Derimot: Forsøk på helsediktatur: WHO vil styre helsepolitikken i alle verdens land.

Derimot.no

derimot.no:

Denne artikkelen ble skrevet før forslaget ble avvist noen dager seinere av et flertall av FNs land. Det betyr ikke at planene blir oppgitt. Vi publiserer derfor denne artikkelen for å orientere folk hva «Big Pharma» helt sikkert fremover vil prøve seg på enda en gang.

Knut Lindtner
Redaktør

Av F. William Engdahl. Henta frå Global Research. Omsett og henta fra saksyndig. Innlegget vart fyrst publisert 22.mai 2022.

På initiativ frå Biden-administrasjonen vil Verdas helseorganisasjon (WHO) innan november 2022, beleileg nok ved byrjinga på influensasesongen på den nordlege halvkula, med mindre det skjer eit mirakel, tvinge på heile planeten ein hittil usett ovanfrå-og-ned-kontroll over nasjonale helseretningslinjer og tiltak.

I det som utgjer eit listig statskupp vil WHO få nye drakoniske fullmakter til å overstyre den nasjonale suvereniteten til 194 FN-medlemsland, og til å diktere deira helsetiltak i kraft av internasjonal lov.

Det er nokre gonger referert til som WHO sin Pandemitraktat, men det er mykje verre. Aller verst kjem mesteparten av WHO sitt budsjett frå private, vaksinetilknytte stiftingar slik som Gates Foundation eller Big Pharma, ein massiv interessekonflikt.

Drakoniske nye WHO-fullmakter

Å gjere noko med list tydar å gjere det på ein hemmeleg eller skjult måte, for å hindre at det blir vidt kjent og kanskje opponert mot. Dette gjeld forslaget gjeve av Biden-administrasjonen til Genève sitt WHO 18. januar 2022, ifølgje offisielle WHO-dokument. WHO gøymde detaljane til dei amerikanske «tillegga» i nesten tre månader, fram til 12. april, berre ein månad før det relevante organet i WHO møtest for å godkjenne dei radikale tiltaka. I tillegg, heller enn dei tidlegare 18 månaders ventetid for å bli ein traktat i internasjonal lov, er berre 6 månader brukt denne gongen. Dette har dei litt av eit hastverk med. Det amerikanske forslaget er støtta av kvart EU-land og totalt sikrar 47 land nesten sikker passasje.

Forslaga, med offisiell tittel «Strenghtening WHO preparedness for and response to health emergencies: Proposal for amendments to the International Health Regulations» [fritt omsett «Styrking av WHO sin beredskap for og respons på helsekriser: Forslag for tillegg til dei internasjonale helseretningslinjene»], vart sendt inn av assisterande sekretær for globale affærar (OGA) i det amerikanske departementet for helse og menneskelege tenester [Department of Health and Human Services], Loyce Pace, som «tillegg» til ein tidlegare ratifisert WHO-traktat om internasjonale helseretningslinjer frå 2005. WHO definerer 2005-traktaten som følgjande: «dei internasjonale retningslinjene (2005) (IHR) gjev eit overordna juridisk rammeverk som definerer land sine rettar og plikter i å handtere folkehelsehendingar og kriser som har potensial til å krysse landegrenser. IHR er eit instrument i internasjonal lov som er juridisk bindande for 196 land, inkludert dei 194 WHO-medlemsstatane».

glass walled building during daytime
EU er et overnasjonalt europeisk organ. Dette forslaget vil gjøre WHO til et overordnet globalt helseorgan. Alle land vil måtte bøye seg for deres diktat.

Frøken Pace kom til Biden-administrasjonen frå å leie det globale helserådet, der medlemmane inkluderer dei mest korrupte namna i Big Pharma inkludert Pfizer, Lilly, Merck, J&J, Abbott, Bill Gates-finansierte AVAC, berre for å nemne nokon. Hennar forslag for den radikale transformasjonen av WHO sine «pandemiske» og epidemiske fullmakter kunne lett ha blitt skrivne av Gates og Big Pharma.

