Derimot: Paven er død. Gjorde han noe meningsfullt for freden? – Derimot
derimot.no:
Er det katolske leiarskapet i Roma mest opptatt av å preike om verdskriser, eller gjer dei faktisk noko meiningsfullt?
Av Larry Johnson

Under intervjua mine i dag med Nima og med Judge Napolitano, vart eg beden om å kommentere pave Frans sin død. Når det gjeld det å vere ei kraft for fred i verda, trur eg pave Frans var ein fiasko, spesielt gjennom dei siste tre åra av livet sitt. Då styresmaktene i Ukraina gav seg i kast med å forfølge austleg-ortodokse kristne, la pave Frans fram nokre få fråsegner som fordømde Zelensky-regjeringa si forfølging av den ukrainske ortodokse kyrkja. Det var bra. Men orda vart ikkje følgde opp med konkret handling. Paven kunne ha sendt høgtståande embetsmenn frå Vatikanet til Kiev for å møte Metropolitan Pavel, som er abbeden i klosteretf Kyiv-Pechersk Lavra og vart arrestert av ukrainsk politi. Han kunne til dømes ha tilrådd Vatikanets myndigheiter å kalle inn til ein konferanse om religionsfridom i Ukraina. Eg skiller mellom det å kome med fordømmande fråsegner, slik han gjorde, og det å faktisk gjere noko som både er symbolsk og djervt, noko han ikkje gjorde.
Eg meiner og at pave Frans sin respons på folkemordet i Palestina var upassande. Rett nok la han offentleg fram kraftige fråsegner med krav om etterforsking for å avgjere om det var eit folkemord og fordømming av drapa på hjelpearbeidarar, journalistar og helsepersonell. Men også dét var berre snakk. Det fanst konkrete tiltak som pave Frans kunne ha gjort. Om han hadde vore yngre, kunne han ha leidd ein delegasjon til Israel for å møte palestinske kristne leiarar. Når han var så skrøpeleg, var det umogleg, men han kunne ha sendt av garde høge Vatikan-geistlege. Det skjedde ikkje.
Eg kom med ein spydig kommentar under samtalen med Judge, der eg antyda at Vatikanets mangel på konkrete tiltak stemde overeins med det dei gjorde under Andre verdskrig. Den kommentaren vekte noko motstand blant nokre av lesarane mine, så eg vil legge fram nokre historiske kjensgjerningar, slik at de kan forstå korfor eg sa det eg sa.

La meg presisere: eg kritiserer leiarskapet i den katolske kyrkja, ikkje katolikkar generelt. Mange katolikkar døydde i kampen mot nazistane. Eit av dei beste døma er avlidne pave Johannes Paul, som då han var nyordinert prest under Andre verdskrig handla heroisk og ærerikt. Då han av ein katolsk familie vart beden om å døype ein jødisk gut (Stanley Berger) som dei skjulte for nazistane, så nekta Karl Wojtyła i respekt for gutens jødiske identitet, og han forsøkte også å gjenforeine guten med hans jødiske slektningar i USA.
Det same gjeld i dag. Det finst mange individuelle katolikkar som risikerer liva sine og gjer djerve ting for å motverke vondskapen i Ukraina og Palestina. Det er ikkje dei eg har problem med. Eg ser på mennene som sit med ansvaret, som har makt og innflytelse som overgår det einslege individ kan gjere. Min kritikk av pave Frans for ikkje å ha gjort nok for å handtere krigane som fortærer millionar, er ikkje retta mot han personleg. Eg fordømmer den katolske Djupstaten. La oss sjå nærare på spørsmål rundt rolla til den katolske kyrkja i tilrettelegginga av flukten til nazistiske krigsforbrytatat.
Oversikt over Rottelinjene:
Etter Andre verdskrig rømde tusentals nazistar og fascist-kollaboratørar frå Europa ved hjelp av hemmelege fluktruter kjende som «rottelinjer». Desse rutene, som først og fremst førte til sør-Amerika (særleg Argentina, Brasil, Chile, Paraguay og Uruguay), vart støtta og – i visse fall – organiserte av medlemmar av den katolske kyrkja i Roma.
Sentrale katolske karakterar og mekanismar:
- Biskop Alois Hudal: Ein austeriksk biskop med base i Roma, Hudal var ein sentral figur i organiseringa av rottelinjene. Han brukte innflytelsen og ressursane som rektorstillinga ved Det pavelege teutoniske kollegium medførte til å forsyne nazi-toppar med falske reisedokument, økonomisk assistanse og trygge hus. Hudal rasjonaliserte gjerningane sine som humanitære, men det er bevist at han var motivert av antikommunistiske kjensler og personlege ideologiske sympatiar.
