Derimot: En av underskriverne til pandemioppropet «Barringtondeklarasjonen» trekker nå underskriften. Den gikk ikke langt nok. – Derimot
derimot.no:
Ein av dei som skreiv under på Great Barrington-erklæringa (som pandemitiltak), Jonathan Engler, har no trekt støtta si til erklæringa og bede om at signaturen hans må slettast. Han meiner erklæringa ikkje kjem med noka løysing, men i staden er ein del av problemet. Aksepten av narrativet om ein «pandemi» som ein lyt takle med diverse tiltak, legg grunnlaget for at den lukrative «Pandemiberedskapsindustrien» kan presentere «den neste pandemien», meiner han.
Redaksjonen
Grunnen til at eg har bede om å få sletta signaturen min på Great Barrington-erklæringa
Eg trur no at den er ein del av problemet, ikkje løysinga.
Jonathan’s Substack den 24. september, 2024
Som med blogg-posten til Jessica Hockett hin dagen (her), kjem nok ikkje dette innspelet til å skaffe meg nokre nye venner; mest sannsynleg vil det heller resultere i at eg mistar nokre av dei eg har.
Vel, vel, då får det heller berre skje. Eg vil ikkje stå på sidelinja og sjå på at ei gigantisk løgn får lov til å bli etablert berre fordi folk ikkje toler sanninga, eller fordi dei har eit villeidd ønske om å sameine seg bak «konsensus» av taktiske grunnar.
(Kanskje hugsar eg feil, men eg er temmeleg sikker på at det å tillate ein fabrikkert «konsensus» overdøyve alle andre synspunkt, var nett det som fekk oss inn i denne suppa vi no er i.)
Eg har nett sendt e-posten under til gbdeclaration@gmail.com (den einaste adressa eg greidde å finne på nettsida deira).
Men om eg får svar eller ikkje, er mest irrelevant, for eg trur ikkje namna (andre enn dei på hovudsida deira) vil synast.
Uansett tenkte eg å sende og deretter publisere det for å vise kva eg tenker, og som ei eiga offentleg erklæring, spesielt ettersom eg faktisk signerte Great Barrington-erklæringa (the Great Barrington Declaration) og også oppmoda andre til å gjere det.
Hallo,
Kan de vere så snille og fjerne namnet mitt frå signatarane av The Great Barrington Declaration. Då eg signerte dette dokumentet, trudde eg på historia om at det var eit heilt nytt virus som forårsaka ein heilt ny sjukdom, og at visse folk burde bli beskytta på eitt eller anna vis.
Men eg trur no fast på at pandemi-konstruksjonen var iscenesett. All skade som vart observert og innrapportert kan forklarast med ein kombinasjon av: dårleg behandling, feilbehandling, manglande behandling, forsømming, misbruk og datasvindel.
Dei sentrale verktya som vart brukte til å iscenesette hendinga var propaganda, datasvindel (i ulike former) og masseutrullinga av ein juksetest.
Utan desse ville
- ingenting uvanleg ha blitt lagt merke til
- status quo’et observert før «pandemien» vart erklært (ein total mangel på overdød eller opphopingar av uvanlege sjukdommar trass i utbreidd nærvær av kva det no var som gav positive utslag på «covid-testane») ville ha halde uforstyrra fram
«Pandemien» vart skapt av responsen på den villeidde og falske oppfatninga av eit nytt virus i sirkulasjon.
Det finst ingen epidemiologisk modell – utanom den som er urimeleg vridd og forkvakla – som kan forklare fleire sentrale observajonar av det som skjedde våren 2020, nemleg:
- eit uoppdaga før-pandemisk nærvær av det antatte patogenet (som målt med dei same testane som seinare spora progresjonen til patogenet)
- mangel på abnormale toppar eller klynger av overdød
- bølger av dødsfall i samsvar med administrative og politiske tiltak
- svært store skilnader i «pandemiske utfall» mellom land og andre regionale einingar med sams administrative grenser.
«Fokusert beskytting» ville i praksis ha betydd meir testing, meir isolasjon og generelt meir dystopisk behandling av dei som «testa positivt». Sidan pandemi-narrativet i hovudsak oppstod på grunn av feilbehandlinga av dei mest sårbare – som berre kunne skje fordi dei var isolerte og det dermed mangla vitne til feilbehandlinga – så ville ikkje strategiane som erklæringa dykkar forsvarer ha gjort ting betre; sannsynlegvis faktisk verre.
Derfor er analysen min av «pandemien» (her) og kva som burde ha vore gjort (nemleg ingenting utover det vanlege) totalt motsett det som de forsvarer i erklæringa dykkar. Dokumentet dykkar kan berre tene til å feste ei avskyeleg løgn i medvitet på menneskeslekta, legge grunnlaget for ein regelrett reprise av katastrofen som har hendt oss.
La meg sitere frå mi eiga oppsummering av covid-«hendinga» (som ikkje bør konkretiserast ved å bruke ordet «pandemi»):
Teoriane om lab-lekkasje og «zoonotisk smitteoverføring» er dei to bestanddelane av ei bevisst oppkonstruert falsk todeling. Viss ein tillet ei drøfting som utelukkande er basert på desse to valalternativa, så unngår ein følgande spørsmål: var det eigentleg ein pandemi i det heile tatt – og viss ikkje: kva var det då som forårsaka myriaden av skadar? BEGGE teoriane har same endemål: å halde i live «Pandemiberedskapsindustrien» som, opprømde av ein kolossalt suksessrik «Covid»-episode, utan tvil vil fryde seg over utsiktene til lukrative reprisar.
«Den neste pandemien», som det ofte blir vist til – sjølv av visse openlyse «Covid-dissidentar» – er eit forvarsel om intensjonane deira, for hugs kva dei sa:
«Kva som helst av ureglementerte laboratorium kan konstruere desse virusa no.»
Når alt kjem til alt, er det at noko kunne unnsleppe eit laboratorium faktisk ikkje nødvendig for å generere ein «pandemi»; berre det å så ut flukt-narrativet, rulle ut testinga og den resulterande sosiale smitten er alt som trengst.
Eg trur at GBD – om enn umedvite – har blitt ein del av maskineriet som:
- distraherer folk frå å sjå den sanne naturen til hendingane i 2020
- plasserer bildet av ein «pandemi» i tankane og haldningane våre
- skapar/vedlikeheld ein tilstand av permanent frykt – som fort kan bli sjølvoppfyllande – for sannsynet for at eit nytt «skapt virus» skal forårsake «den neste pandemien».
Slik eg ser det, er det berre éin måte å hindre «den neste pandemien» på: å vise folk kor totalt latterleg den er, den historia dei har fått servert dei siste åra.
Erklæringar som ikkje utfordrar den sentrale løgna i den historia, er ikkje til hjelp; dei verkar stikk imot den hensikta.
Av den grunn vil eg distansere meg frå Great Barrington-erklæringa.
Mvh
Dr Jonathan Engler (United Kingdom)
MB ChB LLB
Her på Derimot.no offentliggjorde vi Barrington-deklarasjonen m/kommentarer. Det dr. Jonathan Engler her skriver gir virkelig grunn til ettertanke.
Redaksjonen
Forsidebilde: Lexica.art