Før vi ser på kva Loyce Pace-«tillegga» vil gjere for å myndiggjere forvandlinga av WHO til eit globalt helsediktatur med hittil usette fullmakter til å overstyre vedtaka til kva som helst slags nasjonale regjeringar, må vi leggje merke til eitt listing juridisk problem. Ved å skjule ei fullstendig forvandling av WHO sine 2005-traktarfullmakter som berre «tillegg» til ein ratifisert traktar, påstår WHO, saman med Biden-administrasjonen, at godkjenninga av tillegga ikkje krev nokon ny debatt om ratifisering av medlemsregjeringane. Dette er list. Med ingen nasjonal debatt av valde representantar, vil det ikkje-valde WHO bli ei global supermakt over liv og død i framtida. Washington og WHO vil med vilje ha lagt føringar på prosessen rundt offentleg deltaking for å få gjennomslag for dette.

Ei de facto ny lov

Som kravd publiserte WHO omsider dei amerikanske «tillegga». Det viser slettingane so vel som dei nye tillegga. Det Biden-administrasjonen sine endringar gjer er å forvandle ei tidlegare rådgjevande WHO-rolle til nasjonale regjeringar ikkje berre på pandemiske responsar, men òg alt knytt til nasjonal «helse», med ei heilt ny makt til å overstyre nasjonale helsebyrå dersom WHO sin generalsekretær, no Tedros Adhanom, avgjer det. Biden-administrasjonen og WHO har gått saman om å skape ein heilt ny traktat som vil flytte alle helseavgjerder frå eit nasjonalt eller lokalt nivå over til Genève, Sveits og WHO.

Loyce Pace - Wikipedia
Loyce Pace, Biden-regjeringens helsepolitiske budbringer

Noko som er typisk for Washington-tillegga til den eksisterande WHO-traktaten er artikkel 9. Den amerikanske endringa er å setje inn at WHO «skal» og slette «kan»: «Dersom statsparten ikkje aksepterer tilbodet om samarbeid innan 48 timar, skal WHO…» I den same artikkelen er det no sletta «tilbodet om samarbeid av WHO, med omsyn til synet til statsparten…» Synet eller vurderingane til, lat oss seie, Tyskland eller India, eller amerikanske helseautoritetar, blir irrelevant. WHO vil bli i stand til å overstyre nasjonale ekspertar og diktere som internasjonal lov sine mandat for kvar og ein framtidig pandemi, so vel som til og med epidemiar og lokale helseproblem.

I den nye føreslegne Artikkel 12 om «Avgjerda om ei offentleg helsekrise av internasjonal bekymring, folkehelsekrise av regional bekymring, eller helsealarm på mellomnivå,» kan WHO sin noverande leiar Tedros i sitt 5-årsembete – åleine – bestemme seg for å erklære ei krise, sjølv utan at medlemsstaten er einig.

WHO-leiaren vil deretter konsultere med sin relevante WHO-«krisekomité» om polio, ebola, fugleinfluensa, Covid eller kva enn dei erklærer som eit problem. Kort fortalt er dette eit globalt diktatur over borgarhelsa av eit av dei mest korrupte helseorgana i verda. Medlemmane av kvar ein WHO-krisekomité blir valde under ugjennomsiktige prosedyrar og typisk, som i den pågåande om polio, er mange medlemmar knytte til dei ymse Gates Foundation-fasadane slik som GAVI eller CEPI. Likevel er valprosessen fullstendig ugjennomsiktig og intern for WHO.

Blant andre fullmakter vil den nye Pandemitraktaten gje Tedros og WHO makt til å påby vaksinepass og Covid-sprøyter over heile verda. Dei arbeider med danninga av eit globalt vaksinepass/digital identitetsprogram. Under den nye «Pandemitraktaten» er det inga ansvarleggjering om folk blir skadde av WHO sin helsepolitikk. WHO har diplomatisk immunitet.

Tidlegare WHO-seniormedarbeidar og varslar, Astrid Stuckelberger, for tida ei vitskapskvinne ved Institutt for global helse ved det medisinske fakultet ved universitetet i Genève, sa:

«dersom den nye Pandemitraktaten blir innført av medlemsstatar, ‘tydar dette at WHO si grunnlov (per Artikkel 9) vil ta presedens over kvart land si grunnlov under naturkatastrofar eller pandemiar. Med andre ord, vil WHO diktere til andre land, i staden for å kome med tilrådingar.»»

Kven er WHO?

Generaldirektøren i WHO vil ha den ultimate makta under dei nye reglane, for å til dømes bestemme at, lat oss seie, Brazil, Tyskland eller USA må innføre Shanghai-liknande pandemiske nedstengingar eller andre tiltak dei [WHO] bestemmer. Dette er ikkje bra.

WHO | World Health Organization
Mange tror at WHO er en ideell organisasjon som arbeider for vårt felles beste. Den er tvert imot «Big Pharma» sit helseinstrument.

