Derimot: EU bidrar med sitt: Moderne slaveri i dagens Libya.
derimot.no:
FN: Slavebinding av afrikanske migrantar har blitt ‘big business’ i Libya, takka vere EU-finansiering
ALEXANDER RUBINSTEIN, Grayzone
Ei FN-gransking har konkludert med at pengar frå EU til statlege organ i Libya bidrar til brotsverk mot menneskeslekta som spenner frå tvangsarbeid til seksuelt slaveri og tortur.
EU har gjennom si finansielle støtte til den libyske kystvakta og det libyske Direktoratet for kamp mot illegal migrasjon medverka til brotsverk mot menneskeslekta, ifølge ein nyleg publisert FN-rapport.
Den 27. mars, 2023 publiserte FN funna sine etter tre års gransking av forholda i dagens Libya. Dei stadfester at «vilkårleg fengsling, mord, valdtekt, slaveri, seksuelt slaveri, illegale avrettingar og bortføringar (enforced disappearance)” har blitt ein «vidspreidd praksis» i den ein gong så rike nasjonen Libya, som vart kasta ut i borgarkrig av NATOs regimeskifte-krig for over eit tiår sidan.
Brotsverka mot menneskeslekta skjer, ifølge rapporten, over heile Libya, men rapporten fokuserer på situasjonen til inn- og utvandrarar, og skuldar Den europeiske unionen, EU, for å la regjeringa i Tripoli, Government of National Unity, drive med overgrep mot afrikanarar som søker asyl i Europa.
Rapporten slår fast i innleiinga at: «Oppdraget fann at brotsverk mot menneskeslekta vart gjort mot migrantar i forvaringsfasilitetar under faktisk eller nominell kontroll av Libyas direktorat for kamp mot illegal migrasjon, den libyske kystvakta og apparatet for stabilitetsstøtte. Desse einingane mottok teknisk, logistisk og økonomisk støtte frå Den europeiske unionen og deira medlemsstatar til mellom anna avskjering og tilbakesending av migrantar.»
Med andre ord: heller enn å direkte avskjere migrantar som kjem med båt til Europa, har EU delegert skitarbeidet til den libyske kystvakta. Når kystvakta arresterer migrantane, sender dei dei tilbake til Libya, der dei blir overførte til både offisielle og «hemmelege fengsel». I desse blir dei ofte utnytta for økonomisk vinning gjennom tvangsarbeid, løysepengar eller seksulet slaveri.
«Det er rimeleg grunn til å tru at migrantar vart tatt til slavar i forvaringssentra til direktoratet for kamp mot illegal migrasjon,» slår rapporten fast, og legg til at personell frå direktoratet og kystvakta og offisielle tenestemenn er impliserte «på alle nivå» medan høgtståande embetsmenn i skjul samarbeidde («colluded») med menneskehandlarar og smuglarar både i samband med forvaring og avskjering.
«Oppdraget fann også rimeleg grunn til å tru at vakter kravde og mottok betaling for å sleppe migrantar fri, Menneskehandel, slaveri, tvangsarbeid, fengsling, utpressing og smugling skapte betydelege inntekter for individ, grupper og statsinstitusjonar,» hevdar rapporten.
I 2017 rapporterte internasjonale medium at slavehandelen i Afrika hadde gjenoppstått på grunn av kontroversane etter den NATO-støtta regimeskifteoperasjonen for å bli kvitt den libyske leiaren Moammar Gaddafi. FN har no stadfesta at praksisen ikkje berre har halde fram, men at den og har blitt mogleggjort av EU.
«Støtta som EU har gitt til kystvakta i Libya … førte til brot på visse mennskerettar,» fortalde FN-etterforskar Chaloka Beyani. «Det er også tydeleg at direktoratet for kamp mot illegal migrasjon har ansvaret for ei mengd brotsverk mot menneskeslekta i forvaringssentra dei driv. Så støtta som EU har gitt dei, har forenkla dette. Sjølv om vi ikkje seier at EU og deira medlemsland gjorde desse brotsverka, så er poenget at den støtta dei gav har hjelpt og medverka til utøvinga av brotsverka.»
Ifølge ein rapport frå 2021 frå Brookings Institution, har EU slusa $455 millionar til den libyske kystvakta og andre statlege organ sidan 2015.
I mellomtida har ei gransking av The Outlaw Ocean Project og The New Yorker funne at pengar frå EU «betaler for alt frå bussane som transporterer fanga migrantar på sjøen frå hamn til fengsel til likposar brukt til dei migrantane som døyr på havet eller medan dei sit arresterte.»
Ifølge den felles granskinga deira mottok Libyas direktorat for kamp mot illegal migrasjon «30 spesialtipassa Toyota Land Cruiser’ar til å avskjere migrantar i Libyas sørlege ørken,» medan pengar frå EU også hjelpte direktoratet til å kjøpe «10 bussar til å frakte fanga migrantar til fengsel etter at dei er tatt.»
Den valdelege styrtinga av Gaddafi-regjeringa av NATO og Salafist-opprørarane dei sponsa i 2011, kasta Libya ut i ein tilstand av borgarkrig, der store delar av landet vart overtatt av Al Qaida og IS-tilknytte bandittar. Då NATO og jihadistane deira nærma seg faretruande, åtvara Gaddafi og at dersom han vart styrta, ville det føre til destabilisering av heile regionar på kontinentet og ei ny innvandringskrise for Europa, med Middelhavet omdanna til eit «hav av kaos».
Gaddafis son, åtvara på liknande vis den gongen om at «Libya kan bli nord-Afrikas og Middelhavets Somalia. Du vil sjå piratane på Sicilia, på Kreta, på Lampedusa. Du vil sjå millionar av illegale immigrantar. Terroren vil vere i nabohuset.»
FN-granskaren professor Beyani, la skulda for krisa som Libya er i på maktrivalisering etter maktvakuumet som Vesten skapte i Libya med reimeskiftekrigen, men unngår å referere direkte til det. Human Rights Watch har også skifta standpunkt, bort frå debattar om NATOs intervensjon i 2011 i dekninga si om FN-rapporten, som dei skildrar som «brutal og fellande».damning.” Kanskje fordi direktøren deira på det tidspunktet, Ken Roth, var ein «ivrig støttespelar» av overgrepet.
Transformasjonen av Libya til eit anarkistisk helvetesliknande landskap har dramatisk redusert risikoen for at potensielle innvandrarar til Europa skulle oppdagast av autoritetar i EU. FN-rapporten estimerer at meir enn 670 000 migrantar var i Libya under delar av granskinga.
Mangelen på ei sterk, stabil, sentral regjering i Tripoli har late ein heil industri utvikle seg, med utbytting av migrantar som business-modell. «Arrestasjonar, menneskehandel med migrantar, er stor forretning i Libya. Det er eit entreprenør-prosjekt,» fortalde Beyani til France 24 etter at rapporten var sleppt.
Medan Den internasjonale straffedomstolen har sikta Russlands president Vladimir Putin for påstandar kokt ihop av USAs utanriksdepartement-sponsa forskarar, har den nye FN-rapporten om Libya blitt behandla mest som ein fornote av media i USA og Europa, trass i Vesten si rolle som nøkkelarkitekten bak marerittet som landet no står oppe i.
ALEXANDER RUBINSTEIN,·17. APRIL, 2023
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica