Derimot: Han kalles fortsatt «en trussel» fra Det Hvite Hus. Har retorikken overfor Trump betydning for drapsforsøkene? – Derimot

derimot.no:

Det kvite huset kallar Trump ein «trugsel» få dagar etter det andre attentatforsøket mot han

Steve Watson på nettstaden Modernity.news melder:

Pressesekretær i Det kvite huset, Karine Jean Pierre, stempla Donald Trump som ein «trugsel» tysdag [17.september 2024], berre to dagar etter eit andre attentatforsøk mot den tidlegare presidenten.

Då Fox News-reporter Peter Doocy stilte spørsmål ved å atter ein gong bruke den same retorikken som har ført til slike forsøk, vart Jean Pierre opphissa og kalla reporteren «farleg».

«Det er berre to dagar sidan nokon visstnok prøvde å drepe Donald Trump igjen, og du står her på podiet i briefing-rommet til Det kvite hus og kallar han ein trugsel,» sa Doocy.

Han la til: «Kor mange fleire attentatforsøk mot Donald Trump må til før presidenten og visepresidenten, og du, vel eit anna ord enn ‘trugsel’ for å skildre Trump?»

«Eg er faktisk heilt ueinig i premissen til spørsmålet ditt,» svarte pressesekretæren på sin vanlege maner, og la til: «Spørsmålet du stiller er òg utruleg farleg på den måten at du stiller det fordi det amerikanske folket sit og ser på.»

Karine Jean Pierre

Ho påstod deretter at Biden/Harris-administrasjonen har kravd å «lågne temperaturen», og la til: «og for deg å kome med ein slik kommentar i spørsmålet ditt, fordi spørsmålet ditt involverte ein kommentar og ei ytring, og, du veit, det er òg utruleg farleg.»

Ho gjekk deretter over til å snakke om at Trump stiller spørsmål ved valresultatet og 6.januar, og sa: «dersom det ikkje er ein trugsel mot demokratiet vårt, då det var ein av dei mørkaste dagane i demokratiet vårt – 6.januar, ein av dei mørkaste dagane – so kva er det då?»

Doocy svarte: «Der sit folk heime og ser på dette som kanskje går glipp av delen der du seier ‘Lat oss lågne temperaturen’. Der er mentalt ustabile menneske som prøver å drepe politiske kandidatar – som prøver å drepe Donald Trump – og dei høyrer at Det kvite huset framleis refererer til han som ein trugsel. Er der inga bekymring om dette?»

Jean Pierre gjekk igjen over til å snakke om 6.januar og erklærte «Eg går vidare.»

Absolutt utruleg.

Som vi [Modernity.news] har sett søkjelys på, har Demokratar, inkludert Biden og Harris, gjentekne gonger stempla Trump som ein trugsel, og endå meir etter det fyrste attentatforsøket. Andre har direkte kalla han ein fascist og samanlikna Trump med Hitler.

No er der påstandar om at ein eksplosiv gjenstand har blitt oppdaga av politiet utanfor Trump sitt rally i New York.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde: Guillaume de Germain

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...