Spesielt når leiaren for WHO, Tedros, frå Tigray-regionen i Etiopia, er tidlegare medlem av Pulitburo i den sokalla (av Washington i si tid) terrorist-marxist-organisasjonen Tigray People’s Liberation Front. Han har ingen medisinsk grad, den fyrste i rekkja av WHO generalsekretærar som ikkje har det. Han har ein doktorgrad i samfunnshelse, definitivt eit vagt felt, knapt nok dei medisinske kvalifikasjonane for ein global helse-tsar. Blant hans publiserte vitskaplege artiklar er titlar à la «Effektane av demningar på malariasmitte i Tigray-regionen». Han fekk visstnok sin jobb i WHO i 2017 via støtte frå Bill Gates, den største private donoren til WHO.

Som etiopisk helseminister i det Tigray-leia diktaturet, var Tedros involvert i ei skandaløs overdekking av tre større kolerautbrot i landet i 2006, 2009 og 2011. Ein etterforskingsrapport publisert av Society for Disaster Medicine and Public Health fann ut at under eit større kolerautbrot, «Trass laboratorieindentifisering av V cholerae som årsaken til den akutte vasne diaréen, valde Etiopia si regjering (Tedros) å ikkje erklære eit ‘kolerautbrot’ i frykt for økonomiske konsekvensar som eit resultat av handlesembargo og minke i turisme. Vidare, i strid med internasjonale helseretningslinjer, nekta regjeringa vidare å erklære koleraepidemi og takka i stor grad nei til internasjonal assistanse

Sidan den etiopiske helse- og seinare utanriksministeren Tedros vart skulda for systematisk etnisk reinsing mot rivalstammar i landet, spesielt Amharas, nekta opposisjonelle støttespelarar bistand frå World Bank og annan mathjelp, so vel som nepotisme, avleiing av internasjonale fond for bygging av sjukehus til politisk støtte for sitt mindretalsparti. Ironisk er dette det motsette av den nye WHO-lova som Tedros støttar i dag. 22.september 2021 føreslo Merkel Tedros for ein ny periode [som WHO-leiar] utan opposisjon.

WHO, Gates, GERM

Eit hint om kva som er i gjære under dei nye reglane vart gjeve av WHO sin største donor (inkludert hans GAVI), den sjølverklærte «globalist-alt-tsaren», Bill Gates. I sitt blogginnlegg frå 22.april føreslo Gates noko som artig nok hadde akronymet GERM [germ = sjukdomsskapande mikroorganismar; oms.an.] – Global Epidemic Response and Mobilization-teamet. Det vil ha ei «permanent organisering av ekspertar med full lønn og som er førebudde til å byggje opp ein koordinert respons til eit farleg utbrot når som helst.» Han sa at modellen hans for dette er Hollywood-filmen Outbreak.

«Teamet sine sjukdomsovervakingsekspertar vil vere på utkik etter potensielle utbrot. So fort dei ser eit, burde GERM ha evna til å erklære eit utbrot…» Det vil bli koordinert av, naturlegvis, Tedros sitt WHO: «Arbeidet vil bli koordinert av WHO, den einaste gruppa som kan gje det globalt truverd

Ei dystopisk aning av kva som kan finne stad er den noverande falske «fugleinfluensa»-epidemien, H5N1, som forårsakar fleire titals millionar fjørfe å bli avliva over heile verda sjølv om berre éin av dei testar positivt for sjukdommen.

Testen er den same bedragerske PCR-testen som er brukt for å fange opp Covid-19.

Nyleg gav dr. Robert Redfield, Trumps CDC-leiar, eit intervju der han «spådde» at fugleinfluensa vil hoppe over til menneske og bli høgst dødeleg i den komande «Store pandemien», der Covid-19 berre var oppvarming.

Redfield erklærte i eit interju i mars 2022:

«Eg trur vi må innsjå – eg har alltid sagt at eg trur Covid-pandemien var ein vekkjar. Eg trur ikkje det er den store pandemien. Eg trur at den store pandemien enno ligg i framtida, og det kjem til å bli ein fugleinfluensa for menneske. Det kjem til å ha betydeleg dødelegheitsrate på rundt 10-50%. Det kjem til å bli bråk.»

Under dei nye diktatoriske fullmaktene, kan WHO erklære ei helsekrise på grunnlag av eit slikt bedrag, trass evidens som seier det motsette.

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 1

Les artikkelen direkte på derimot.no