Derimot: Ble Hitler finansiert av amerikansk og britisk kapital? Hvem stod bak Hitler? – Derimot
derimot.no:
Historie: Adolf Hitler vart finansiert av Wall Street og sentralbankane i USA og England
US-amerikanske investeringar i nazi-Tyskland. Rockefeller finansierte valkampen til Adolf Hitler
av Yuri Rubtsov og Prof Michel Chossudovsky
Global Research, 23. september, 2024
Tidlegare publisert på Global Research 14. mai, 2016
Her kjem ein artikkel av Michel Chossudovsky, følgd av Yuri Rubtsov sin artikkel:
History: Hitler was Financed by the Federal Reserve and the Bank of England
Det grundige forskningsarbeidet til Rubtsov kastar lys over rolla til Wall Street og US Federal Reserve (USAs sentralbank) i finansieringa av nazi-regjeringa til Adolf Hitler.
Makta til U.S. Dollar
Den hemmelege 1932-avtalen
Wall Street finansierer Hitlers valkamp
av Michel Chossudovsky
November 21, 2023
nokre små korreksjonar 22. september, 2024
Introduksjon
Frå Første verdskrig til notida: Dollar-gjeld har blitt drivkrafta bak alle USA-leidde krigar.
Wall Street -kreditorar er hovudaktørane.
Dei stod fast på nazi-Tyskland si side. Dei finansierte Operasjon Barbarossa og invasjonen av Sovjetunionen i 1941.
«Den 4. januar, 1932, var det eit møte mellom den britiske finansmannen Montagu Norman (sjefen for Bank of England), Adolf Hitler og Franz Von Papen (som fem månadar seinare, i mai 1932, vart kanslar). På dette møtet kom dei fram til ein avtale om finansieringa av Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet (Nationalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei NSDAP, Nazi-partiet).
Til stades på møtet var og US-amerikanske policy-makarar og Dulles-brørne, noko biografane deira helst ikkje nemner.
Eit år seinare, den 14. januar, 1933, fann det stad eit anna møte mellom Adolf Hitler, Tysklands finansmann baron Kurt von Schroeder, Kanslar Franz von Papen og Hitler sin økonomiske rådgivar Wilhelm Keppler, der Hitler sitt program vart fullt godkjend». (Y. Rubtsov)
Straks Adolf Hitler vart kanslar i mars 1933, vart det starta eit massivt privatiseringsprogram som har fingeravtrykka til Wall Street over heile seg.
Dr. Hjalmar Schacht – gjenoppnemnd som riksdagspresident av Adolf Hitler i mars 1933 – vart invitert til Det kvite hus (i mai 1933) av president Franklin D. Roosevelt.
«Etter møtet sitt med USAs president og bankierane ved storbankane på Wall Street, allokerte USA nye lån på totalt $1 milliard til Tyskland» [som tilsvarer $23,7 milliardar i 2023, PPP-estimat] (Y. Rubtsov)
Knapt eit år seinare, i april 1934, rapporterte The Economist at «militørutgifter tvinga finansministeren til å sjå seg om etter nye ressusrsar» inkludert privatiseringa av Deutsche Reichsbahn (Tysklands jernbane) (sitert i Germa Bel, p. 20). Nazi-regjeringa selde også ut statseigde skipsverft, statleg infrastruktur og offentlege institusjonar.
«Nazistisk, neo-liberalt» orientert, – utan tvil med tilknytte «vilkår» – vart privatiseringsprogrammet forhandla fram med Tysklands Wall Street-kreditorar. Fleire storbankar, inkludert Deutsche Bank og Dresden Bank, vart også privatiserte.
«Regjeringa til nazi-partiet selde ut offentleg eigedom i mange statseigde verksemder på midten av 1930-talet. Det var verksemder innan ei brei rekke sektorar: stål, gruvedrift, bankverksemd, kommunal eigedom, skipsverft, skipsfart, jernbaner osv.
