Derimot: De kan kopiere seg selv. Ny type mRNA-vaksiner møter motstand. – Derimot
derimot.no:
Toppdoktor slår alarm om «sjølvforsterkande mRNA-vaksinar»: «Neste nivå av farleg»
Ein prominent doktor slår alarm no når forsøka med nye «sjølvforsterkande mRNA-vaksinar» nett har starta i USA før dei blir rulla ut til allmenn bruk.

Dei Bill Gates-promoterte «sjølvforsterkande» mRNA-skota inneheld det som trengst til å lage meir av seg sjølv så snart dei har kome seg inn i cellene. Injeksjonane har blitt kalla «replika-vaksinar», fordi dei greier å replisere seg inne i menneskekroppen og produsere meir mRNA over tid.
Immunologen Dr. Jessica Rose er ein av fleire leiande ekspertar som kjem med åtvaringar om dei sjølv-forsterkande mRNA-vaksinane. Under ei nyleg høyring for kanadiske National Citizens Inquiry (NCI), åtvara Dr. Rose:
«Vi har denne nye teknologien som blir kasta over oss akkurat no, som er neste nivå av farleg, som er sjølv-forsterkande RNA, LNP, såkalte vaksinar. Og grunnen til at eg igjen tar det opp, er at FDA den 11. november gav det nye produktet grønt lys for fase ein-forsøk i USA på 200 menneske med kodingsmateriale for visse gener som er forbundne med H5N1-viruset.»
«Og eg har allereie skrive to artiklar om dette,» heldt Rose fram. «Eg skal fortelle deg at eg er ganske god på å lokalisere, følge eit såkalt papir-spor på nettet, for å finne ut: Kven finansierer det? Kva er kodingssekvensen? Kva er genene? Eg skal forklare det andre som folk treng vite om dette. Kva er alfaviruset som dei brukte som mal? Det finst ingen informasjon å oppdrive om alfaviruset. Genene som dei set inn i dette, den lipide nanopartikkel-formelen, som kanskje er den same som Moderna og/eller Pfizer, eller kanskje ikkje. Ingenting. Og det heile skjuler seg bak forretningmessige greier, og det er som … høyr, folkens, i tillegg til den gen-baserte terapien som allereie er injisert inn i milliardar folk, så køddar vi med genane her. Vi kan ikkje skjule det. Dette involverer alle, og dette sjølvforsterkande stoffet er endå meir skremmande.»
Førebuingane til dei nye «vaksinane» kjem medan andre nasjonar allereie har starta utrullinga av den sjølvforsterkande replika-teknologien.
Dei nye «replika»-Covid mRNA-»vaksinane» har blitt kalla «den tredje atombomba» av anerkjende ekspertar i Japan.
«Vaksinane» vart sleppte laus på det japanske folket i oktober, etter at landets reguleringsstyresmakter godkjende dei trass i at dei mangla data på både sikkerheit og verknadsgrad.
Som Slay News nyleg rapporterte om, slår nokre av Japans mest prominente vitskapsfolk, doktorar, immunologar og akademikarar alarm om dei nye injeksjonane.
Dei åtvarer om at «dei sjølv-repliserande RNA-vaksinane» vil «utløyse ein verdsomfemnande katastrofe«.
Dr. Robert Malone, som fann opp mRNA-teknologien, drog til Japan og møtte ekspertar for å diskutere dei nye injeksjonane. Malone avslørte at det no veks fram eit opprør blant det japanske folket.
Innbyggarane har allereie tatt til gatene i protest over den tidlegare Covid mRNA «vaksine»-kampanjen. Malone delte detaljane frå den japanske demonstrasjonen han var med på, der 30 000 menneske protesterte mot replika-injeksjonane.
«Eg kom nett tilbake frå Tokyo, der dei hadde samla 30 000 personar til demonstrasjon fordi dei er i ferd med å ta i bruk sjølv-repliserande RNA-vaksinar.» sa Malone.
«Japan blir brukt som forsøkskanin for verda for denne nye teknologien. Det japanske folklet kallar den Den tredje atombomba.»
Samtidig veks frykten for at dei nye injeksjonane snart vil bli godkjende globalt.
I Canada åtvarer doktorar folk om at kanadiske reguleringsstyresmakter vil følge Japan og godkjenne «replika»-mRNA-injeksjonane.
Ein doktor kalla skota for «den neste iterasjonen av Frankenstein-teknologi».
Onkologen Dr. William Makis, spesialist på akuttmedisin, Dr. Mark Trozzi, virolog og vaksinolog Dr. Byram Bridle talte nyleg til det japanske parlametet under årets internasjonale krisekonferanse.
Dei tre ekspertane formidla uroa si då dei returnerte heim til Canada.
Dei understreka at desse nye replika-»vaksinane» er farlege, slik forgjengarane er, Covid mRNA-skota.
«Dette er den neste iterasjonen av Frankenstein-teknologi,» sa Dr. Makis. «Vi veit ikkje kva denne teknologien kjem til å gjere. Vi veit at den har alle dei negative trekka til den første generasjonen av mRNA-vaksinar».
Sjølvforsterkande, eller «replika», mRNA-skot tar Covid-«vaksinane» til neste nivå.
Makis skildrar dei nye Covid-«vaksinane» som mRNA-skot «på steroidar».
Omsett av Monica Sortland
Forsidebildet er KI-generert