Mykje har skjedd i dag. La oss starte med FBI sitt raid mot heimen til Scott Ritter i dag. Takk til Mark Wauck, ein pensjonert FBI-agent som ofte linkar til postane mine, for hans siste post om dette. Mark skriv:
RT-artikkelen er den første fulle utgreiinga eg har sett. Legg merke til at Ritter seier at ransakingsordren vart skriven ut på grunnlag av eit angiveleg brot på lova om registrering som utlandsk agent, FARA (Foreign Agents Registration Act). Det har seg slik at eg vurderte å skrive ein post denne kvelden om AIPAC (American Israel Public Affairs Committee)og FARA. Idéen kom då eg lytta til Danny Davis, som prøvde å få eit klart svar frå John Mearsheimer om AIPAC. Nesten uansett korleis DD stilte spørsmåla sine, blokkerte Mearsheimer han med den toskete setninga at alt AIPAC gjer er «heilt legalt» når det gjeld FARA, og at AIPAC med sine operatørar ikkje er utlandske agentar ifølge FARA. Vel, først, om Scott Ritter:
Eg oppmodar til å lese heile artikkelen. Raidet er eit forsøk frå USAs regjering på å kneble Scott. Eg har kjent Scott i 20 år, og han jobbar ikkje på vegner av noka utlandsk regjering. Scott sine meiningar er hans eigne, og han verken seier eller skriv det han gjer om krigen i Ukraina og krigen i Palestina på grunn av utlandske finansielle insentiv.
Mark Wauck merkar seg med rette dobbelmoralen når det gjeld lobbyorganisasjonen American Israeli Public Affairs Committee (AIPAC), som agerer som agent for Israel. Merk og at Hunter Biden, som drog tusentals dollar frå utlandske regjeringar, fekk betalt for å påverke politikken då faren hans, the Big Guy, tente som visepresident. Eg kan ikkje hugse at FBI raida heimane hans for å hente inn dokument. Berre endå ei påminning om at dei juridiske vektskålene er justerte til fordel for dei som har politiske tilknytningar.
No over til Israel og fotoet som ligg nedenfor i denne artikkelen. Israels TV-stasjon Kanal 12 gjennomførte ei meiningsmåling – «Er du einig i at ein soldat har lov til å valdta ein ‘terrorist’?» Svara er ein fordømmande anklage mot det israelske samfunnet:
47% Ja 43% Nei 10% Ubesvart
Er dette ytterlegare bevis for at Israel er eit folkemordisk samfunn? Ja, det meiner eg. Ein føreset ikkje uskuld. I staden inneber denne tankegangen at det einaste ei regjering treng gjere, er å stemple nokon som terrorist, så er den personen fråtatt alle rettar til human behandling. Og det er greit så lenge han eller ho er ein «terrorist». Sovjetarane brukte merkelappen «fiende av staten». Same sak, nesten. Så snart ei styreform ser bort ifrå rettsprinsippet om at ein person som er skulda for eit brotsverk har rett på forsvarsadvokat og rettssak, er den styreforma eit tyranni.
USA mista sin moralske rett til å fordømme den slags åtferd då dei tillet seksuelle overgrep og fornedring av fangar i Abu Ghraib. Det å halde fram med å finansiere eit Israel som feirar klanderverdig, skammeleg sjofel handsaming av fangar, gjer USA til ein medskuldig. USA støttar og medverkar til kriminell framferd.
I mellomtida er Ukraina travelt opptatt med å gjere militært sjølvmord med sine PR-angrep inn på russisk territorium, nær Kursk. Angrepsstyrken mangla luftdekning og makt til å støtte opp under angrepet. Dei ukrainske troppane vart brutalt slått tilbake av russiske luftangrep, artilleri og dronar. Somme har meint at det var ein finte eller ein avleiingsmanøver, dvs. få russarane til å fokusere merksemda si i nord, og slå så til mot atomkraftverket i Saporosje (Zaporizhzhia). Kanskje, men Ukraina mista betydelege ressursar i form av mannskap og utstyr som ikkje lett kan erstattast.
La oss anta at Ukraina skulle greie å nå Kursk. Okay. Korleis skulle dei gjenforsyne troppane sine og halde på overtaket. Russland er rik på ressursar – mannskap, kampfly, artilleri og dronar – til å hindre ukrainarane å kome vidare og utslette dei. Dei som innbiller seg at dette ville tvinge russarane til å søke ein framforhandla slutt på krigen, er dei same sinnsforvirra klovnane som lova at dei ukrainske troppane ville subbe rundt på strendene på Krim til sommaren i fjor.
Dette angrepet vil truleg få motsett effekt – Russland vil akselerere offensiven mot Ukraina, og dei kjem ikkje til å forhandle før Ukraina ber om nåde.
Danny Davis og eg diskuterte desse sakene på Deep Dive: