Derimot: Det pågår en utvikling som oversees. Her er fem tendenser på våpenmarkedet. – Derimot
derimot.no:
Fem detaljar som dei fleste observatørar oversåg i den siste SIPRI-rapporten om internasjonale våpentrendar

Dei er ikkje like viktige som dei framheva nøkkel-punkta i faktaarket, men det er likevel verdt å vite om dei.
Stockholms internasjonale fredsforskingsinstitutt (SIPRI), som blir sett på som høgste autoritet når det gjeld internasjonal våpenhandel, publiserte førre månad sin siste rapport om relaterte trendar i åra 2020–2024. Rapporten gjer ein god jobb med å påpeike slike trendar som nedgangen på 64% i russisk våpeneksport mellom 2015–2019 og 2020–2024 og at Qatar har meir enn dobla våpenimporten sin og no er verdas tredje største importør, men det er fem detaljar som dei fleste observatørar ikkje har bite seg merke i.

1. Israel er ikkje blant USAs topp 10 av våpenmottakarar
SIPRI nemner så vidt at «Israel var den 11. største mottakaren av USA sin våpeneksport i 2020–24 med ein andel på 3,0 prosent» rett etter at dei rapporterer om at Saudi-Arabia mottok 12% og Qatar 7,7%. Med andre ord mottok saudiane fire gongar så mange våpen som Israel gjorde og Qatar to og ein halv gong meir, noko som strir mot den allmenne oppfatninga av Israel si rolle i USAs militær-industrielle kompleks. Desse kjensgjerningane fortener vidare refleksjon, men konklusjonane vil kanskje opprøre visse aktivistar i Alt-Media-samfunnet.
2. USA replikerer Russland sitt «militære diplomati»
Russland er kjend for å praktisere politikken «militært diplomati», der dei væpnar venlegsinna par av rivalar (Armenia-Aserbaidsjan, Kina-India, Kina-Vietnam osv.) med intensjon om å oppretthalde maktbalansen mellom partane og dermed fremje politiske løysingar på disputtane deira. USA kopierer no denne politikken i Golfen, då dei væpnar Saudi-Arabia og Qatar, som enno ser på kvarandre med mistenksamheit trass i ei nominell tilnærming, men det er uklart om dette vil hjelpe til med å oppretthalde freden mellom dei.
3. Italia dobla eksporten ved hjelp av Midtausten
Italia overraska alle med meir enn ei dobling av våpeneksporten sin til å bli verdas sjette største leverandør etter å ha karva seg ein komfortabel nisje inn i Midtausten. Qatar (28%), Egypt (18%), og Kuwait (18%) utgjer til saman nesten 2/3 av salet deira i den siste femårsperioden, og litt mindre enn ein fjerdedel (24%) av Tyrkia sin våpenimport under den perioden kom også frå Italia. Italia har no i tillegg fleire «andre pansra kjøretøy» i ordreboka eller førehandsutvalde for framtidig sal enn nokon av rivalane har.
4. Polens våpenoverføringar til Ukraina var donasjonar
SIPRI listar opp Polen som verdas 13. største våpeneksportør under denne perioden på grunn av at dei har overført over 40x meir utstyr enn under førre femårsperiode. 96% av dette var til Ukraina, men rapporten nemner ikkje at alt ihop var donasjonar. Ifølge den avtroppande presidentens offisielle nettstad, gav Polen fleire tanks, infanterikampkjøretøy og luftfartøy til Ukraina enn noko anna land. Men sidan dei alle vart overførte pro bono, burde det ha vore uttrykkeleg nemnd i SIPRI-rapporten.
5. Våpenhandelen mellom Kina og Serbia fortener merksemd
Ein av dei mest spennande trendane frå SIPRI-rapporten er at Kina sin nest største våpenmarknad er Serbia med 6,8% av eksporten, noko som utgjorde 57% av Serbia sin import, nesten tre gongar meir enn importen frå Russland (20%). Dette beviser at Serbia si pro-Vestlege militære dreiing, som vart analysert her i januar etter at sjefen for gneralstaben i landet innrømde at sanksjonane hadde ført til tapte våpenkontraktar med Russland, er mildare enn ein har trudd.Tydelegvis ser Serbia føre seg ein balansegang mellom Kina og EU, noko som er ein unik politikk.
———-
Dei fem ovannemnde detaljane er på ingen måte like viktige som dei viktigaste punkta i SIPRI-rapporten, men dei er viktige nok til at observatørar bør vere obs på dei og følge med på korleis dei vil utvikle seg. USA sitt russisk-inspirerte «militære diplomati» i Golfen og Italia si uventa oppstiging som ein av hovudaktørane innan våpenleveransar til Midtausten er dei viktigaste å halde auge med om ein lyt velge, sidan dei kan få ein mykje større geopolitisk innverknad enn dei andre tre.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebildet er KI-generert
https://korybko.substack.com/p/five-details-that-most-observers