Derimot: Det som skjer i dag har sine historiske røtter. Russlands avgjørende vendepunkt høsten 1941
derimot.no:
For de som tror at dagens begivenheter ikke har sine levende historiske røtter, for slike blir ikke verdenshistorien en sammenhengende og forståelig kjede av begivenheter. Den blir løsrevne begivenheter som flyter løsrevet hver for seg i det tomme rommet, slik noen ønsker å fremstille det som skjer.
I en slik sammenheng blir begivenhetene i dagens Ukraina fullstendig meningsløse og irrasjonelle. Men kollektivt har den russiske (og ukrainske) befolkningen sine felles historiske erfaringer som er formidlet fra den ene generasjonen til den andre. Disse erfaringene er med på å prege belutningsgrunnlaget for handlinger i dag.
Ar Sovjetunionen (hvor Russland og Ukraina var en viktig del) mistet mellom 20 og 30 millioner mennesker som følge at det nazistiske angrepet i 1941-45 er en kollektiv emosjonell smerte og kraftkilde som bidrar til dagens russiske beslutningstakere sin forståelse av det de står overfor i dagens Ukraina.
At det var grupper vest i Ukraina som deltok på nazistisk side er også en del av denne historien. At disse fortok fryktelige massakrer på polsk befolkning ser det ut til at mange i Polen i dag har glemt. Det er etterkommere av disse gruppene som sitter med makten i dagens Ukraina, slik jeg ser det.
Denne korte historien forteller sitt om et av flere avgjørende øyeblikk under 2. verdenskrig.
Knut Lindtner
Redaktør
To dagar i oktober
Av Hans Olav Brendberg
Månadene etter 22. juni 1941 er den største katastrofen som har råka Russland gjennom landets lange og valdelege historie. På få månader vart store sovjetiske hærar omringa og tatt til fange. Fangane vart samla bak piggtråd i store fangeleirar, der dei fraus og svalt i hel utover hausten. Enorme mengder utstyr gjekk tapt.
I all hast vart det laga ein plan for å evakuera industrien austover – til Ural. Alt maskinutstyr frå same fabrikk vart lasta ombord i tog, som so køyrde direkte til ny fabrikkstad, med folk frå fabrikken med på transporten. So vart utstyr montert på ny stad – ofte starta produksjonen på nytt før taket var på plass i dei nye lokala. Folk sov i fabrikkhallane til brakkene var på plass.
I byrjinga av oktober gjekk store tyske styrkar til åtak på midten av austfronten, og den 10. oktober var store, sovjetiske styrkar omringa etter at tyske styrkar møttest ved Vyasma. Kort tid etter hadde dei tyske styrkane forsert hovudforsvarlina vest for Moskva – Mozhaisk-lina. Færre enn 100 000 mann var tilgjengelege for forsvaret av Moskva.
Folk byrja pakka saman og røma frå Moskva, og 15. oktober gav regjeringa ordre om å evakuera viktige departement, ambassadar og liknande til Kubysjev. Også kontoret til Josef Stalin vart pakka ned for flytting. Lov og orden byrja gå i oppløysing i byen, butikkar vart plyndra.
Mellom 15. og 16. oktober fann Stalin ut at han ikkje vart med på evakueringa til Kubysjev – han ville bli i hovudstaden, trass risikoen for omringing. General Sjukov byrja mobilisera hundretusenvis av sivile – mest kvinner – til å laga improviserte skyttergraver og stridsvogn sperringar vest for Moskva. Panikken la seg, Moskva byrja fungera igjen. Markeringa av årsdagen for oktoberrevolusjonen 7. november vart ei oppvisning av kampvilje.
Soldatane som deltok i den tradisjonelle paraden marsjerte direkte vidare til fronten vest for byen. Samstundes byrja Molotov-Ribbentropavtalen å bera frukter. Japan hadde oppfatta avtalen som ein dolk i ryggen etter det japanske nederlaget i Mongolia. Hausten 1941 førebudde den japanske leiinga offensiv sørover og austover – og hadde ingen planar om å marsjera mot Russland. Victor Sorge og andre spioner varsla om dette – og store styrkar kunne trekkast tilbake frå grensene i Asia, og setjast inn i slaget om Moskva. Etter fleire månader med nederlag, gjorde den raude hæren seg klar for sin første, og viktigaste, siger under andre verdskrig: Slaget om Moskva.Alt dette kunne tatt ein annan veg om panikken den 15. og 16. oktober hadde fått utvikla seg.
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 1