Derimot: Det dreier seg om prioritering. Ukrainabistand og brannene i Los Angeles. – Derimot
derimot.no:
USA sin bistand til Ukraina sett i perspektiv

Politikarane i Washington deler ut utlandshjelp som om det var Halloween-snop. Millionar, milliardar, kven bryr seg? Så lenge pengane flyt. Så for å sette det litt i perspektiv, la meg ta opp tapa etter dei ukontrollerte skogbrannane som rasar i åsane rundt Los Angeles:
Tomme brannhydrantar: Brannfolka gjekk på ein smell då fleire hydrantar i Pacific Palisades gjekk tomme for vatn. Sjefsingeniør Janisse Quiñones ved Los Angeles Department of Water and Power stadfesta at alle vasstankane i området var tømde før klokka 3 på natta til onsdag.
Budsjett-kutt: Brannvesenet i Los Angeles, LAFD, slit med eit betydeleg budsjett-kutt på 17,6 millionar dollar for det budsjettåret 2024-2025, den nest-største reduksjonen blant byens ulike avdelingar. Dette kan legge endå meir band på evna deira til å bekjempe komande inferno, slik NY Post rapporterer.
Sending av utstyr til Ukraina: Joe Bidens USAID har finansiert 16 ukrainske brannstasjonar med verneutstyr, motor-pumper, motorsager og meir, ifølge organisasjonens rapportar. Dette har fått mange til å stusse. Mellom anna tvitra Elon Musk: «Men kva med California?» medan LA brenn.
Tapa er nedslåande: to døde, over 1000 bygg — inkludert skular, kyrkjer og bibliotek — øydelagde. Brannar i Palisades og Eaton spreidde seg over hundre kvadratkilometer med 0% kontroll rapportert.
La oss gå utifrå at den gjennomsnittlege kostnaden for dei tusen bygga som er oppetne av flammar så langt er 3 millionar dollar (eg mistenker at talet på øydelagde bygg blir mykje høgare, og også gjennomsnittskostnaden, og median salspris for ein heim i Palisades er på $3,3 millionar). Det blir 3 milliardar dollar. Ein ruinerande sum, og den seier ingenting om tapet av minne og familiearv som gjekk opp i røyk.
Kor mykje pengar har USA sendt til Ukraina? Totalt 75,1 milliardar dollar [euro, €, om ein skal tru illustrasjonen under, mrk.] mellom januar 2022 og juni 2024.

Pengane til Ukraina frå USA fordeler seg som følger: $20,91 milliardar i pengestøtte, $50,58 milliardar i militær assistanse og $2,6 milliardar i naudhjelp. Kva ville det ha kosta fylket Los Angeles å bygge nye reservoar til lagring av vatn? Leige inn fleire brannfolk? Rydde unna buskas og daude tre? For ein brøkdel av pengane til Ukraina kunne California bygge opp att heimane som blir øydelagde av brann. Skal vedde på at folka som har mista heimane sine no forstår kva $75 milliardar til Ukraina betyr.
Danny Davis og eg brukte ein god del av samtalen i dag på å diskutere utsiktene til eit framforhandla forlik i Ukraina og den utrulege villfaringa til Ukrainas Zelensky og USAs utanriksminister Blinken. Vi brukte siste del av samtalen til å snakke om anomaliane rundt eksplosjonen til Tesla’en utanfor Trump sitt bygg i Las Vegas og døden til Matt Livelsberger.
Eg må korrigere tidlegare opplysningar – det var ikkje FBI som hevda at Livelsberger skaut seg sjølv i hovudet. Det var politiet i Las Vegas. Mine orsakingar til Byrået.
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/putting-us-aid-to-ukraine-in-perspective/