halvparten av amerikanarane som vart spurde visste at Roosevelt var presidenten på den tida. Og 15% sa at D-dag-invasjonen skjedde i Pearl Harbor—inkludert ein av 10 med college-grad.     

Denne spørreundersøkinga vart tatt for 10 år sidan. Eg er sikker på at tala er verre i dag. Eg trur at det at dei ikkje hugsar historie korrekt og presist, delvis forklarer korfor amerikanarar er tilbøyelege til å støtte endelause krigar på andre kontinent. Men det og ein annan faktor. Amerika har aldri for alvor betalt med blodet sitt sidan Borgarkrigen. Krig er billig og ein flott måte å tene pengar på. Dei amerikanske mennene og kvinnene som har tenestegjort i kamphandlingar, er eit lite og synkande antal. 99,9% av amerikanarane har ikkje stått ved grava til ein fallen krigar.

Smedley Butler

Profittering på krig? Det er ei anna sak. Amerikanarar er verkeleg flinke til det svindelnummeret. Generalmajor Smedley Butler, som skreiv War Is a Racket i 1935, råka spikeren på hovudet:

Krig er eit svindelføretak. Det har det alltid vore. Det er kanskje det eldste, lett det mest profittable, visseleg det mest vondsinna. Det er det einaste av dei som er internasjonalt i omfang. Det er det einaste der profitten blir rekna i dollar og tapa i liv. Eit svindelføretak kan best skildrast, trur eg , som noko som ikkje er slik det ser ut for majoriteten av folket. Berre ei lita ‘innside’-gruppe veit kva det handlar om. Det blir ført til fordel for dei svært få, på bekostning av dei svært mange. Av krig skaffar nokre få folk seg gigantiske formuar. . . .

Eg hjelpte til med å gjere Mexico, spesielt Tampico, trygt for amerikanske oljeinteresser i 1914. Eg hjelpte til med å gjere Haiti og Cuba til ein anstendig stad for gutane til National City Bank å samle inntekter i. Eg hjelpte til med å valdta eit halvt dusin sentral-amerikanske republikkar til Wall Streets forteneste. Historia om svindel er lang. Eg hjelpte til med å reinse Nicaragua for det internasjonale bankhuset Brown Brothers i 1909-1912 (kor har eg før høyrd det namnet?). Eg bragte lys til Den dominikanske republikken for amerikanske sukkerinteresser i 1916. I Kina hjelpte eg med å sjå til at Standard Oil kunne halde fram uhindra.

Dagens Amerika er Alzheimers-generasjonen når det gjeld historie. Vi går for krig mot Russland, Iran og Kina utan eit snev av omtanke for tapet av menneskeliv og kapital som kan bli påført USA dersom landet realiserer sitt rovgriske, tåpelege begjær.

Eg heidrar dei amerikanarane som tenestegjorde under Andre verdskrig og alle dei påfølgande utlandsekspedisjons-fadesane. Namna til 58 000 amerikanarar dekorerer ein svart vegg i Washington, DC. Det store fleirtalet tenestegjorde ærverdig og døydde delvis fordi dei trudde på løgnene dei vart fora med av korrupte presidentar og medgjerlege medium. Mange av dei som følgde i forspora deira og tenestegjorde ærverdig i Irak, Afghanistan og Syria er offer for ei stor løgn. Dei kjempa ikkje for å slå ned isllamsk ekstremisme. Dei vart narra til å kjempe for å feite opp aksjeporteføljane til General Dynamics, Raytheon, Lockheed Martin og eit hopetal andre Beltway-bandittar. Krig er god forretning så lenge berre ein liten, ubetydeleg (og forakta) klasse av amerikanarar betaler prisen i blod.

At den svære majoriteten av amerikanarane sviktar i å minnast 9. mai, vil kome tilbake og heimsøke oss, er eg redd. Om vi ikkje finn ein måte å leve i fred med Russland, Kina og Iran på, er det lite sannsynleg at amerikanarane vil vere heldige og unngå massive tap. Eg håpar eg tar feil.

Omsett av Monica Sortland

Redaksjonen har lag til bilder m/tekst

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...