Derimot: Data fra Alberta. Jo flere vaksiner desto flere sykehusinnleggelser.

derimot.no:

Data fra Alberta.

Overdødelegheita i Alberta overstig 10 000 – bevis for dekkoperasjon frå styresmaktene si side

Del IV: Dekkoperasjonar rundt skadar og død grunna COVID-19-vaksinar må etterforskast

av Dr. William Makis

Global Research, 13. februar, 2023

COVID Intel 12. februar, 2023

Styresmaktene i den kanadiske provinsen Alberta sensurerte & skjulte alle data om COVID-19-vaksineskadar på immunsystemet til dei dobbelt-vaksinerte(Del 1), at den første COVID-19-boosterdosen slo feil (Del 2), og meir skade på immunsystemet til dei trippelvaksinerte (Del 3).

Eg har ikkje ein gong starta på COVID-19-vaksineskadene som er påført studentar ved universitet og høgskular, ungdom, barn, nyfødde, gravide kvinner, legar, sjukepleiarar og andre tilsette i helsevesenet. Det kjem seinare.

Skadar på immunsystemet etter vaksinering mot COVID-19, er dose-avhengig (fleire dosar gir meir skade)

Ein ny studie av 51 011 tilsette ved Cleveland Clinic, viste at dei med fleire dosar av COVID-19-vaksinen hadde høgare sannsyn for å få COVID-19-infeksjon enn dei med færre eller ingen, og at denne risikoen auka over dei første 100 dagane etter vaksineinjeksjonen (klikk her).

Eg har sett dette mønsteret før. Ja, dei dataa som styresmaktene i Alberta permanent sletta i januar 2022, viste at dei dobbeltvaksinerte hadde større sjanse for infeksjon med COVID-19 di lenger tid som gjekk etter deira andre vaksinedose:

Det er nesten same mønster for dei første 100 dagane. Sjølv om dataa til Cleveland-klinikken stoppar der, så viste Alberta sine data at vaksineskaden på immunsystemet heldt fram dei første 8 månadane (240 dagar), før dei dobbeltvaksinerte byrja å delvis friskne til frå skadane sine på immunsystemet.

Innbyggarane av Alberta hadde rett på FULL tilgang til dataa for dei 0x, 1x, 2x, 3x, 4x, 5x-vaksinerte hittil.Vi har aldri sett dei for dei 3x, 4x, and 5x-stukne.

Det beste vi fekk frå Alberta-styresmaktene var eit kort glimt av data som viste at dei trippel-vaksinerte hadde høgare ratar av COVID-19-infeksjon enn dei dobbeltvaksinerte (klikk her) og regjeringa sørga for å få sletta dei dataa den 23. mars, 2022 (klikk her):

Under denne tida (mars 2022) viser data også frå UKHSA (UK Health Security Agency, som vart grunnlagt 1. april, 2021 og tok over ansvaret til Public Health England for folkehelsevern og kapasitet smittevern. Ligg under Departementet for helse og sosialomsorg, mrk.) dette same forholdet mellom fleire sprøyter og høgare COVID-19-infeksjonsrate, fint oppdelt etter aldersgrupper (klikk her):

Dei trippelvaksinerte var den mest immunskadde gruppa i alle alderskategoriane, og hadde den høgaste infeksjonsraten i alle alderskategoriane.

La oss legge til den siste biten: dei kvadruppel-vaksinerte. Vi har ingen data frå Alberta, men vi har data frå Australia. Dei er som forventa. Dei kvadruppel-vaksinerte ligg på toppen for sjukehusinnleggingar og dødsfall over heile linja (klikk her). Det er ikkje ein gong ’close race’.

Alberta’s “Pandemic of the Triple vaccinated”: Excess Deaths Surge Past 10,000 — Evidence of Government Cover-up

COVID-19-vaksineindusert immunskade var kjent:

Alberta-styresmaktene må ha visst om forskninga som viste breidda og variasjonen på immunsystemskadar forårsaka av COVID-19-vaksinane (utover ein auka risiko for infeksjonar). Døme: Chen et al, “New-onset autoimmune phenomena post COVID-19 vaccination” (nye autoimmune fenomen etter COVID-19-vaksinasjon) vart publisert på nett den 7. januar, 2022 (klikk her).

