Derimot.no

Derimot: Blir det et nytt Afghanistan for USA i Ukraina USA gir identisk advarsel til Kiev som Kabul fikk.

derimot.no:

Kiev får same åtvaring som Kabul fekk før USAs kaotiske sorti, medan Biden gjer førebuingar for eit ukrainsk nederlag – Politico

Posta på kolozeg.org den 25/04/2023

Washington skal ha fortald Kiev det same som dei fortalde Kabul i tida før dei trekte seg ut i 2021. Washington har bede Kiev nedskalere ambisjonane sine, nett slik dei gav det USA-støtta regimet i Kabul råd om før den katastrofale tilbaketrekkinga. Offisielle US-amerikanske tenestemenn leikar i USA med idéen om ein Minsk-liknande våpenkvile dersom Kiev sin storoffensiv ikkje når sine ambisiøse mål. Det kvite hus skal ifølge kjelder ha heilgardert seg, i tilfelle den store offensiven til Kiev ikkje leverer.

Det kvite hus har gitt Ukraina same åtvaring dei gav det USA-støtta regimet i Afghanistan i 2021, rapporterte Politico på måndag, siterande anonyme kjelder i president Joe Bidens administrasjon.

Ifølge avisa har Washington åtvara Kiev mot å spreie troppane sine for tynt eller ha for store ambisjonar. Det er det Biden skal ha sagt til den afghanske presidenten, Ashraf Ghani, ei stund før USA trekte seg ut av Afghanistan og Taliban tok over landet.

Åtvaringa kom i samband med USA sin uro over at den «evig overhengande motoffensiven» frå Kievs styrkar kanskje ikkje på langt nær vil leve opp til forventningane, og såleis blottlegge Biden for kritikk frå både haukar og duer, heime og i Europa.

Politico rapporterte først at Ukraina hadde 100 000 drepne under dei siste 14 månadane. Seinare redigerte dei talet til at det refererte til totale tapstal, inkludert såra og sakna. Mange av Kievs toppsoldatar var «enten sette på sidelinja eller utmatta,» sa avisa etter å ha gått igjennom «historiske mengder» våpen og ammunisjon som sjølv Vestens «vidunderbarn-mediekanal» ikkje greidde halde tritt med.

Nokre US-amerikanske statstenestemenn skal ha lufta idéen om ei framforhandla våpenkvile, og såleis opne døra for at Kiev kan ta opp att angrepa sine etter påfyll av våpen og rekreasjon.

USA var meint å forlate Afghanistan innan mai 2021, ifølge ein fredsavtale som Bidens forgjengar Donald Trump hadde fått til med Taliban. Biden forseinka unilateralt avgangen med fleire månadar. Då dei US-amerikanske troppane byrja trekke seg tilbake, fortalde både Biden og hjelparane hans til journalistane at den afghanske regjeringa ville klare å halde unna Taliban i minst fleire månadar.

Til tross for at Taliban hverken hadde tunge våpen som dette eller flyvåpen tapte USA krigen. (Foto: Kevin Schmid)

Tidlegare denne månaden sleppte Det kvite hus ein rapport som stillteiande innrømmer at mykje hadde gått gale med tilbaketrekkinga, men all skuld vart lagt på Trump og afghanarane sjølve. 

«Ingen byrå føresåg at Taliban skulle ta over på ni dagar,» fortalde talsmann for National Security Council, John Kirby, til journalistar. «Ingen byrå føresåg den raske flukten til president [Ashraf] Ghani … Og ingen byrå føresåg at dei over 300 000 trente og utstyrte afghanske styrkane for nasjonal sikkerheit og forsvar skulle mislykkast i å kjempe for landet sitt, særleg etter 20 år med amerikansk støtte.»

Den av USA væpna og finansierte afghanske arméen hadde overgitt seg til Taliban utan særleg kamp, og Kabul fall den 15. august, før USA greidde å fullføre si feige, kaotiske tilbaketrekking

Biden førebur seg på at Ukraine kan tape

USAs president Joe Bidens administrasjon «førebur seg i det stille på sjansen for» at Ukrainas mykje innvarsla offensiv ikkje vil levere den «totale sigeren» som Kiev ønska seg, rapporterte Politico på måndag, siterande fleire anonyme statstenestemenn.

Medan regjeringa offisielt «uvaklande» støttar Ukraina, har offisielle tenestemenn privat uttrykt frykt for at Det kvite hus kan hamne i ein krysseld av kritikk dersom angrepet ikkje lever opp til forventningane, sa avisa. «Haukane» vil påstå at USA og deira allierte ikkje har gitt Ukraina nok våpen og ammunisjon, medan «duene» vil sjå det som bevis for at Kiev ikkje kan vinne.

«Viss ikkje Ukraina får dramatiske vinstar på slagmarka, så reiser uunngåeleg spørsmålet seg om det er på tide med ein framforhandla stopp i kampane,» sa Richard Haass, presidenten for Council on Foreign Relations, til Politico. «Det er dyrt, vi blir tømde for ammunisjon, vi har andre uføresette utgifter rundt om i verda å førebu oss på.»

Éin statstenestemann, som bad om å få vere anonym, sa at USA hadde levert ei bølge av våpen og utstyr til Ukraina, og «nesten oppfylt» alt som Kiev hadde bede om. Men bak lukka dører er USA «bekymra for kva Ukraina kan få til».

Militæret til USA trur konflikten har køyrd seg ned i ein skyttargravskrig, der ingen av sidene greier å rykke særleg langt eller raskt fram.

Pentagon tvilar no på at Ukraina kan nå målet sitt om å nå Krim, sjølv om militæret enno håpar dei kan «forstyrre» dei russiske forsyningslinjene.

Ein avtale om våpenkvile ville bli seld både til Vestleg og ukrainsk publikum som ei midlertidig våpenkvile, der ein set «døra open for at Ukraina kan vinne tilbake meir av territoriet sitt på eit seinare tidspunkt,» fortalde nokre US-amerikanske offisielle tenestemenn til Politico. Dét har blitt gjort før, med Minsk-avtalen frå 2015 – ifølge nylege tilståingar frå leiarane av Tyskland og Frankrike den gongen –sjølv om avisa ikkje nemnde dét.

Omsett av Monica Sortland

Les artikkelen på engelsk her: https://kolozeg.org/kiev-gets-same-warning-kabul-got-before-uss-disorderly-exit-as-biden-prepares-for-the-ukraine-failure-politico/

Les artikkelen direkte på derimot.no