Derimot: For å unngå rasisme? Kriminelle utlendinger blir registrert som tyskere. – Derimot
derimot.no:
Tysk politibetjent varslar: «Vi blir tvinga til å registrere kriminelle innvandrarar som ‘tyskarar’ i statistikken!»
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Når det gjeld koplinga mellom kriminalitet og innvandrarar frå enkelte land, går det føre seg det som mildt sagt kan kallast sminking av sanninga. Dersom gjerningsmannen er innvandrar og offeret innfødd, blir det etniske opphavet til gjerningsmannen systematisk skjult. Om forholdet er omvendt (innfødd gjerningsmann og innvandrar-offer), blir det full eksponering i media av identiteten til den kvite gjerningsmannen. Dette kan kallast systemisk, omvendt rasisme. Dette er tilfellet i dei fleste vestlege land, inkludert Tyskland. No har den politiske redaktøren i Die Welt fått eit vitnesbyrd frå ein politibetjent som bekreftar mistanken: politiet får instruksar om å registrere kriminelle innvandrarar som tyskarar.
Remix News melder (Saksyndig si omsetjing):
«Ein senior-politibetjent frå Bonn har varsla om det han skildrar som eit skrikande gap mellom den reelle kriminaliteten i tyske gater og kva som dukkar opp i offisiell statistikk.
Vitnesbyrdet hans vart publisert i ein kommentar av politisk redaktør Till-Reimer Stoldt i Die Welt. Betjenten, som fekk pseudonymet ‘Bernd’, har jobba i politistyrken i 30 år.
I ein lengre samtale med Stoldt, sa han at kriminalitet hadde blitt ‘mykje meir innvandrar-orientert’ sidan 2015, men dette var knapt synleg verken i politirapportar eller i media. ‘Dei snakkar for det meste berre om ‘menn’,’ forklarte han, og la til at utelatinga ‘verkeleg bekymrar’ han og hans kollegaer.
Ifølgje Welt-artikkelen, skildra Bernd tilfelle av seksuelle overfall på konsertar og i symjebasseng, og førekomstar av brutal gatevald, der ‘gjerningsmennene alltid var utlendingar’. Likevel, sa han, blir nasjonaliteten deira nesten aldri offentleggjort. ‘Noko stemmer ikkje. Og mange av kollegaene mine deler denne kjensla,’ fortalde han til Stoldt.
Artikkelen trekkjer merksemd til offisielle kriminalitetstal som ser ut til å vere i strid med oppfatningar på fasadenivå. Politikriminalitetsstatistikken (PKS) for 2024 viste at 34,5% av alle mistenkte i landet (ekskludert immigrasjonsbrotsverk) var utlendingar, som òg utgjorde nesten 40% av mistenkte i valdskriminalitetssaker. Dette til trass for at utanlandskfødde individ berre utgjer 16% av befolkninga. Men Bernd argumenterte at desse tala framleis underdriv problemet, sidan mistenkte med dobbel statsborgarskap nesten alltid blir registrerte som berre ‘tyske’.
Han forklarte korleis politiet må fylle ut to nasjonalitetsfelt når dei registrerer mistenkte. Likevel dukkar berre den fyrste nasjonaliteten opp i statleg og føderal statistikk.
‘I enkelte tilfelle var dette karar som snakka arabisk til kvarandre heile tida. Det einaste dei sa på tysk var ‘jævla tyskar’ – til meg. I byrjinga skreiv eg ned den ikkje-tyske nasjonaliteten i det fyrste feltet,’ hugsa Bernd, ‘men desse papira vart straks sendt i retur til meg – saman med ein beskjed frå min overordna der det stod at eg måtte registrere ‘tysk’ som den fyrste nasjonaliteten, slik at det dukka opp i statistikken. Eg hadde ikkje ord… skal eg liksom registrere dei som tyskarar? Det får meg til å kjennast ut som ein løgnar!’
Innanriksministeriet har bekrefta at i 2024 hadde ein av seks mistenkte med tysk pass òg eit andre pass. Med tanke på at doble statsborgarskap utgjer mindre enn 10% av befolkninga, antydar dette ein uproporsjonal representasjon innan kriminalitet.
Kommentaren set òg søkjelys på effekten dette har på moralen innåt i politistyrken. ‘Yngre kollegaer spesielt er stundom redde for å snakke om utanlandske gjerningspersonar,’ sa Bernd. ‘Forbrytarar, la han til, utnyttar denne vegringa ved å spele ‘rasismekortet’ når dei blir konfronterte. Han skildra eit samanstøyt med ein ung man som spytta på bakken og kveste ‘rasist’ etter å ha fått ein reprimande.
Som respons på slike bekymringar har Herbert Reul (CDU), innanriksminister i Nordrhein-Westfalia, erklært at frå no av skal alle nasjonalitetane til mistenkte bli talde med og publisert i statistikken til delstaten. ‘Andelen ikkje-tyske mistenkte vil difor auke der. Det gjev meining,’ skreiv Stoldt. ‘Om ei gruppe gjerningspersonar dukkar opp uproporsjonalt ofte, er der eit problem. Men ein kan berre løyse noko om det blir definert som eit problem.’
Dei grøne og SPD har skulda Reul for å ‘nøre opp til nag’ og rasisme med retningslinje-endringa, men Stoldt insisterer at dette undervurderer folket. ‘Folket er ikkje so trege i topploket,’ skreiv han. ‘Utlendingar flest er naturlegvis ikkje kriminelle. Av 14,1 millionar, var rundt 913 000 mistenkte for brotsverk i 2024. Kvifor skulle folket vere for trege i oppfatninga til å innsjå av det overveldande fleirtalet av utlendingar ikkje er kriminelle – sjølv om dei uproporsjonalt ofte utfører kriminelle handlingar?’
Kommentaren konkluderer med å oppmode til tillit både hjå folket og politiet. Politiprestar, skreiv Stoldt, har bekrefta at betjentar blir trena opp til å skilje mellom ein kriminell minoritet og den lovlydige majoriteten. ‘Kanskje SPD og Dei grøne no berre treng å lære seg å stole på politiet og borgarane lite grann meir,’ skreiv han.»