Derimot: En av konsekvensene: Nato avvæpner seg selv i Ukraina.

Derimot.no

derimot.no:

En av konsekvensene:

Henta frå Moon of Alabama. Omsett av og henta frå saksyndig.

NATO held fram sitt avvæpningsoppdrag.

«Frankrike skal sende 12 ekstra, kraftige Caesar-haubitsar til Ukraina

Den franske forsvarsministeren Sebastien Lecornu si erklæring om at Frankrike vil sende 12 ekstra Caesar-haubitsar til Kyiv [Kiev] er ‘tydelegvis viktig for ukrainarane, spesielt Caesar-artillerisystemet,’ sa FRANCE 24 sin leiande utanriksredaktør Robert Parsons.

‘Dei har vore særs vellykka i Ukraina, so ukrainarane er eg sikker på vil glede seg over å få 12 fleire. Eg trur det til saman vil bli meir enn 40 no, nærare 50, Caesarar i Ukraina’.»

Frankrike har berre 77 Caesar-haubitsar igjen. Andre er derimot dårlegare stilt.

«Estland sender alle sine 155-mm haubitsar til Ukraina

Estland vil donere alle sine 155-mm haubitsar til Ukraina som del av sin mest omfattande militærbistand til dags dato.

Pakken, som tidlegare var rapportert å vere verdt 113 millionar euro (122 millionar dollar [vel 1,2 milliardar norske kroner; oms.an.]), er venta å forsterke Kyiv si forsvarsevne under ein periode med vedvarande russisk aggresjon.

Estland opererer for tida 24 NATO standard FH-70 taua haubitsar.

Bortsett frå haubitsane vil Tallinn sende tusenvis av 155-mm artillerigranatar og hundrevis av Karl Gustaf antistridsvogn-granatkastarar.»

Vi veit korleis alt det artilleriet vil ende opp.

For fleire veker sidan lanserte Russland ein spesial-kontraartilleri-kampanje. Der er kontraartilleri-radarar sett av til det føremålet, elektronisk krigføring og luftborne overvakingssystem og langtrekkjande artilleribatteri med presisjonsammunisjon engasjert i denne.

So i dag gjorde eg litt stabsarbeid og oppsummerte den påståtte artilleriøydelegginga slik den vart lista i den daglege «kvestelista» som kjem frå det russiske forsvarsministeriet.

Her er resultata.

I løpet av dei siste sju dagane påstår Russland å ha øydelagt totalt 40 lastebildregne haubitsar, 32 sjølvgåande haubitsar, 8 fleirrakettkastar-system (MRLS [Multiple Rocket Launcher Systems]), 15 kontrartilleri-radarar og 23 lokale artilleriammunisjonsdepot.

På toppen av det engasjerte dei ukrainske artilleriposisjonar med normal kontraeld i 651 tilfelle. Dette skal ha forårsaka tilleggsskade og -tap.

I tillegg vart 55 MLRS-rakettar og HARM antiradarmissil avbrotne av russiske forsvarssystem.

Dersom du trur at feltrapportane som ministeriet får overdriv tala, som er sannsynleg, ta rett og slett og del dei i to.

På berre éi veke var dette likevel meir enn Estland og Frankrike lover å levere.

I går forklarte eg kvifor ein NATO eller amerikansk intervensjon med bakketroppar er usannsynleg. Vi kan leggje til den akutte mangelen på NATO-artilleri og artilleriammunisjon til grunnane.

NATO har avvæpna sine eigne bakkestyrkar og er ikkje lenger stridsdyktig.

Forsidebilde: Scandinavian Backlash

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 19

Les artikkelen direkte på derimot.no