Derimot: En gang en stormakt, nå en ynkelig skygge av seg selv. I Storbritannia fjernes nå ytringsfriheten. – Derimot

derimot.no:

Joe Rogan: Stoda til ytringsfridommen i Storbritannia er verre enn i Russland

Paul Joseph Watson på nettstaden Modernity.news skriv:

Som respons på det nylege autoritære åtaket, peikte Joe Rogan på at fleire blir arresterte i Storbritannia for «tankekriminalitet» på sosiale media enn i Russland.

«Forferdeleg statleg overtramp – de ser det no i England der folk blir arrestert for Twitter-meldingar», sa podcast-verten.

«Folk snakkar om Sovjet-Russland, om kor ille Russland er når det gjeld å slå ned på tankepoliti og slå ned på dårlege Twitter-meldingar og ting som det,» la han til.

Rogan samanlikna deretter korleis Russland styrer ytringsfridom på sosiale media samanlikna med Storbritannia. I Russland blir berre rundt 400 arresterte kvart år for «hatefulle» Twitter-meldingar, medan det talet ligg på rundt 3300 i Storbritannia.

Tony Blair stod bak den folkerettstridige invasjonen av Irak som har ført til kanskje over en million døde, han blir ikke fengslet for sin virksomhet.

«Det faktum at dei er komfortable med å spore opp folk som har sagt noko dei er ueinige i og set dei i eit jævla bur i England i 2024, er verkeleg vilt,» sa Rogan.

Han trekte merksemd til ei nyleg ytring frå Stephen Parkinson, direktør for offentlege påtalestyresmakter [Director of Public Prosecutions], som sa til Sky News at berre det å dele om igjen informasjon om dei britiske opptøyane vil kunne føre til strafferettsleg påtale.

(Sjå òg «Britar blir åtvara: Berre det å dele innlegg om opptøyar kan vere STRAFFBART», publisert 9.august 2024.)

Rogan peikte på at terminologien «hatefull» er fullstendig subjektiv, «og i levetida vår har vi sett at det blir flytta», før han forklarte korleis det å «deadname» [«daud-namngje»] ein transperson ved å referere til dei med deira opphavlege namn no blir behandla som «hatefullt».

Som vi [Modernity.news] sette søkjelys på i går [8.august 2024], vart ei kvinne i Cheshire arrestert for å dele eit innlegg om «unøyaktig informasjon» om drapsmannen til tre jenter i Southport.

I mellomtida er ein av dei siste arrestasjonane i Storbritannia i kjølvatnet av opptøyane, den av ein mann som skreiv «filthy bastards» på Facebook, saman med ein emoji av ein etnisk person og eit skytevåpen. Han vil no tilbringe dei neste 12 vekene i fengsel.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...