I tillegg vart fleire offentlege tenester, særleg sosial- og arbeidsrelaterte tenester som før 1930-talet hadde vore statlege, no overførte til den private sektoren, hovudsakleg til organisasjonar innanfor partiet.» (Germa Bel, University of Barcelona)
Pengane dei fekk av privatiseringsprogrammet vart brukte til å betale tilbake uteståande gjeld og til å berike nazi-Tysklands profitable militærindustrielle kompleks.
Mange US-amerikanske konglomerat hadde investert i nazi-Tysklands våpenindustri, mellom andre Ford og General Motors:
Både General Motors og Ford insisterer på at dei har lite eller inkje ansvar for sine tyske dotterselskap sine operasjonar, som kontrollerte 70 prosent av den tyske bilmarknaden då krigen braut ut i 1939 og raskt omorganiserte seg til å bli leverandørar av krigsmateriell til den tyske arméen.
… I visse tilfelle gjekk dei amerikanske leiarane for både GM og Ford med på å omstille sine tyske verk til militær produksjon, på eit tidspunkt då regjeringsdokument frå USA viser at dei sette seg imot Roosevelt-administrasjonen sine førespørslar om å trappe opp militærproduksjonen ved verka heime.(Washington Post, 30. november, 1998)
«Ein vidkjend amerikansk familie» til sengs med fienden. Rolla til Prescott Bush
Viktig: «Ein vidkjend amerikansk familie» tente seg rike på nazistane, ifølge den dokumenterte historiske analysen til John Loftus.
Prescott Bush (bestefaren til George W. Bush) var partnar i Brown Brothers Harriman & Co. , og direktør for Union Banking Corporation , med nære band til interessene til tyske korporasjonar som til dømes Thyssen Stahl, eit viktig selskap involvert i våpenindustrien til Det tredje riket.
Bush-familien sine band til nazi-Tysklands krigsøkonomi kom først for ein dag under Nürnberg-prosessane i vitnemålet til nazi-Tysklands stålmagnat Fritz Thyssen.
Bildet: Senator Prescott Bush med sonen George H. Walker Bush. (1950-talet)
Thyssen var partnar med Prescott Bush.


.
«Frå 1945 til 1949 i Nürnberg, starta ei av dei mest langvarige og, har det vist seg, mest fåfengde granskingane av einmistenkt nazi-krigsforbrytar i den amerikanske sona av det okkuperte Tyskland.
Multimilliardær og stålmagnat Fritz Thyssen – mannen som eigde stålsyndikatet som utgjorde det kalde hjartet til nazi-krigsmaskina – snakka og snakka og snakka til eit sams US-amerikansk/britisk etterforskingsteam.
… Det dei Allierte Nürnberg-etterforskarane aldri forstod, var at dei aldri stilte Thyssen det rette spørsmålet. Thyssen trengde ikkje utlandske bankkontoar, for familien hans hadde hemmeleg eigarskap over ein heil bankkjede.
Han trengde ikkje flytte på verdiane sine på slutten av Andre verdskrig; alt han måtte gjere var å overføre eigarskapsdokumenta – aksjar, obligasjonar, papir over eigedomsrett og forvaltningsformuar – frå banken sin i Berlin, via banken sin i Holland til dei amerikanske vennane i New York City: Prescott Bush og Herbert Walker, Thyssen sine partnarar. (John Loftus, The Dutch Connection, September 2002).
John Loftus var tidlegare aktor i nazi-krigsbrotssaker under USAs justisdepartement. i Nixon-administrasjonen.
Det amerikanske folket var ikkje klar over banda mellom Bush-familien og nazi-Tyskland, fordi dei historiske dokumenta har blitt haldne skjult for massemedia. Men i september 2004 avslørte The Guardian at:
«George Bush sin bestefar, no avlidne US Senator Prescott Bush, var direktør for og aksjeeigar i selskap som profitterte på samrøret sitt med nazi-Tysklands finansielle støttespelarar. …
Forretningsverksemda hans, som heldt fram heilt til verdiane i selskapet hans vart konfiskerte i 1942 med heimel i lova om handel med fienden (Trading with the Enemy Act), har over 60 år seinare ført til eit sivilsøksmål i Tyskland om erstatning for skadar som Bush-familien har påført to tidlegare slavearbeidarar i Auschwitz og murrande kontroversar før valet.»
(Ben Aris og Duncan Campbell, How Bush’s Grandfather Helped Hitlers Rise to Power, Guardian, September 25, 2004, mi utheving)
Prescott Bush gjekk inn i politikken i 1950. I 1952 vart han vald til Senator for Connecticut, ei stilling han hadde fram til januar 1963.
Bevis for Bush-familiens band til nazismen fanst tilgjengelege lenge før George Herbert Walker Bush (Senior) og George W. Bush entra politikken, for ikkje å snakke om Bush Seniors svipptur innom CIA.
Media i USA var framleis totalt stille. Ifølge John Buchanan (New Hampshire Gazette, 10. oktober 2003):
«Etter 60 år utan merksemd og til og med fornekting i dei US-amerikanske media, avslører no nyleg avdekka regjeringsdokument i najonalarkiva (The National Archives) og Kongressbiblioteket (Library of Congress) at Prescott Bush, bestefaren til president George W. Bush, frå 1926 til 1942 var forretningspartnar med den finansielle arkitekten til nazi-krigsmaskina og tente som hans kontaktledd til US-amerikanske bankar, før Kongressen i 1942 gjekk til drastiske steg mot Bush.
Dokumenta viser og at Bush og kollegaane hans ifølge rapportar frå USAs finansdepartement prøvde å skjule pengealliansen med den tyske industrialisten Fritz Thyssen, ein stål- og kol-baron som tilbake på midten av 1920-talet byrja å personleg finansiere Adolf Hitler si oppstigning til makta ved undergraving av demokratiske prinsipp og tysk lov. Vidare viser dei no offentleggjorte dokumenta at Bush og hans forbundne, som inkluderte E. Roland Harriman, ein yngre bror av det amerikanske ikonet W. Averell Harriman, og George Herbert Walker, president Bush sin oldefar på morssida, heldt fram med handlane sine med den tyske finansfyrsten i nesten eit år etter at USA gjekk inn i krigen.
Sjølv om verdiane i Prescott Bush sitt selskap Union Banking Corporation vart kverrsette i 1942 med heimel i Trading with the Enemy Act (sjå under), vart George W. Bush sin bestefar aldri rettsforfølgd for sine forretningssamband med nazi-Tyskland..
«I 1952 vart Prescott Bush vald inn i Senatet i USA, utan at pressa nemnde noko om hans godt skjulte nazi-fortid.»
Det finst ikkje noko arkivmateriale om noka pressedekning på Bush/nazi-sambandet under nokon av dei politiske kampanjane til George Herbert Walker Bush, Jeb Bush eller George W. Bush, med unntak av ein kort merknad i ei urelatert historie i Sarasota Herald Tribune i november 2000 og ein kort, men upresis notis i Boston Globe i 2001.” (John Buchanan, op. cit)
Fram til Pearl Harbor (desember 1941) handla Wall Street med Tyskland.
Etter Pearl Harbor (1941-1945) handla Standard Oil med fienden, då dei selde olje til nazi-Tyskland med såkalte «nøytrale land» som Venezuela og Argentina som mellomledd.
Utan dei US-amerikanske leveransane av olje til nazi-Tyskland frå y Standard Oil of New Jersey (eigd avJohn D. Rockefeller and Associates), kunne Det tredje riket ikkje ha greidd å invadere Sovjetunionen. Dette er dokumentert til fulle i boka til Dr.Jacques Pauwels:
«Andre verdskrig blir feira som eit «korstog» der USA kjempa heilhjarta på demokratiets, fridommens og reetferdas side mot diktaturet.»
Sjølv om USA frigjorde vest-Europa i juni 1944, er den uuttalte sanninga at US-amerikanske korporasjonar aktivt kollaborerte med nazi-Tyskland:
«Standard Oil of New Jersey — no Exxon — utvikla intime samband med den tyske trusten IG Farben. Tidleg på 1930-talet, hadde ein elite av kring tjue av dei største amerikanske korporasjonane samband med Tyskland, inkludert Du Pont, Union Carbide, Westinghouse, General Electric, Gilette, Goodrich, Singer, Eastman Kodak, Coca-Cola, IBM, and ITT.
I tillegg var mange amerikanske advokatfirma, investeringsselskap og bankar djupt involverte i USAs investeringsoffensiv i Tyskland, mellom andre det velkjende Wall Street-advokatfirmaet Sullivan & Cromwell, og bankane J. P. Morgan and Dillon, Read and Company og Union Bank of New York, eigd av Brown Brothers & Harriman». …
(Jacques Pauwels , mi utheving)
Michel Chossudovsky, 21. november, 2023, oppdatert 22. september, 2024
***
av Yuri Rubtsov
mai 2016
Andre verdskrig for over 80 år sidan var starten på det største slaktet i historia.
Om vi skal gå inn på problemet «ansvar for krigen», så må vi først svare på følgande spørsmål:
- Kven hjelpte nazistane med å kome til makta?
- Kven sende dei på vegen til verdskatastrofe?
Heile førkrigshistoria til Tyskland viser at viser at forrådet av «nødvendige» tiltak vart styrt av finansielt kaos som verda var slynga ut i etter Første verdskrig.
Dei sentrale strukturane som definerte etterkrigsutviklingsstrategien til Vesten, var dei sentrale finansinstitusjonane til Storbritannia og USA – Bank of England og Federal Reserve System (FRS) –, og dei tilknytte finans- og industriorganisasjonane gjekk inn for å etablere absolutt kontroll over finanssystemet til Tyskland og landets evne til å kontrollere politske prosessar i sentral-Europa.
Til å implementere denne strategien såg ein føre seg dei følgande stega:
- Frå 1919 til 1924 — legge grunnlaget for massiv amerikansk finansiell investering i tysk økonomi;
- Frå 1924 til 1929 — etablere kontroll over finanssystemet til Tyskland og finansiell støtte til Nazismen (“nasjonalsosialismen”);
- Frå 1929 til 1933 — provosere fram og sleppe laus ei djup finansiell og økonomisk krise og sikre at nazistane kjem til makta;
- Frå 1933 til 1939 — finansielt samarbeid med nazi-regjeringa og støtte til den ekspansjonistiske utanrikspolitikken deira, med målsetning om å førebu og slappe laus ein ny verdskrig.
«Krigsskadeerstatning» etter Første verdskrig
På første steg starta dei viktigaste metodane for å sikre amerikansk kapital å trenge inn i Europa med Første verdskrigs krigsgjeld og det nært relaterte problemet med tysk krigsskadeerstatning.
Etter at USA formelt gjekk inn i Første verdskrig, gav dei dei allierte (primært England og Frankrike) lån i storleiken $8,8 milliardar. Den totale summen av krigsgjeld, inkludert lån innvilga til USA i åra 1919-1921, var på meir enn $11 milliardar.
For å løyse dette problemet, prøvde kreditor-nasjonane å innføre ekstremt vanskelege vilkår for betalinga av krigsskadeerstatning på Tysklands bekostning. Dette var forårsaka av tysk kapitalflukt til utlandet, og nekting å betale skatt som førte til eit budsjettunderskot som berre kunne dekkast av masseproduksjon av usikra tyske mark.
Resultet var at den tyske valutaen kollapsa – den «store inflasjonen» i 1923, då dollaren var verdt 4,2 billionar mark. Tyske industrialistar byrja å ope sabotere alle aktivitetar i betalinga av krigsskadeerstatning, noko som til sist førte til den berømde «Ruhr-krisa» — fransk/belgisk okkupasjon av Ruhr i januar 1923.
Den anglo-amerikanske herskande eliten ville sjølv ha initiativet på eigne hender, og venta på at Frankrike skulle fastne i eit spekulasjonseventyr og bevis si manglande evne til å løyse problemet. USAs utanriksminister Hughes påpeika:
«Det er nødvendig å vente på at Europa skal modne før dei godtar det amerikanske forslaget.»
Det nye prosjektet vart utvikla i djupet av JP Morgan & Co., instruert av sjefen for Bank of England, Montagu Norman. Ved kjernen av idéane hans var representanten for Dresdener Bank, Hjalmar Schacht, som formulerte det i mars 1922 etter forslag frå John Foster Dulles (som seinare skulle bli utanriksminister i kabinettet til president Eisenhower og juridisk rådgivar til president W. Wilson under fredskonferansen i Paris).
Dulles gav notatet sitt til sjefsforvaltaren JP Morgan & Co., som så rekommanderte H. Schacht i konsultasjion med Montagu Norman, Governor for Bank of England.
I desember 1923 vart H. Schacht bestyrar for tyske Reichsbank, og han spelte ei sentral rolle i å bringe saman dei angloamerikanske og tyske finanstoppane.
Sommaren 1924 vedtok London-konferansen prosjektet kjent som Dawes-planen (namngitt etter styraren for Committee of experts som utforma det – den amerikanske bankieren og direktøren for ein av bankane i Morgan-gruppa). Han føreslo å halvere krigsskadeerstatninga og løyste spørsmålet om kven som skulle dekke beløpet. Men hovudoppgåva var å sikre gunstige vilkår for US-amerikanske investeringar, noko som var mogleg berre viss den tyske marken vart stabilisert.
Til dette føremålet gav planen Tyskland eit svært lån på $200 millionar, og JP Morgan stod for halvparten.
Dei angloamerikanske bankane fekk kontrollen over både pengeoverføringane til Tyskland og busjettet, pengesirkulasjonssystemet og i stor grad også landets kredittsystem.
Weimar-republikken
I august 1924 hadde den gamle tyske marken blitt erstatta av ein ny, stabilisert finansiell situasjon i Tyskland, og Weimar-republikken var klargjort for «den mest pittoreske økonomiske hjelpa i historia, følgd av den bitraste innhaustinga i verdshistoria» [..] «ein ustoppeleg flaum av amerikansk blod strøymde inn i dei finansielle årene til Tyskland,» skreiv forskaren G.D Preparta.
Det gjekk ikkje lenge før konsekvensane byrja dukke opp. Først og fremst fordi den årlege erstatninga skulle dekke gjeldsmengda som dei allierte betalte. Det var «Den absurde Weimar-sirkelen». Gullet som Tyskland betalte ut i form av krigsskadeerstatning vart seld, pantsett og forsvann i USA, og derifrå vart det returnert til Tyskland i form av ein «hjelpeplan». Tyskland gav det til England og Frankrike, som i sin tur betalte krigsgjelda si til USA. Dei la på renter og sende det igjen til Tyskland. Til sist levde alle i Tyskland i gjeld, og det vart klart at viss Wall Street skulle trekke låna sine tilbake, så ville landet gå totalt konkurs.
For det andre: sjølv om lån formelt vart gitt for å sikre betaling [av krigsskadeerstatning], så var det eigentleg ei gjenoppbygging av landets militærindustrielle potensial. Faktum er at tyskarane fekk lån betalt i selskapsaksjar, slik at amerikansk kapital aktivt byrja integrere seg i den tyske økonomien.
Den totale mengda utlandske investeringar i tysk industri i perioden 1924-1929 kom opp i nesten 63 milliardar gullmark (30 milliardar vart rekna som lån), og betalinga av krigserstatning 10milliardar mark. 70% av inntektene kom frå bankierar frå USA, og dei fleste bankane tilhøyrde JP Morgan. Ein konsekvens vart at den tyske industrien i 1929 låg på andre plass i verda, men den var for det meste eigd av USAs leiande finans-industrielle grupper.
US-amerikanske investeringar i nazi-Tyskland. Rockefeller finansierte valkampen til Adolf Hitler
“Interessen-Gemeinschaft Farbenindustrie”, hovudleverandøren til den tyske krigsmaskina, finansierte 45% av valkampen til Hitler i 1930, og var under Rockefellers “Standard oil” sin kontroll .
