Derimot.no

Derimot: I 2020 kastet mange leger all faglighet på båten. De foreskrev «det dødelige stikket» og ikke naturlig immunitet som er det som virker.

derimot.no:

Covid-19-krisa og «det dødelege stikket»: er det kunnskapsløyse og kommersiell grådigheit? Eller er det globalistane sin avfolkingsagenda?

Var det eit knippe høgt plasserte personar som sette i gang med å kontrollere og bokstaveleg talt øydelegge ein stor del av verdas befolkning?

Av Dr. Emanuel Garcia

Global Research, 24. september, 2023

Eg lyttar oppmerksamt når legar og andre helseprofesjonelle som ein gong støtta covid-tiltaka – ‘bli heime’ (for ein underleg eufemisme for fengsling!), munnbind (kor mykje meir av bevis treng vi for å vise at dei er, og alltid har vore, nyttelause mot luftvegsvirus?), og sjølvsagt det innovative mRNA-baserte sprøytestikket – medan dei aldri tok seg bryet med å nemne noko om naturleg immunitet eller tidleg behandling, endrar syn. 

Etter å ha vandra nedover sin eigen veg til Damaskus og sett eit lys sterkt nok til å få dei til å revidere sine tidlegare evangelium, har dei hatt si omvending, har slutta seg til vårt lag, og står no i rampelyset på motstandens preikestol, som motstandens front og sentrum. 

Eg aksepterer at vi treng all den hjelpa vi kan få, og eg er takknemleg for assistansen deira, men eg er ofte merksam på at forklaringane som nokre av dei gir, i etterpåklokskap, berre går eit stykke, og ikkje lengre. Faktisk kjem dei alle til kort i forståinga av at den falske pandemien var ein ‘operasjon’ utført på klodens folk av ein mektig fraksjon som søkte å ikkje berre berike seg sjølve, men å slavebinde oss og med sine biologiske våpen drepe og lemleste

Det var ikkje berre det at Pfizer, Moderna og Astrazeneca sleika seg rundt munnen i forventning om sjansen til å tene grovt på å presse på oss eit utilstrekkeleg testa middel, medan nervøse helsemyndigheiter meinte det var betre med for mykje enn for lite, og gjekk inn for å ‘vaksinere’ alle som pusta som eit føre-var-tiltak basert på engsteleg og ignorant uro … Nei. Det var meir, det var meir djuptgripande, det var meir djevelsk øydeleggande og sentralt planlagt.

Ja, det var – det er – ein konspirasjon, ikkje berre opprømt hanemarsj og Sierpinski-triangel. Det var ei gruppe personar i høge stillingar som sette seg føre å kontrollere og bokstaveleg talt øydelegge ein stor del av verdas befolkning, med vilje og utan nåde.

Dei gjer det framleis, og ikkje berre med det dødelege stikket. Den ‘omstarten’ dei planla (The Great Reset) inkluderer omfattande sensur, øydelegging av grunnleggande medisinske prinsipp, digital identifikasjon, sosial-kreditt-løyve, total overvaking, ei bedragersk klima-‘krise’ som fører til ytterlegare innskrenkingar på menneskets sjølvstende, og sjølvsagt fleire og fleire vaksineringar. Omfanget av operasjonen deira er enormt, og fruktene deira burde no vera synlege for alle som vågar å tenke. Ignoranse og grådigheit frå næringslivet er ikkje hovuddrivkrafta. Å ikkje anklage globalistane for dei mordarane dei er, er å la dei sleppe unna og splitte motstandskrafta vår. Å ikkje knyte saman punkta, er å sitte igjen med eit bilete som er så ufullstendig at ansvar vert diffust og dei viktigaste av dei skuldige kan halde fram med sine intrigar ustraffa.

Her om dagen fekk eg snakke med ein helsearbeidar, ein person som hadde blitt pressa til å ta stikket for å behalde jobben sin, ein person som slutta seg til oss i parlamentet her i Wellington medan vi protesterte mot påboda, ein person som har arbeidd i bakgrunnen for å hjelpe andre i helsesystemet som var imot munnbindtvang, karantene og stikk. Då eg spurde han rett ut om han trudde det kunne vere ein ‘avfolkingsagenda’, rista han på hovudet. Det var å trekke det for langt, men det gav meg ein ide. 

Desse kjende legane og sjukepleiarane, kjende for MSM-publikum som talspersonar for Programmet i starten, som påverka tallaust mange menneske til å halde linja – kva om dei, i sin nye skinande drakt i fridomssamfunnet, hadde teikna det fulle biletet? Eg greier enno ikkje forklare korleis profesjonelle helsearbeidarar med sjølvrespekten i behald så fullstendig kunne miste forstanden i 2020, så totalt at dei kasta prinsippa i faget sitt på båten. Hadde dei verkeleg gløymt naturleg immunitet og tidleg behandling og det at ein ekte vaksine treng testast for tryggleik og effekt over fleire år? 

Men ikkje bry deg om det. Viss våre nye apostlar for sunt vett no kan bryke tyngda og påverknadskrafta si til å opplyse dei mange som vinglar i midten om det sanne omfanget og fordervinga og den vondsinna planlagde koordinasjonen av informasjonsformidling til dei psykologiske operasjonane, då vil dei ha gjort opp for sine tidlegare feiltrinn og sin medverknad. Men, med mindre dei har motet til å ta det heilt til topps, vil eg for min del sjå på intensjonane deira med djup mistanke.

Om dei ikkje har mot til å servere heile retten, kan dei ta småbitane sine og dra ein annan stad.

Dr. Garciaer psykoanalytikar og psykiater frå Philadelphia (USA), som emigrerte til New Zealand i 2006. Han har skrive artiklar om psykoanalytisk metodikk, psykologien i musikalsk kreativitet (Mahler, Rachmaninoff, Scriabin, Delius), og politikk. Han er også poet, romanforfattar og teaterregissør. Han pensjonerte seg i 2021, etter å ha jobba som psykiater i offentleg sektor på New Zealand. Besøk substack’en hans her:https://newzealanddoc.substack.com/

Omsett av Monica Sortland

Copyright © Dr. Emanuel Garcia, Global Research, 2023

Les artikkelen direkte på derimot.no