- Fader Krunoslav Draganović: Som kroatisk prest leia Draganović eit sofistikert rottelinjenettverk frå San Girolamo degli Illirici Seminary i Roma. Nettverket hans fokuserte på hjelp til kroatiske Ustasja-krigsforbrytarar, men han assisterte også andre nazistar. Seminaret gav ly, og Draganović og hans medarbeidarar arrangerte for dokumentasjon og passasje til Sør-Amerika, ofte via Genova.
- Vatikanets statssekretariat og Malteserordenen: Vatikanet statsskretariat brukte sine diplomatiske relasjonar og nettverk av prestar, inkludert medlemmar av Malteserordenen, til å legge til rette for flukten til høge nazi-tenestemenn. Desse nettverka skaffa til vege falske identifikasjonspapir og reisedokument, ofte i kollaborasjon med Den internasjonale Raudekrossen (ICRC, Røde kors).
Omfang og motivasjon for katolsk involvering:
- Institusjonell medverknad: Sjølv om nokre kyrkjefolk handla uavhengig, på eige initiativ, er det bevist at Vatikanet – via sine ulike kontor og humanitære organisasjonar – medvite assisterte nazistiske rømlingar. Vatikanets Fyktning-kommisjon gav t.d. falske ID-papir til krigsforbrytarar.
- Anti-kommunistisk motiv: Mange i det katolske hierarkiet såg på tidlegare nazistar som potenielle allierte i kampen mot spreiinga av kommunisme i etterkrigstidas Europa og Latin-Amerika. Denne ideologiske innrettinga var ein viktig faktor i viljen til å hjelpe flyktningar.
Humanitære påskot:
Nokre av kyrkjas tenestemenn rettferdiggjorde gjerningane sine som ein del av ein breiare innsats for å hjelpe fordrivne personar og flyktningar i det kaotiske etterkrigs-Europa. Men historikarar har dokumentert at hjelpa ofta var selektiv og medvite også gitt til individ som var skulda for krigsbrotsverk.
Omfang og verknad:
- Tal: Estimat antyder at så mange som 10 000 nazistar og kollaboratørar rømde frå Europa via rottelinjer, der den katolske kyrkja som spelte ei avgjerande rolle i flukten deira.
- Nokre av dei som naut godt av det: Høgprofilerte krigsforbrytarar som t.d. Franz Stangl, Josef Mengele, Klaus Barbie og Ante Pavelić brukte desse nettverka til å sleppe unna straff og busette seg i Sør-Amerika.
Naturen til Vatikanets involveing:
- Direkte ordrar versus desentraliserte tiltak: Historikarar diskuterer om det var direkte ordrar frå paven eller Vatikan-hierarkiet, eller om det dei gjorde var meir desentralisert og spontant blant sympatisk innstilte geistlege. Rotterutene ser ut til å ha vore ein kombinasjon av begge, der visse operasjonar mottok stillteiande godkjenning eller indirekte støtte frå høgare rangerte Vatikan-tenestemenn, medan andre var på initiativ frå individuelle prestar.
- Hemmeleghald og fornekting: Vatikanet og tilknytte organisasjonar har ofte nekta for eller bagatellisert si eiga involvering, og det fulle omfanget av kyrkjas rolle er framleis delvis skjult på grunn av avgrensa tilgang til arkiv og at historikarane framleis debatterer det.
Den ekte skurken her er det religiøse byråkratiet, som er eit spegelbilde av det korrupte statsbyråkratiet som kontrollerer politikk og tiltak i USA og i Europa. Eg håpar etterfølgaren til pave Frans blir yngre, friskare og djervare. Éin ting er det å sitte trygt inne i Vatikanet og preike om vondskapen i verda utanfor. Noko heilt anna er det å gjer noko konkret. Når eg kriv dette blir folket i Palestina nekta mat og medisinar. Verdsleiarane gjer ingenting for å stoppe det. Eg seier ikkje at katolikkane bør ha hovudansvaret for dette. Slett ikkje. Leiarane av alle religiøse organ bør gjere meir enn å berre sende ut strenge protestbrev.
Okay. Her er samtalane mine i dag med Nima og med Judge Napolitano.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebildet er KI-generert