Derimot: Eit krisetegn? Bølgje av konkursar råkar Sverige.

Derimot.no

derimot.no:

Eit krisetegn?

Henta frå RT.com. Omsett av og henta frå saksyndig.

Nyheitsformidlaren Bloomberg rapporterer at talet insolvente selskap i Sverige auka kraftig i januar.

Talet konkursar i Sverige skaut opp til det høgste nivået på minst eit tiår i januar, blant aukande press på bygningsselskap frå ein pågåande bustadmarknadsnedgang, rapporterte Bloomberg onsdag [1.februar 2023]. [RT har ikkje lagt til nokon link til Bloomberg-artikkelen, men det kan vere denne dei refererer til. Den ligg bak registreringsmur; oms.komm.]

Ifølgje nyheitsformidlaren, som siterer referansebyrået UC, steig talet konkursbegjæringar til 622, noko som markerer ein auke på 47% frå året før.

Sverige har slite med sin verste bustadpris-kollaps på tretti år. Situasjonen har bidrege til ein auke av insolvens i bygningssektoren, der 130 byggherrar begjærte seg konkurs førre månad. Bustadprisar har visstnok falle med 16% frå ein topp i fyrste kvartal av fjoråret, og økonomar spår at nedgangen vil halde fram.

«I løpet av hausten såg vi konkursar innan kundebehandlande føretak slik som handel, hotell og restaurantar,» seier UC-økonomen Johanna Blome. «No ser vi at den største auken finn stad i sektorar som er nært knytt til industri og meir langsiktige investeringar.»

Ein alvorleg nedgang i den svenske bustadmeklarsektoren har skadd den største økonomien i Norden. Ifølgje estimat frå Sveriges Boverket [det nasjonale styret for bustader, bygging og planlegging], vil bygging av nye bustader falle dramatisk med 44% i år til 33 000. I mellomtida vil eit fall i bygging vidare påverke økonomisk aktivitet, åtvarar rapporten.

Den svenske regjeringa annonserte i slutten av 2022 at landet gjekk inn i ein resesjon som vil vare iallfall til 2025. BNP-et til nasjonen er forventa å falle med 0,7%, medan arbeidsløysa er spådd å stige til 7,8% i 2023 og 8,2% i 2024.

Forsidebilde: Towfiqu barbhuiya

125 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 125 ganger.

Post Views: 161

Les artikkelen direkte på derimot.no