Derimot: BRICS innvarsler ny økonomisk verdensorden … og at Putin internasjonalt er konge. – Derimot
derimot.no:
Putin raserer Vestens utbreidde oppfatning om at Russland er isolert
av Larry C. Johnson
BRICS avslutta ein vellykka dag to med å godkjenne Kazan-erklæringa. Her er dei viktigaste punkta:
- BRICS-landa føreslo å styrke ikkje-spreiingsordninga og ei atomvåpenfri sone i Midtausten;
- Understreka behovet for å gjenoppta den iranske atomavtalen med alle partar;
- Forslag om å reformere Bretton Woods-institusjonar ved å auke utviklingslands bidrag til verdsøkonomien;
- BRICS vil utforske moglegheita for å opprette ein einskild transport-plattform som kan sikre multimodal logistikk mellom landa i forbundet;
- Uttrykte uro over eskaleringa i Midtausten, fordømde det israelske angrepet på den iranske ambassaden og undermineringa av personsøkarar i Libanon;
- Helsa velkomen opprettinga av ein ny investeringsplattform som bruker infrastrukturen til Den nye utviklingsbanken (New Development Bank);
- Støtta ubetinga respekt for Syrias suverenitet og forsvar av landets territorielle integritet;
- Dei støttar initiativet til Den russiske føderasjonen om å opprette ei kornutveksling som seinare kan utvidast til også å gjelde andre jordbrukssektorar;
- Støtta FNs vedtak om Staten Palestina innanfor 1967-grensene;
- Semje om å transformere Den nye utviklingsbanken til ein multilateral utviklingsbank for «framveksande marknad»-landa..
Likevel fornektar Vesten framleis implikasjonane av det som no skjer i Kazan.


Denne videoen oppsummerer utmerkt andre dag av møtet.
US-amerikanske tenestemenn slit med å levere ei samanhengande, rasjonell melding om tilstanden til det russiske militæret. På den eine sida insisterer dei på at Russland må bli stoppa, elles vil dei invadere og erobre resten av Europa, altså at det russiske militæret er mektig. Men dei push’ar også nonsens-mimet om at nordkoreanske troppar kjempar saman med russarane fordi russarane er så svekka av sine angrep på Ukraina at det russiske militæret treng ei hjelpande hand frå Pyongyang. Okay, korleis er det? Russarane er ein mektig armé som vil ta over Europa eller dei er så øydelagde og svekka at dei treng assistanse frå 10 000 nordkoreanarar? Eg syner begge som bullshit.
Følgande video er eit døme på ei av dei dramatiske endringane i sosiale medium som har skjedd sidan 2020-valet. I 2020 var det relativt få podcast’ar i dei sosiale media, og dei spelte ikkje så stor rolle i valet. Politiske operatørar — Republikanarar og Demokratar — fokuserte sine finansielle ressursar på kabel-TV-nyheiter og mainstream-media. Men under dei siste fire åra har podcast’ar på YouTube, TikTok, X og andre kanalar trekt eit langt større og breiare publikum enn dei tradisjonelle media har. Til dømes har Joe Rogan nesten 18 millionar abonnentar. Publikummet til Fox News, CNN og MSNBC kombinert er berre ein brøkdel av dette. Det ser ut til at folk som er yngre enn 50 får dei fleste av nyheitene frå desse podcast’ane og ignorerer dei tradisjonelle media.
Her er samtalen min med Danny frå Capital Cosm.
Artikkelen er oversatt av Monica Sortland og noe forkortet