Derimot: Dommer i USA krever at dokumenter skal offentliggjøres om iverksatte pandemitiltak. Skal vise en planlagt desinformasjon hvor myndighetene deltok.

Derimot.no

derimot.no:

Dommar gjev Fauci og hans medkonspiratørar ordre om å offentleggjere dokument som viser plandemisk samarbeid mellom styresmaktene og Big Tech

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av og henta frå saksyndig.

Distriktsdommar i USA, Terry Doughty, som vart utnemnt av Trump, har gjeve Tony Fauci, Kvite hus-pressesekretær Karine Jean-Pierre, og andre tenestepersonar i Joe Bidens regime ordre om å straks offentleggjere alle dokument som gjeld den føderale regjeringa sitt samarbeid med Big Tech om Wuhan koronavirus (Covid-19)-plandemien.

Eit søksmål ført av generaladvokatane i delstatane Louisiana og Missouri førde til den fyrste offentleggjeringa 31. august av det som The Epoch Times skildrar som ein «diger porsjon av oppdaging» som impliserte meir enn 50 tenestepersonar i regjeringa i eit dusin føderale byrå. Nokre tenestepersonar nekta derimot å samarbeide.

Anthony Fauci

Blant dei er Fauci, som for tida tener som direktør for National Institute of Allergy and Infectious Diseases (NIAID; «nasjonalt institutt for allergi og smittsame sjukdommar») – Fauci er beleileg i ferd med å trekkje seg frå embetet sitt etter fleire tiår med føderal «teneste». Ei anna er Jean-Pierre, som enno har til gode å adlyde rettsordren.

«For det fyrste er den ønskte informasjonen openbert særs relevant til anklagande sine påstandar,» sa Doughty. «Dr. Fauci sin kommunikasjon ville vere relevant til anklagande sine påstandar når det gjeld påstått undertrykking av ytring[sfridom] relatert til laboratorie-lekkasje-teorien rundt opphavet til Covid-19, og til påstått undertrykking av ytring[sfridom] når det gjeld effektiviteten til munnbind og Covid-19-nedstengingar.»

«Jean-Pierre sin kommunikasjon som Kvite hus-pressesekretær kan vere relevant til alle påstandane frå anklagande,» la han til.

Fauci (og Jean-Pierre) sine dagar er talte

Doughty la òg fram undertrykkinga av Hunter Biden sin laptop rett før 2020-presidentvalet, so vel som Big Tech sin openberre sensur, som hadde som mål å dekkje over alle spekulasjonar rundt det at Wuhan koronaviruset (Covid-19) var ein fabrikkert bløff.

Doughty har gjeve Fauci og Jean-Pierre 21 dagar til å adlyde ordren hans. Fauci må òg kome med fullstendige svar på ein serie spørsmål rundt rolla hans som NIAID-direktør, òg innan 21 dagar.

«Vi veit frå den tidlegare runden av oppdagingar at tiltak for å sensurere ytringane til dei som er ueinige med styresmaktene når det gjeld covid-politikk, har kome frå toppen,» sa Jenin Younes, juridisk rådgjevar for New Civil Liberties Alliance og advokat for somme av anklagarane.

«Amerikanarar fortener å vete om Anthony Fauci si deltaking i dette føretaket, spesielt sidan han har offentleg kravd at spesifikke individ, inkludert to av klientane våre, Jay Bhattacharya og Martin Kulldorff, skulle sensurerast på sosiale media.»

«Det er på tide for dr. Fauci å svare for si openlyse ignorering av dei grunnlovsfesta rettane til amerikanarar og deira sivile rettar.»

Ei anna eining som ikkje vil samarbeide i denne prosessen, er Department of Health and Human Services (HHS), som vi veit prøvde å opprette ei heil sensuravdeling før den avdelinga til slutt vart vurdert å vere grunnlovsstridig.

HHS held fram med å sperre for oppdagingsprosessen, og nektar å avsløre den rolla dei har spelt i den føderale regjeringa sitt «sensurføretak» gjennom sosiale media.

HHS seier at NIAID, Centers for Disease Control and Prevention (CDC) og Office of the Surgeon General er alle underbyrå som sannsynlegvis har og vil bli påkravde å kome med dei dokumenta det blir bede om.

Department of Homeland Security (DHS) er òg medskuldige, sjølv om dei prøver å argumentere for at det å kome med dei dokumenta som Doughty ber om, er «urimeleg tungt og ikkje står i samsvar med behova i saka».

Doughty var einig i at det å krevje alle dei 80 000-pluss-minus HHS-tilsette å leite etter relevante dokument ville vere ei tung bør for dei. Derimot peikte han ut spesifikke personar som allereie er identifisert i dokumenta som Meta, Facebook sitt morselskap, har kome med, og at det er dei [personane] som må adlyde, eller stå overfor potensielle skuldingar om å hindre juridisk rettferd å skje.

Forsidebilde: engin akyurt

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 11

Les artikkelen direkte på derimot.no