Derimot: Fryktelig mange drepte og sårete ukrainere.Zelensky begynner å se den grufulle realiteten. – Derimot
derimot.no:
Nye tonar frå Ukrainas Zelensky
Sorry for å skuffe deg, viss du var på jakt etter eit innlegg om Biden/Trump-debatten. Eg såg på i nokre få minutt, og det var kort sagt ei horribel framsyning for Demokratar som støttar Biden. Ansiktsuttrykka hans minner meg om eit lite barn som har gått seg vill på eit travelt kjøpesenter. Panikk og forvirring lyser ut av dei tanketomme auga. Inga mengd leppestift kan pynte denne grisen; truleg vil det heller akselerere krava om at Joe skal trekke seg. Vi får sjå.
Det overraskar meg stort at ikkje følgande video av Zelensky får meir merksemd. Etter over to år med uforsonlegheit, har no herr Zelensky tydelegvis fått seg ein kald dusj av realitetane. Han innrømmer at Ukraina lir skrekkelege tap og ikkje kan vare mykje lenger. Eg trur ikkje dette er pønska ut. Sjølv om han framleis pushar sin daudfødde fredsplan, talar desperasjonen i røysta hans for seg sjølv. Mannen står på kanten, på veg mot full panikk. Eg lurer på om dei britiske veddemålsspekulantane kalkulerer oddsa for kor mykje lenger han vil bli verande i stillinga.
Og av god grunn. Ukraina lir massive tap langs heile kontaktlinja. Ifølge det russiske forsvarsdepartementet mista Ukraina i fjor rundt 800 menn om dagen, drepne og skadde. No? Tala er i overkant av 2000. Dette er ein uuthaldeleg tapsrate. Det hadde vore noko anna viss Ukraina hadde hatt 100 000 nye rekruttar under kamptrening, men rapportar som siv ut av landet indikerer at menn som blir hanka inn rett frå gata blir skyfla ut mot fronten utan meir enn tre-fire veker med opplæring, i beste fall. Eg tippar Zelensky har fått ei ærleg og usensurert briefing om realitetane på slagmarka, og han er synleg rysta.
Nima ringde meg på tysdag og bad om eit intervju med tanke på angrepa i Sevastopol og Dagestan.
No til det uvanlege. Tim Kirby er ein amerikansk statsborgar som flytta til Russland for 16 år sidan. Han stammar frå Cleveland og er ein glad ny statsborgar av Russland. Tim og eg drog til sigar-loungen då eg var i St. Petersburg og hadde ein avslappa samtale. Han har ein liten YouTube-kanal og bad om eit intervju med meg om erfaringa mi med CIA. Eg angrar ikkje på at eg gjekk inn i CIA. Eg lærde mykje om meg sjølv og om korleis etterretninga fungerer på innsida medan eg var der. Men eg angrar heller ikkje på at eg slutta der. Som Bob Baer og eg diskuterte i mitt nylege intervju med han, er CIA ein fange av byråkrati og vennetenester. Bob si siste bok, the Fourth Man, fortel utilsikta historia om eit CIA i uorden, snublande i forsøka på å spionere på Russland.
Ein interessant merknad om Tim — han speler profesjonelt i amerikansk fotball-ligaen i Russland. Tim er ein stor, sterk gut og ein offensiv linjemann. Det hadde vore verkeleg kjekt å reise tilbake til Russland for å sjå han spele.
Omsett av Monica Sortland
For Larrys saftige språk, som ikkje alltid er like lett å omsette til norsk, kan du lese originalartikkelen her: