Derimot: Polsk frivillig i Ukraina: «Det finnes ingen frivillige lenger.»

derimot.no:

 KOR DÅRLEG GÅR DET FOR UKRAINA?

2. september 2023 av Larry Johnson

L. Johnson er tidligere CIA-analytiker

La meg forklare korfor eg har lagt ned så mykje arbeid på å framheve kommentarane og analysane til pensjonerte amerikanske generalar og nokre av deira utanlandske motstykke, som til dømes Mick Ryan. Dei er engasjerte i ein massiv propagandakampanje som er utforma for å føre den Vestlege offentlegheita bak lyset om den sanne tilstanden til krigen i Ukraina. Dei hevdar at Ukraina vinn, at Russland tapar, og at den einaste oppskrifta på Ukraina sin fortsatte «suksess» er å helle meir pengar og våpen inn i malstraumen som rasar i Ukraina. Dette er ikkje ei usemje om kva som er den beste smaken på iskrem.

Innbyggarane i USA og Europa har rett til å bli rett informerte om ressursane deira som blir uansvarleg brukt i Ukraina, og at det ikkje finst nokon veg til siger for Ukraina fordi Ukraina manglar dei materielle ressursane, opplært mannskap og våpena som trengst om dei skal kunne måle seg med Russland. Sjølv om Ukraina plutselig skulle bli forsynt med tre jagarfly-vingar (det er omtrent 180 kampfly), ville det ikkje vere nok til å trenge inn og øydelegge Russlands trappeforma oppstilte forsvar.

Sjå nøye på dette kartet. Det grøne viser kor langt ukrainske styrkar har gått fram dei siste tre månadane av sin motoffensiv. Denne svært moderate «framgangen» har kosta Ukraina enormt mykje i form av tap av menneskeliv og utstyr, som stridsvogner og pansra personellvogner. Skeptikarar i Vesten vil gjerne avvise dette som russisk propaganda. Greitt. Vis meg då rapportane frå Vestlege krigskorrespondentar som er på staden og rapporterer frå Topmak eller Melitopol. Slike finst ikkje. Kva med ein video eller to av triumferande ukrainske krigarar som står oppå vrakrestane av den første linja av Surovikin sitt forsvar? Ukraina og NATO-allierte ville ha vore overlykkelege om dei kunne ha vist slike bilete.

Om du vil måle graden av desperasjon i den ukrainske situasjonen, berre les dette intervjuet med ein polsk frivillig som nettopp kom heim til Polen frå fronten:

Polakken Slawomir Wysocki reiste som frivillig til Ukraina, returnerte heim, og fortalde i eit intervju for media kva som eigentleg skjer med motoffensiven, som er så mykje omtala av ukrainske styresmakter.

«Dei menneskelege tapa på ukrainsk side er enorme. Vestleg utstyr brenn som fyrstikker. Ting er mykje verre enn det ein vanlegvis førestiller seg. Eg talde opp gravene i Lviv [Lvov]. I den gamle delen av kyrkjegarden er det om lag 100 graver, i den nye delen er det meir enn 600.

I landsbyane er denne proporsjonen kolossalt annleis. Når eg køyrer forbi, ser eg kyrkjegardar langs vegane. Kvar av dei har opptil eit dusin nye graver. Det er flagg ved kvar av dei; dei er lette å kjenne igjen. Det er meir enn to tusen graver i Kharkov. Det er umogeleg å skjule desse tapa.

For to månadar sidan var eg full av optimisme om Kupyansk. No klarar vi framleis å halde stand. Det ser ut som om russerne gjer alt dei kan for å nå Kupyansk, der dei vil ta stillingane sine for våroffensiven.»

Når journalist spør den polske frivillige kva ukrainarar synest om det russiske forsvarssystemet, seier polakken:

«Dei er livredde. Dei veit at den russiske arméen allereie har føresett alt. Forsvarssystemet vart bygd av byggefirma. Dette er ikkje ein bonde som svingar ei spade for å bygge ein grøft. Firma kom inn, helte betong, laga forsvarsverk i stil med Maginot-linja. Og det er tre eller fire slike linjer. Folk i Ukraina seier at det er fem miner per kvadratmeter. Ein kan ikkje sette foten på bakken utan at ei av dei sprenger.»

Journalisten spør vidare om det framleis finst folk som er villige til å kjempe når det er slike tilhøve ved fronten og stadig større tap. Den frivillige svarer:

«Der er ingen villige. Dei leitar etter dei på gatene. I Lviv har dei «innsamling», folk blir hanka inn frå byggeplassar og barar. Nyleg var eg vitne til ein slik situasjon på busstasjonen i Lvov. Fem politimenn stod og sjekka alle som ville dra frå Lvov. Åtte personar vart arresterte på denne måten

Mange av årsakene til situasjonen no med mobilisering, har sitt opphav i Bakhmut. Det var ei kjøtkvern. Etter Bakhmut var det ingen att til å kjempe.»

Viss Ukraina skulle overvinne dei russiske styrkane, trur du då at Zelensky ville presse europeiske nasjonar som t.d. Tyskland til å samle ihop ukrainske flyktningar i stridsdyktig alder og sende dei attende til Ukraina? Den tyske avisa Bild skriv:

«Utlevér desertørane». Over 160 000 ukrainarar i militær alder flykta til Tyskland. Dei kan returnerast.

Vestens lærde lyt legge merke til kva Putin og hans generalar har sagt om føremålet med denne «spesielle militæroperasjonen» – å demilitarisere og avnazifisere Ukraina. Dette var ikkje berre politisk tomprat. Medan lenestolsgeneralane i Vesten er frustrerte over mangelen på massive russiske tropperørsler, ser det ut til at Russland er ganske nøgd med å halde fram med den systematiske øydelegginga av Ukrainas land-, luft- og sjøstyrkar. Tida er på Russland si side. Men ikkje på Ukrainas. Kvar dag som går fører Ukraina nærare avgrunnen.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Khashayar Kouchpeydeh

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...