Derimot: Før eller siden må USA ut. Midt-Østen er tapt for USA uten ny politikk.

Derimot.no

derimot.no:

Angrep på illegale US-amerikanske militærbasar i Syria

Dronar har denne veka angripe ein sovesal i hjelpetroppsfasilitetane til USA sin militærbase i Kharb el-Jir, nær Hasaka. Det som sannsynlegvis var eit Iran-støtta milits-angrep, tok livet av ein US-amerikansk kontraktør og såra fem soldatar og ein annan kontraktør. Pentagon meinte desse dronane var iransk-produserte. USAs president Joe Biden har gitt ordre til luft-presisjonsangrep i austre Syria mor fasilitetar brukt av grupper han ser på som «tilknytte» Revolusjonsgarden.

Nærværet til US-amerikanske soldatar i Syria er illegalt og bryt mot Folkeretten. USA sine styrkar er meint å kjempe mot IS. I realitete støttar dei dei hovudsakleg kurdiske leigesoldatane til Dei syriske demokratiske styrkane (SDF), som danna ein autonom stat under namnet Rojava. Dei paralyserer korn-produksjonen, men utbyttar oljebrønnar. Inntektene blir delte i to like delar. Den første går til kurdarane i PKK/YPG, den andre til CIA, som brukar dei til å finansiere sine hemmelege operasjonar rundt om i verda, utan å måtte rapportere om det til Kongressen. I mange månadar har Russland prøvd å gjennopprette venlege relasjonar mellom Syria og Tyrkia, for å drive ut PKK samtidig som dei garanterer tryggleiken til det kurdiske folket. Og under dei siste tre vekene har Kina arbeidd i same retning, med håp om å sikre at «Silkevegen» skal kunne gå igjennom denne regionen.

US-basene i Syria er en blodsuger av landets økonomi.

Nærværet av USA-troppar gjer at Syria får ein alvorleg og skadeleg mangel på jordbruks- og oljeinntekter. Leiaren for den Republikanske Senat-minoriteten, Mitch McConnell, ispørresette straks den føreslåtte annulleringa av dei to Authorization for Use of Military Force (frå 1991 og 2001). Men dei vart annullerte av Senatet.

Kharb el-Jir-angrepet viser at den folkelege motstanden har greidd å slå det høgteknologiske overvakingssystemet som inkluderer radarar, infraraudt kamera og eit luftvernsystem som USA har sett opp på alle sine basar i Syria og Midtausten. Frå no av er alle US-amerikanske styrkar i regionen i fare.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

Voltaire, International Newsletter – N°34 – 31 March 2023 

Les artikkelen direkte på derimot.no