Ein annan studie publisert på nett den 5. juni, 2022: Yamamoto, “Adverse effects of COVID-19 vaccines and measures to prevent them” (Alvorlege biverknadar av COVID-19-vaksinar og tiltak for å hindre dei), fekk det til å gå av mange alarmar om skadar på immunsystemet til dei vaksinerte (klikk her):

Bodskapen kunne ikkje ha vore tydelegare: «hyppige COVID-19-boosterinnsprøytingar kan ha skadeleg effekt på immunresponsen, og er kanskje ikkje tenlege … Som sikkerheitstiltak bør vidare booster-vaksinasjon stoppast.»

Frå post-COVID-19-vaksineskade på immunsystemet til dødstal som skyt i veret

Ijuli 2022 var det klart at dei trippelvaksinerte uforholdsmessig ofte døydde av COVID-19, men kva med ikkje-COVID-19-dødsfall? Kva med dei 3362 innbyggarane av Alberta som døydde av «ukjende årsaker» i 2021? (klikk her). Kva med dei ekstra 4000+ døde Albertarane i 2022? I ein provins der obduksjonar er nesten forbudt, fekk vi ingen svar. Det faktum at styresmaktene til denne dag har nekta å granske desse dødsfalla bør ikkje overraske nokon – det er berre endå ein dekkoperasjon i ei lang rekke av dekkoperasjonar. Det minner meg verkeleg på korleis sjefane i Alberta Health Services opererer: når dei har gjort eit brotsverk, held dei fast ved det.

COVID-stikk = auka dødelegheit; fleire stikk = fleire overskytande dødsfall

I desse dagar verkar det som at kor du enn ser, finn du nye bevis for betydeleg auka dødelegheit blant dei vaksinerte:

  1. UK data (2022) (kjelde: Forsikringselskapsanalytikaren Josh Stirling sitt vitnemål framfor US Senate: Vaksinerte hadde 26% høgare dødelegheitVaksinated under 50 år hadde 49% høgare dødelegheit (klikk her)
  2. England (2022) (kjelde: Daily Sceptic) (klikk her) Område av England med høgare vaksinasjonsrate hadde fleire overskytande dødsfall
  3. Israel, Australia, India (kjelde: Denis Rancourt, et al.) (klikk her) Vaksine-dose-dødsrate på opptil 1% i AustraliaVaksine-dose-dødsrate på 1% i IndiaVaksine-dose-dødsrate på opptil 0.6% i Israel
  4. US data (2021) (kjelde: Steve Kirsch, Medicare database (klikk here) Dose nummer 1 aukar risikoen din for å døy med 20%Dose #2 aukar risikoen din for å døy med 20%Dose #3 aukar risikoen din for å døy med10%
  5. Tyskland (2021-22) (kjelde: Kuhbandner et al.) (klikk her) 100 000 overskytande dødsfall i alderen 15-79 startar å akkumulere frå april 2021 og utover(vaksine-utrulling)
  6. Verda (2022) (kjelde: Alex Berenson) (klikk her) 1 000 000 overskytande dødsfall i land som mest har brukt mRNA-vaksinen mot COVID-19.

Konklusjon

Til å vere den dødelegaste dekkoperasjonen i Albertas historie, var den heller slurvete utført. Albertas Public Health-sjef dr. Deena Hinshaw var truleg letta over å få sparken; ho har eigentleg ikkje toet i seg til kriminalitet på eit slikt nivå. Ho søker asyl i British Columbia, der BC NDP-regjeringa vil forsvare ho.

Visesjefane hennar, dr. Jing Hu (ein respirolog frå Wuhan, China) og dr. Rosana Salvaterra sa opp jobben (klikk her) og ingen veit kor dei no er. I det minste fekk dei valuta for pengane for sitt harde arbeid og lange netter med å slette COVID-19-vaksineskadedata frå offentlege nettsider.[?]

Administrerande direktør for Alberta Health Services, dr. Verna Yiu, som var kjelda for mange kompromitterte og manipulerte pandemidata, fekk fyken ut ei svingdør og rett inn i ein $700,000+ jobb som ny visepresident for University of Alberta (klikk her). Ho skriv framleis arrogante, hyklerske og tonedauve kommentarar på Twitter om leiarskap, ærlegheit og integritet.

Folket i Alberta fortener etterforskning og strafferettslege søksmål mot desse leiarane av helsevesenet som gav dei så mange lidingar. Eg mistenker at vi ikkje får sjå noko av det.

*

Featured image is from NaturalNews.com


Omsett av Monica Sortland

Originalkjelda for denne artikkelen: COVID Intel

Copyright © Dr. William MakisCOVID Intel, 2023

Forsidebilde: Lexica

18 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 18 ganger.

Post Views: 57

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...