Derimot: Zelensky vil strupe russisk gasseksport for å straffe Russland.De han straffer er EU og Ukraina. – Derimot

derimot.no:

Genuin «maktpolitikk» i Ukraina og aust-Europa

Av Larry C. Johnson

X-CIA-analytiker

Ein treng ikkje melde seg på eit Babbel -kurs i russisk for å forstå dette bildet. I 2022 var Ukraina ein eksportør av elektrisitet. I dag? Ukraina importerer 80% meir elektrisitet enn dei gjorde i 2022 og eksporterer 80% mindre. Og som om det ikkje var tilstrekkeleg dårleg nytt, så startar Ukrainas Zelensky no ein krangel med Slovakias statsminister, Robert Fico, som kan avgrense elektrisitetseksporten frå Slovakia til Ukraina. Korfor? Fordi Zelensky har lova å stoppe russisk gasstransport gjennom ukrainsk territorium.

Etter nesten tre år med krig har Russland halde fram med å sende gass gjennom røyrleidningar som krysser Ukraina. Det er ikkje snakk om svære mengder, i forhold til Russlands totale produksjon, men det utgjer ei betydeleg energikjelde for Slovakia, Ungarn og Austerrike:

Sjølv om dei gjenverande voluma av russisk gass-transitt er små, er saka framleis eit dilemma for EU. Mange EU-medlemmar, til dømes Frankrike og Tyskland, har sagt at dei ikkje lenger vil kjøpe russisk gass, men standpunktet til Slovakia, Ungarn og Auterrike, som har nærare band til Moskva, utfordrar EU si felles tilnærming.

Landa, som framleis mottar russisk gass, argumenterer for at det er det økonomisk beste drivstoffet, og dei skuldar på nabolanda i EU for høge transitt-avgifter på alternativ energiforsyning.

Ukraina tener framleis mellom 0,8 og 1 milliard dollar i året i transitt-avgifter frå russisk gass-transitt.

Ifølge Reuters-kalkylar har den totale gasseksporten til Gazprom via røyrleidningar til Europa i 2024 auka til 32 milliardar kubikkmeter frå 28,3 milliardar kubikkmeter i 2023, då dei kollapsa til det lågaste nivået sidan 1970-talet.

Russland kan tene rundt 5 milliardar dollar på sal via Ukraina dette året, basert på den russiske regjeringas prisprognose på 339 dollar per 1000 kubikkmeter, ifølge kalkulasjonane til Reuters.

Russlands gassrøyrleidningseksportmonopol Gazprom fall til eit netto tap på 7 milliardar dollar i 2023, det første årlege tapet deira sidan 1999, på grunn av tapet av EU-gassmarknadar.

Russland har sagt dei er klare til å utvide transitt-avtalen, men Kyiv har gjentatte gongar sagt dei ikkje vil det.

Zelensky, med Biden-administrasjonens støtte, har tatt ei avgjerd om å stoppe alle ytterlegare sendingar av russisk gass gjennom Ukraina. Dette har skapt eit stort problem med Slovakia:

Slovakias statsminister Robert Fico skreiv eit brev til leiarane av Europakommisjonen og Det europeiske rådet og bad om ein ordentleg analyse av Ukrainas stopp av russisk gass-transitt.

«Den unilaterale suspenderinga av transitt gjennom Ukraina til Slovakia vil fråta europeiske medborgarar, verksemder og infrastruktur titals milliardar euro kvart år, Ukraina nesten 800 millionar euro, og moglegheita for å importere gass frå Europa og Slovakia meir enn 400 millionar euro per år i transittavgifter og godt over 1 milliard euro i varas pris. Tapet for Den russiske føderasjonen blir berre på rundt 2 milliardar euro, noko som berre er rundt 3% av dei totale tapa som dei 27 EU-medlemsstatane har forårsaka,» skreiv Fico.

Slovakias statsminister åtvarer om at den økonomiske verknaden av Ukrainas trekk på EU kan vere undervurdert.

«Eg veit ikkje om den vage tilnærminga til Europakommisjonen og dei fleste medlemsstatane er basert på det faktum at den økonomiske verknaden av avbrytinga av transitt av russisk eller annan gass via Ukraina ikkje har blitt profesjonelt analysert i det heile, og at heile saka berre har blitt vurdert ideologisk,» la han til.

Førebels har Russland unngått å bombe røyrleidningane. Røyrleidninga som forsyner Slovakia er den langs Urengoy-Pomary-Uzhgorod  som har sitt opphav i Sibir og passerer byen Sudzha før den kjem inn i Ukraina. Ringer det ei bjelle? Ja, Sudzha er staden der ukrainske militærstyrkar som invaderte Russlands Kursk-region i august, no er omringa.

Zelensky og nokre av NATO-støttespelarane hans tenkte visst det var ein kjempegod idé å straffes Slovakia, Ungarn og Austerrike med dette stuntet. Hugsar du korleis Biden skrøyt av samhaldet i NATO? Vel, det kan du gløyme no. Å kutte gassen vil skade Europa, ikkje Russland, og så meir misnøye innanfor NATO. Dessutan vil det truleg forverre Ukrainas elektrisitets-problem dersom Slovakia gjer alvor av trusselen sin om å stoppe kraftforsyninga til Ukraina. Eg trur den tidlegare komikaren, Zelensky, kanaliserer Stan Laurel (Halvan), og at NATO-leiarane er ein oppgitt Oliver Hardy (Helan) — eit anna fint-kaos-du-har-fått-meg-inn-i.

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/genuine-power-politics-in-ukraine-and-eastern-europe/

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar