Derimot: Får et land besøk av «madame trøbbel», Victoria Nuland, da smeller det gjerne i ettertid.»Det følger død i hennes fotspor.
derimot.no:
Med Victoria Nuland følger død kor ho enn går, enten det gjeld Ukraina eller Sudan
Av Joe Hoft, kolozog
Døden ser ut til å følge Victoria Nuland same kor ho går. Enten det er i Ukraina eller i Sudan, døyr folk.
Victoria Nuland var kjend som jordmora av Maidan – frontfiguren til Obama/Biden som indirekte dreiv fram kuppet i Ukraina i 2013-14.
Statskuppet i Ukraina 2014
Etter valdelege hendingar i samband med Maidan-revolusjonsprotestane, fjerna Ukrainas parlament president Viktor Janukovitsj i februar 2014 og erstatta han med Petro Porosjenko. Den ekspederte Janukovitsj var ein eksistensiell trussel fordi hans venlege relasjonar med Russland hindra Ukraina i å bli medlem av EU, og NATO frå å ekspandere til Russlands grense. Assistant U.S. Secretary of State Victoria Nuland, «Maidan-jordmora», trua med sanksjonar mot Ukrainas regjering dersom president Viktor Janukovitsj vart sittande som president. (Over 100 menneske vart drepne under protestane.)
Obama/Biden-administrasjonen hjelpte til med å skape ein ustabilitet i Ukraina som førte til eit mafia-liknande klima der potensiell russisk aggresjon gjer at Ukraina krev vern. «Vernepengar» blir lett pressa ut, til gagn for Hunter Biden og, indirekte, Joe Biden.
Etter kuppet installerte USA leiarar, og Biden-klanen byrja flytte pengar frå Ukraina til familie-pengeskrina.
Dét var berre starten for Nuland. Ho var involvert i Steele-dossieret og arbeidde saman med Eric Ciaramello, som var mistenkt for å vere den som stod bak den første, falske riksrettsanklagen mot president Trump.
Nyleg innrømde Nuland at USA hadde biolaboratorium i Ukraina. Det skjedde fleire månadar etter at Russland sleppte informasjon om at det var slik.
No veit vi at Nuland besøkte Sudan nyleg for å oppmode landet til ikkje å rette seg etter Russland.
Tidslinje for hendingar i Sudan:
Kva skjer i Sudan?
– Russland blir einige med Sudan om å bygge ein marinebase.
– Biden snakkar Sudan ut av avtalen. Biden allokerer $288 millionar til Sudan.
– Victoria Nuland kjem til Sudan. Ein månad seinare startar krigen i Sudan.
Nokon burde ha fortald Sudan om Victoria Nuland. Død følger ho. Etter Nulands besøk, braut Sudan ut i konflikt, og folk døydde.
Nokon burde ha fortald Sudan om Victoria Nuland.
Biden kom inn og fekk folk ut av USAs ambassade etter at konflikten starta, men som med Afghanistan, vart amerikanarane i Sudan overlatne til å forsvare seg sjølve. I dag er det rapportert at to Amerikanararhar døydd i landet så langt.
Dette er Victoria Nuland og kva som følger med ho.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Wikipedia Commons