Derimot.no

Derimot: Dens autoritet var svekket fra før.Den internasjonale straffedomstolen har nettopp ødelagt seg selv.

derimot.no:

Den arrestordren som straffedomstolen har utstedt mot bl.a. Russlands president Putin forteller alt om domstolen. Den er et verktøy for bestemte krefter i vest og fungerer ikke som en rettsinstans for forbrytelser, men for selektive forbrytelser. Naturligvis har det hele tiden vært slik, men nå er det åpenbart.

Hvis Putin reiser til det neste BRICS-møtet som skal avholdes i Sør-Afrika og han ikke blir arrestert er parodien komplett. For Sør-Afrika anerkjenner ICC. Men hvis den bare kan utøve rettferdighet overfor svake stater og ikke alle, hvilken funksjon har den da?

Knut Lindtner
Redaktør

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) tener NATO, ikkje rettferd.

Den internasjonale straffedomstolen har skrive ut ein arrestordre for leiaren for Den russiske føderale kommisjonen for barnas rettar, Maria Lvova-Belova, og ein annan for Russlands president Vladimir Putin. Domstolen mistenker dei for å ha organisert bortføringa av ukrainske barn og deportert dei til Russland. 

Sidan dei første vekene av den russiske spesielle militæroperasjonen er barna i Donbas sende til Russland med foreldra sitt samtykke, for å verne dei mot krigen. 

I mars 2022 vidareformidla USAs ambassade i Kiev skuldingane frå den ukrainske regjeringa og fordømde bortføringa av 2389 barn. 

I slutten av april signerte president Vladimir Putin eit dekret som forenkla prosessen med å løyve russisk statsborgarskap til ukrainske foreldrelause og dei som ikkje vart tatt hand om av foreldra sine. 

I slutten av mai omtalte den ukrainske OSSE-utsendingen ei sak der eit barn som hadde mista foreldra sine, men framleis hadde besteforeldra sine, og som dei russiske autoritetane deporterte etter å ha erklært han som foreldrelaus. Ukrainas utanriksdepartement skulda russarane for å behandle Donbas-barna som om dei var russarar.

I september røysta fire ukrainske fylke, inkludert to i Donbas, i ei folkerøysting for å slutte seg til Den russiske føderasjonen. Altså vil ikkje brotsverket lenger eksistere så snart FN anerkjenner desse folkerøystingane.

Av dei 193 medlemslanda til FN, har 123 akseptert ICC. Til dømes er verken USA, Russland eller Kina medlemmar av straffedomstolen.

De fleste Nato-land godtar at domstolen ikke kan forfølge og arrestere USA-borgere. Dermed står vi i utgangspunktet overfor hykleri og dobbeltmoral. I praksis er det afrikanere og serbere som først og fremst er forfulgt av domstolen

Dei fleste av medlemslanda, inkludert alle NATO-medlemmane, har signert eit dokument der dei forpliktar seg til å respektere den US-amerikanske lova American Service-Members’ Protection Act (også kjend som Haag-invasjonslova), det vil seie at dei vil bryte domstolens statuttar og ikkje utføre arrestordrane den kjem med, dersom det er US-amerikanske statsborgarar som skal arresterast. 

Lova i USA, på si side, går endå lengre, då den eksplisitt truar Nederland med militær invasjon i tilfelle utlevering og fengsling av US-amerikanske mistenkte. Men sjølv om USA ikkje er medlem av ICC, har USAs president Joe Biden helsa velkomen dei internasjonale arrestordrane på Maria Lvova-Belova og Vladimir Putin.

Denne domstolen viste seg raskt å vere underdanig både EU og NATO.

• I årevis forfølgde den berre afrikanske leiarar, og intervenerte ikkje i USA sine krigar. Burundi, Sør-Afrika og Gambia trekte seg ut i 2016.

• Då NATO øydela Libyas Arabiske Jamahiriya for å gjere ende på folkemotstanden, påstod domstolens anklagar at han hadde arrestert Saif El-Islam Kaddafi og overført han til Haag. Kampane stoppa i nokre timar, men same kveld dukka Saif El-Islam opp på direktesendt TV saman med følgarane sine.

• Under det franske statskuppet på Elfenbeinskysten, sikta domstolen president Laurent Gbagbo for folkemord, noko som rettferdiggjorde Frankrikes militære intervensjon for å stoppe massakren. Men etter tre år med rettssak, utan å greie å legge fram bevis for at han var skuldig, laut dei frikjenne han. Og som om ikkje denne dramatiske førestillinga var nok, plasserte domstolen han i husarrest for å hindre han i å stille som kandidat til presidentvalet i 2020.

• Til sist etterforske domstolen USA sine brotsverk i Afghanistan, før dei let vere å reise tiltale og lukka saka i «rettvisas interesse» (sic).

Ifølge European Commissioner Didier Reynders betalte EU 10 millionar pund til ICC i 2022 for domstolens «arbeid med Ukraina», og vil levere minst 3 millionar pund per år fram til 2025.

Som svar til ICC har Russlands påtalemakt kunngjort at dei har opna straffesak mot ICCs anklagar Karim Ahmad Khan og hans magistratar.

Voltairenet

Omsett av Monica Sortland

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no