Derimot: USAs store ryddeplan for Midt-Østen: Med unntak for Israel: Alt skal vekk. – Derimot
derimot.no:
Etter Irak, Libya, Gaza, Libanon og Syria, angrip Pentagon Jemen
av Thierry Meyssan
Det er ein kamp mot klokka Pentagon har starta no rett før President Donald Trump inntar det ovale kontoret. Etter å ha øydelagd Irak, Libya, Gaza, Libanon og Syria, set dei no sine menn inn mot Jemen. Ikkje bland ihop realiteten med slik ting ser ut på utsida: offisielt gjer Israel gjengjeld for bombingane til Ansar Allah og USA responderer på angrep på Vestlege skip. Men i realiteten er øydelegginga av Jemen berre eitt steg i retning øydelegging av alle dei politiske institusjonane i det breiare Midtausten. Tru ikkje på det du blir fortald om den uunngåelege samanstøyten mellom sivilisasjonar. Alt dette er berre iscenesett for å få deg til å akseptere det uakseptable.
Sidan 7. oktober 2023 har vi vore vitne til ein massakre på palestinarar og invasjon av Libanon og Syria. I to veker no har krigen flytta seg til Jemen.
Som alltid er det slik at dei internasjonale media segmenterer informasjonen og forklarer kvar hending med visse lokale faktorar, nokre gongar korrekt, andre gongar feil. Medan vi slit med denne miksturen, greier vi ikkje å oppfatte at alle desse hendingane høyrer til ein større plan, og at det ikkje er råd å vinne på ein front dersom vi ikkje veit kor langt den strekk seg.
Det vi no er vitne til, er tredje stadium av planen som vart utvikla i år 2000 av Donald Rumsfeld og admiral Arthur Cebrowski [1]. I tråd med amerikansk tradisjon, som general Smedley Butler så godt oppsummerte i sin vidkjende tale i 1933, “War Is a Racket” [2], har Pentagon gitt seg sjølv oppdraget å øydelegge alle politiske institusjonar i den “breiare Midtausten” (d.v.s eit område som strekk seg frå Algerie til Kazakhstan til Somalia, med unntak av Israel og kanskje Marokko).
Smedley Butler forklarte: “Eg har vore 33 år og 4 månadar i aktiv teneste, og under den tida har eg brukt mesteparten av tida som som mordar for den korporative verda, for Wall Street, og for bankierane. Kort sagt var eg ein som lagde spetakkel, ein gangster i kapitalismens teneste. Eg hjelpte til med å sikre dei amerikanske oljeselskapa kontrollen over Mexico, spesielt byen Tampico, i 1914. Eg hjelpte til med å gjere Haiti og Cuba til ein passande plass for profittmakeri for National City Banks menn. Eg hjelpte til med å valdta eit halvt dusin sentralamerikanske republikkar til fordel for Wall Street. Eg hjelpte til med å reinske Nicaragua til fordel for den amerikanske banken Brown Brothers frå 1902 til 1912. Eg sørga for at Den dominikanske republikken fekk lys, til fordel for dei amerikanske sukkerselskapa i 1916. Eg leverte Honduras til dei amerikanske fruktselskapa i 1903. I Kina, i 1927, hjelpte eg selskapet Standard Oil til å få gjort forretningane sine i fred.»
I dag har USAs væpna styrkar – som ikkje har i oppdrag å forsvare den territoriale integriteten til landet sitt, men å forsvare kapitalismen i sin mørkaste versjon (forsvaret av «US homeland» er utelukkande Nasjonalgardens ansvar) – øydelagd Irak sidan 2003, Libya og Syria sidan 2011, Jemen sidan 2014, og snart Iran.
Dr. Henry Kissinger skal ha sagt at “Det kan vere farleg å vere Amerikas fiende, men å vere Amerikas ven er fatalt.” [3]
Muammar Gaddafi sa på toppmøtet til Den arabiske liga i 2008: USA respekterer ikkje sine allierte; dei er vanlegvis landets første offer. Han brukte som døme Iraks president Saddam Hussein, ein tidlegare CIA-agent som vart hengd etter at landet hans var nedkjempa, og åtvara kollegaane sine. [4] Men seinare danna han ein allianse med president George Bush Jr. Og nedmonterte sitt kjernefysiske arsenal. Han fekk varme takk for dét, før landet hans vart øydelagd og han sjølv vart lynsja. [5]
I 2002 [6], sleppte Saudi-Arabia med naud og neppe unna destruksjon. Men det var berre ei utsetting. I dette spelet er det lagnadsbestemt at dominobrikkene skal falle, den eine etter den andre. Utan unntak.
Ifølge Stockholms Internasjonale fredsforskningsinstitutt (SIPRI), ekspert på våpenhandel, forsynte USA Israel med våpen til ein verdi av 22 milliardar dollar under massakren på folket i Gaza. Desse våpena inkluderte mellom anna 70 000 tonn bomber, like mykje som vart brukt til å øydelegge Dresden, Hamburg og Tokyo under Andre verdskrig.
Vi held Benjamin Netanyahu ansvarleg for den etniske utreinskinga i Gaza. Og han tok også på seg ansvaret, i tråd med utsegnene til læremeisteren Vladimir Ze’ev Jabotinsky, men han er berre ei lita brikke som utfører politikken til Washington [7]. På same måte kan vi anklage Netanyahu for implementinga av Oded Yinon-planen [8] i Libanon og planen A Clean Break: A New Strategy for Securing the Realm [9] i Syria. Alt dette er viktig, men berre til dels.
Vi held britane ansvarlege for at sekterismen aukar i Midtausten. Og det var dei som, med Lawrence of Arabia, organiserte Den store arabiske revolten i åra 1916-1918 som sette saudiane og Wahhabi-sekta til makta i Saudi-Arabia. Det var også dei som, med Lord Herbert Samuel, organiserte Den store arabiske revolten i åra 1936-1939 i Mandatområdet Palestina. Og det var dei som, med Sir James Craig, organiserte Den arabiske våren i 2011-2012 som sette Det muslimske brorskapet til makta i Egypt. Og det er, igjen, dei som står bak Ahmad el-Chareh i Damaskus i dag. Men sjølv om dei systematisk støttar krigane til USA og alltid profitterer på dei, så er det ikkje dei som styrer spelet.
I dag ser vi at krigen flyttar seg til Jemen. Dette landet er allereie djupt prega av dei preliminære operasjonane som har funne stad der sidan 2014: nesten 400 000 døde, direkte eller indirekte. Offisielt responderer Israel på bombeaksjonane til Ansar Allah [«houtiane»], offisielt responderer USA og Storbritannia på angrepa på skip i Raudehavet. Men Ansar Allah støttar berre dei sivile i Gaza som blir massakrerte av IDF, som er noko vi alle burde gjere. FNs sikkerheitsråd, som møttest den 30. desember i New York, kunne berre sjå fakta i auga: “Berre gjennom ei samla og koordinert tilnærming kan vi håpe på å oppnå fred og tryggleik for alle folk i Jemen og regionen.” I 23 år har det berre vore éin krig i det breiare Midtausten.
Pentagon rykkar framover med valdsmarsjen sin, vel vitande om at den 20. januar vil Donald Trump bli tatt i eid som USAs president. Men det var han som den 21. mai 2017 i Riyad stoppa den “endelause krigen” ved å kreve at visse arabiske regime skulle slutte å støtte terrorist-organisasjonar knytte til Pentagon [10]. Dette måtte bli avbrote før det rigga presidentvalet 2020.
Omsett av Monica Sortland
1] “The Rumsfeld/Cebrowski doctrine”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 25 May 2021.
[2] War is a racket, Major-General Smedley Butler, Sacred Truth Publishing.
[3] «A Fatal Friendship?», Wall Street Journal, December 17, 2010.
[4] The author was present in the council chamber throughout the 2008 summit.
[5] The author was a member of the last government of the Libyan Arab Jamahiriya.
[6] «Taking Saudi out of Arabia«, Powerpoint de Laurent Murawiec (Défense Policy Board, July 10, 2002).
[7] “The veil is being torn: the hidden truths of Jabotinsky and Netanyahu”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 25 January 2024.
[8] “A Strategy for Israel in the Nineteen Eighties (The «Yinon Plan»)”, by Oded Yinon, Translation Israel Shahak, Kivunim (Israel) , Voltaire Network, 1 February 1982. “From the «Yinon Plan» to the «Ya’alon Strategy»”, by Alfredo Jalife-Rahme , La Jornada (Mexico) , Voltaire Network, 24 November 2014.
[9] “A Clean Break: A New Strategy for Securing the Realm”, by Institute for Advanced Strategic and Political Studies, July 1996, was attributed to its signatories, primarily Richard Perle and Douglas Feith. However, according to the latter, the text was written by David Wurmser without the signatories having the opportunity to modify it. See “Credit for Israel Report Clarified,” Douglas Feith, Washington Post, September 16, 2004.
[10] “Donald Trump’s Speech to the Arab Islamic American Summit”, by Donald Trump, Voltaire Network, 21 May 2017. “Donald Trump against jihadism”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Al-Watan (Syria) , Voltaire Network, 23 May 2017.Les artikkelen direkte på derimot.no