Derimot: Det er lett i Tyskland. Skiftet juridisk kjønn for å sone i kvinnefengsel. – Derimot

derimot.no:

Tysk nynazist «skiftar kjønn» for å få sone i kvinnefengsel

At menn som er dømt for temmeleg alvorlege brotsverk plutseleg identifiserer seg som kvinner for å få sone i kvinnefengsel, ser hovudsakleg ut til å vere eit amerikansk fenomen. Ideen bak handlar om sjølvopphaldingsdrift og oppfylling av visse andre drifter: det har skjedd at menn som er dømt for valdtekt, har valt å identifisere seg som kvinner for å bli sendt til soning i kvinnefengsel – og kva skjer om ein valdtektsmann er omringa av kvinner?

No har ein tyskar funne ut at dette systemet, urovekkjande nok, fungerer. Ein høgreekstremistisk mann har utnytta ei ny lov for å kunne få sone i eit kvinnefengsel. RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Ein tysk nynazist skal sone dommen sin i eit kvinnefengsel etter å ha utnytta ei ny lov som tillèt å registrere seg under eit anna kjønn, har media rapportert.

Sven Liebich, ein tidlegare medlem av den forbodne høgreekstreme gruppa Blod og ære, vart dømt i 2023 for fleire forhold, inkludert oppvigling til hat, ærekrenking og fornærming. Han anka dommen og tapte.

I fjor, derimot, registrerte Liebich seg som kvinne under den tyske Sjølvavgjeringslova, ei reform som vart vedteken under Olaf Scholz-regjeringa som byrja å gjelde i november. Lova lèt folk endre kjønnet og personnamnet sitt på eit registreringskontor utan ei rettsleg kjenning. Kritikarar har åtvara at reforma legg til rette for misbruk.

Ifølgje den tyske dagsavisa FAZ, har han no fått ordre om å sone 18 månader i Chemnitz kvinnefengsel i Sachsen. Liebich møtte opp i retten i ei skjorte med leopardmønster, ein diger hatt, sminke og bar ei handveske.

Liebich, no offisielt referert til som Marla-Svenja, argumenterte at endringa var naudsynleg for å unngå ‘diskriminering’ i eit mannefengsel. Han har sidan vist seg offentleg med kvinnekle – medan han framleis har bart.

Liebich vart dømt for fleire forhold, inkludert oppvigling til hat, ærekrenking og fornærming. Innanriksetterretningtenesta i Sachsen klassifiserte han visstnok som ein høgreekstrem aktivist både lokalt og nasjonalt. Han har blitt fotografert med naziliknande band på armane under rally der svartkledde demonstrantar marsjerte med raude, kvite og svarte flagg. På banda stod det slagordet ‘Sicherheits-Abteilung’ eller SA, som viser til Hitler si stormtroppavdeling.

Ifølgje mediereportasjar dreiv 53-åringen tidlegare og brende Pride-flagg og skildra transpersonar som ‘parasittar’, noko som får ein til å stille spørsmål ved motiva bak forvandlinga hans.

Leiaren i påtalestyresmakta sa at fengselsbetjentar skal avgjere om plasseringa til Liebich trugar tryggleiken og ro og orden. Dersom det er tilfellet, kan han bli flytta til eit anna fengsel.»

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde: KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar