Derimot: Fremprovosert av Israel: Det går mot storkrig. – Derimot
derimot.no:
Vi går mot ein større krig i Midtausten
La meg først få sett ned på papiret det eg sa i eit intervju med iranske Press TV og i samtalen med Nima: Tyrkias president Erdogan er ein forakteleg, menneskeleg varmluftsballong når det gjeld det å gjere noko for å stoppe Israels terrorvelde. Alt han treng å gjere, er å kutte straumen av olje til Israel som går via Tyrkia. Sjølvsagt ville han då ha måtta gi opp smaken av den tilhøyrande profitten kvar månad. Å eliminere Israel sin tilgang til denne oljen ville ha tvinga dei sionistiske styrkane til å legge band på sine angrep på palestinarar. Ingen olje, ingen bensin til stridsvognene.
Israel sitt drap på leiaren av Hamas sitt politbyrå, Haniyeh, i Teheran onsdags morgon, kryssa ei raud linje for Iran og Hizbollah som fort kan føre til ein dramatisk eskalasjon av krigen som rasar på palestinsk territorium. Trass i at USA nektar for det, var dette angrepet fullt ut koordinert med Washington og London på førehand. Ikkje berre vart det sagt rett ut av den sionistiske utanriksministeren Katz på laurdag, men i løpet av helga skal det i tillegg ha blitt kommandert ut US-amerikanske og britiske krigsskip til Middelhavet som skal vere i beredskap for å eventuelt evakuere sivile (Noncombatant Evacuation Operation, NEO) frå Libanon og/eller Israel.
Bortsett frå USA, er Israel det einaste landet i verda som har bomba fire ulike land (fem om ein reknar med Palestina) og hevdar å sjølv vere offeret. Den unnskyldinga er temmeleg tynnslitt. Særleg med tanke på dei siste nyhenda om at det israelske militæret etterforskar påstandar om at sionistiske fangevaktarar rutinemessig har valdtatt palestinske fangar, menn så vel som kvinner.
Her er videoen av det sionistiske svinet som rettferdiggjer valdtekt og anna vondsinna brutalitet mot fangar. Men hugs på at det finst jødar som er imot slik imbesilitet. Det er ikkje rettvist å skulde på jødar for uhyrlegheitene til sionistane.
Russland, med full støtte frå Kina, deltok på møtet i FNs Sikkerheitsråd (UNSC) for å diskutere den sionistiske terrorismens siste gjerning — mordet på Haniyeh i Teheran. Innlegget til Irans ambassadør kan tolkast slik at Iran kjem til å kreve sin rett til sjølvforsvar dersom ikkje UNSC set ned foten og kjem med passande tiltak. Sidan Storbritannia og USA nesten garantert vil legge ned veto mot all fordømming av Israel, betyr det at Iran vil slå tilbake, berre at denne gongen vil dei ikkje legge band på seg og halde tilbake. Eg trur ein krig er uunngåeleg.
Nima kontakta meg seint i går kveld og inviterte meg til å gjere ein livestream med han om denne siste utviklinga og kva som skjer i Ukraina.
Fritt omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Adrian Dascal
https://sonar21.com/we-are-headed-to-war-in-the-middle-east/