Derimot: Etter påstandene om sterilitets-vaksiner. Bill Gates foundation har mistet juridisk immunitet i Kenya. – Derimot

derimot.no:

Høgsterett fjernar juridisk immunitet og skattefritak for Bill & Melinda Gates Foundation i Kenya

Av Paul Anthony Taylor

Høgsteretten i Kenya har påført stiftinga Bill and Melinda Gates Foundation eit kritisk slag ved å suspendere ei rekke høgst kontroversielle juridiske privilegium som dei nyleg vart tildelte i landet. Saka har blitt  omtalt lokalt , men stort sett ignorert i media internasjonalt. Den reiser viktige spørsmål om makta og privilegia som Gates og andre super-rike filantro-kapitalistar utøver i utviklingsland.

Bahati Mwamuye

Rettsavgjerda, utstada av dommaren Bahati Mwamuye, suspenderer den tidlegare avgjerda ‘Privileges and Immunities (Bill and Melinda Gates Foundation) Order, 2024’, og fråtar i praksis Gates-organisasjonen, med direktørar og agentar, ulike juridiske skjold som den kenyanske regjeringa hadde tildelt dei. Dette kjem medan stiftinga sine operasjonar blir stadig meir granska – operasjonar som mange observatørar seier viskar ut grensene mellom altruisme og kramkarshandel om innflytelse.

Privilegia, som inkluderte skattefritak og immunitet mot rettsforfølging, tende raskt harme hos kenyanske juridiske ekspertar og sivilsamfunnet då dei vart tildelte. Kenyas advokatforbund (The Law Society of Kenya) tok difor avgjerda til retten, der dei hevda at den braut Kenyas lov om privilegium og immunitet (Privileges and Immunities Act).

Den juridiske organisasjonen argumenterte med at slike juridiske skjold vanlegvis er reserverte for diplomatiske eller humanitære einingar, ikkje private stiftingar. Med det avspegla dei ei allmenn uro over at avgjerda om å løyve slik immunitet hadde undergrave prinsippa om transparens og ansvarlegheit, og at inga eining – same kva den hevdar om velgjerande mål – bør få lov til å sette seg over lova.

Musalia Mudavadi

Kenyas statsminister (Prime Cabinet Secretary) Musalia Mudavadi, som støtta immunitetsskjoldet, har forsøkt å rettferdiggjere det med at Gates Foundation skal ha bidradd til å bekjempe global fattigdom,sjukdom og ulikskap. Men kritikarar meiner han ignorerer det betydelege grepet som Gates har på regjeringar, spesielt innan helse- og jordbrukssektorane, der han finansierer og påverkar sentrale program.

Gates Foundation har likeeins prøvd å forsvare arrangementet og hevdar det er i tråd med internasjonale normer. Men det har ikkje døyva den veksande misnøyen med Gates og hans kenyanske aktivitetar.

Ein Ekstrem konsentrasjon av rikdom og makt

Den kenyanske domstolens avgjerd har tend nytt liv i debatten om korleis super-rike filantro-kapitalistar blandar seg inn i sakene til afrikanske nasjonar. Slike individ agerer ofte, via lobbyverksemd og kontaktnett, som uansvarlege maktaktørar, der dei omgår demokratiske prosessar medan dei fremjer sine personlege interesser. Gates Foundation har fått utbreidd kritikk for at han uforholdsmessig mykje påverkar politikken i utviklingsland, og for at han prioriterer sin eigen agenda framfor lokale behov.

Saka skal etter planen overvegast vidare i retten i februar 2025. I mellomtida vil Gates Foundation sine operasjonar i Kenya nesten uunngåeleg no kome under endå større gransking, og dei breiare implikasjonane kan kome til å resonere langt utanfor landets grenser.

Same kor stiftinga opererer, vil den ekstreme konsentrasjonen av rikdom og makt klart utfordre nasjonal suverenitet. Vidare reiser organisasjonens evne til å sikre seg omfattande, diplomatisk immunitet alvorlege bekymringar om åpenheit og ansvarlegheit. I det minste ser det derfor ut til at Gates vil stå overfor nokre ubehagelege spørsmål i månadane som kjem. Truverdet hans fordampar raskr, og han har berre seg sjølv å takke.

La oss hugse Kenya: Ein 500 000 underskriftskampanje bad om etterforsking
“Ein petisjon på internett bed Det kvite hus om å etterforske Bill Gates og Melinda Gates for «brotsverk mot menneskeslekta» og «medisinsk aktløyse», skreiv Muslim Mirror Web Desk.

Petisjonen hadde per 11. mai 2020 fått meir enn 500 000 underskrifter.

Petisjonen skuldar Bill and Melinda Gates Foundation for “medisinsk aktløyse” då dei medvite steriliserte kenyanske barn ved hjelp av eit skjult HCG-antigen i stivkrampevaksinar. Petisjonen nemner også Bill Gates-sitatet om å redusere folkeveksten ved hjelp av vaksinering.

I 2014 gjennomførte Kenya Conference of Catholic Bishops (KCCB) ein studie på det 2-årige, 5-injeksjonsvaksinasjonsprosjektet som vart gjort på kenyanske kvinner i alderen 14-49 år, i eit sørafrikanske laboratorium, og dei konkluderte med at «alle dei 6 prøvene testa positivt for HCG-antigenet.”

Fritt omsett av Monica Sortland

https://www.globalresearch.ca/bill-melinda-gates-foundation-kenya/5874008

Først publisert på Dr. Rath Health Foundation.

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...