Morgan, via “General Electric”, kontrollerte den tyske radio- og elektriske industrien via AEG og Siemens (fram til 1933 eigde “General Electric” 30% av aksjane i AEG) via telekom-selskapet ITT — 40% av telefonnettet i Tyskalnd.
I tillegg hadde dei ein 30% eigarandel i flyprodusenten “Focke-Wulf”.
“General Motors”, eigd av DuPont-familien, etablerte kontroll over “Opel”.
Henry Ford kontrollerte 100% av aksjane i “Volkswagen”.
I 1926, med deltakinga til Rockefeller Bank “Dillon, Reed & Co.” , oppstod det neststørste industrimonopolet i Tyskland etter “I.G Farben” — det metallurgiske konsernet “Vereinigte Stahlwerke” (Ståltrust), ein union mellom selskap som Thyssen, Flick, Wolff, Feglera m.fl.
Det amerikanske samarbeidet med det tyske militær-industrielle komplekset var så intenst og gjennomgåande at i 1933 var alle nøkkelsektorane av tysk industri og storbankar som Deutsche Bank, Dresdner Bank, Danat-Bank (Darmstädter und Nationalbank) osb. Under kontrollen til amerikansk finanskapital.
Den politiske makta som var meint å spele ei sentral rolle i dei anglo-amerikanske planane, vart førebudde simultant. Vi snakkar om finansieringa av Nazi-partiet og Adolf Hitler personleg.
Som Tysklands tidlegare kanslar Brüning skreiv i sine memoarar: sidan 1923 mottok Hitler svære summar frå utlandet. Noko er uvisst, men pengane vart i alle fall slusa gjennom sveitsiske og svenske bankar.
Ein veit og at det i 1922 fann stad eit møte i München mellom A. Hitler og USAs militærattaché til Tyskland – kaptein Truman Smith – som kompilerte ein detaljert rapport til sine overordna i Washington (i kontoret for militæretterretning), der han skrytte av Hitler.
Det var gjennom Smiths omgangskrets at Hitler først vart introdusert for den tysk/amerikanske forretningsmannen Ernst Franz Sedgwick Hanfstaengl, som hadde utdanning frå Harvard University og spelte ei viktig rolle i forminga av A. Hitler til politikar med betydeleg pengestøtte, samtidig som han sikra han relasjonar til og kommunikasjon med,prominente karakterar i det britiske etablissementet.
Hitler var politisk førebudd, men medan Tyskland var styrt av Weimar-republikken, var partiet hans i periferien av det offentlege livet. Situasjonen endra seg dramatisk med starten av finanskrisa i 1929.
Sidan hausten 1929, etter at kollapsen til USAs børsmarknad var utløyst av Federal Reserve, starta tredje trinn av strategien til det anglo-amerikanske finansetablissementet.
Federal Reserve og JP Morgan bestemde seg for å stoppe å gi lån til Tyskland, inspirert av bankkrisa og økonomisk krise i sentral-Europa. I september 1931 gjekk England bort ifrå gullstandarden og øydela dermed med hensikt det internasjonale betalingssystemet og kutta heilt av straumen av «finansielt oksygen» til Weimar-republikken.
Men med nazi-partiet skjedde det eit finansielt mirakel. I september 1930, som følge av svære donasjonar frå Thyssen, “I.G. Farben” og Industrialisten Emil Kirdorf (som var ein stødig støttespelar for Adolf Hitler), fekk nazi-partiet 6,4 millionar røyster ved valet og tok andreplassen i parlamentet, noko som aktiverte rause investeringar frå utlandet.
Det viktigaste sambandet mellom dei største tyske industrialistane og utlandske finansfolk vart H. Schacht.
Hemmeleg avtale i 1932: Wall Street finansierer Hitlers Nazi-parti
Den 4. januar, 1932, var det eit møte mellom den britiske finansmannen Montagu Norman (sjefen for Bank of England), Adolf Hitler og Franz Von Papen (som fem månadar seinare, i mai 1932, vart kanslar). På dette møtet kom dei fram til ein avtale om finansieringa av Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet (Nationalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei , NSDAP eller Nazi-partiet).
Til stades på møtet var og US-amerikanske policy-makarar og Dulles-brørne, noko biografane deira helst ikkje nemner.
Eit år seinare, den 14. januar, 1933, fann det stad eit anna møte mellom Adolf Hitler, Tysklands finansmann baron Kurt von Schroeder, kanslar Franz von Papen og Hitler sin økonomiske rådgivar Wilhelm Keppler, der Hitler sitt program vart fullt ut godkjend.
Det var på dette møtet dei til sist løyste problemet med overføring av makta til nazistane, og den 30. januar 1933 vart Hitler kanslar. Implementeringa av strategiens fjerde trinn var dermed starta.
Dei rådande anglo-amerikanske elitane var svært sympatisk innstilte i forhold til den nye nazi-regjeringa.
Då Hitler nekta å betale krigsskadeerstatninga, noko som naturlegvispåverka betalinga av krigsgjeld, tok verken Storbritannia eller Frankrike særleg til motmæle. Ingen av dei viste Hitler innbetalingskrava.
Etter sitt besøk til USA i mai 1933, vart H. Schacht igjen sjef for Reichsbank, og etter møtet hans med USAs president og storbankierane på Wall Street, allokerte Amerika nye lån til Tyskland på totalt $1 milliard.
I juni, under ein tur til London og eit møte med Montagu Norman, søkte Schacht også om eit britisk lån på $2 milliardar, og om reduksjon og betalingsstopp på gamle lån.
Så nazistane fekk det den førre regjeringa ikkje oppnådde.
Sommaren 1934 signerte Storbritannia den anglo-tyske overføringsavtalen, som vart ein av grunnpilarane i den britiske politikken overfor Det tredje riket, og på slutten av 1930-talet var Tyskland Englands hovudhandelspartnar.
Schroeder Bank vart hovudagenten til Tyskland i Storbritannia, og i 1936 gjekk kontoret deira i New York saman med Rockefeller’ane om å skape investeringsbanken “Schroeder, Rockefeller & Co.”, som Times Magazine kalla for «den økonomiske propagandist-aksen Berlin—Roma».
Som Hitler sjølv innrømde, la han opp sin fireårsplan basert på utlandske finansielle lån, så det vekte aldri den minste bekymring.
I august 1934 fekk Amerikas Standard Oil [eigd av Rockefeller’ane] i Tyskland nær 300 000 hektar land-areal og bygde svære oljeraffineri som forsynte nazistane med olje. Samtidig mottok Tyskland i løynd det mest moderne av utstyr til flyfabrikkar frå USA, noko som starta produksjonen av tyske fly.
Tyskland mottok eit stort tal militære patent frå dei amerikanske firmaa Pratt and Whitney”, “Douglas”, “Curtis Wright”, og amerikansk teknologi bygde “Junkers-87”. I 1941, då Andre verdskrig rasa, var dei amerikanske investeringane i den tyske økonomien komne opp i $475 millionar. “Standard oil” investerte for 120 millionar dollar, General Motors for $35 millionar, ITT for $30 millionar og Ford for $17,5 millionar.
Det nære finansielle og økonomiske samarbeidet mellom anglo-amerikanske og nazistiske forretningssirklar var bakgrunnen for at ein ettergivande politikk på 1930-talet førte til Andre verdskrig.
I dag har verdas finanselitar implementert Den store depresjonen 2.o [2008], med ein påfølgande overgang mot ein “Ny verdsorden“.
Yuri Rubtsov er doktor innan historisk vitskap, akademikar ved Det russiske akademiet for militærvitskap og medlem av International Association of historians of World War II
Omsett frå russisk til engelsk av Ollie Richardson for Fort Russ. (referansar ikkje tilgjengelege i denne versjonen av artikkelen), og frå engelsk til norsk av Monica Sortland
ru-polit.livejournal (opprinneleg frå 2009)
Copyright © Yuri Rubtsov and Prof Michel Chossudovsky, Global Research, 2024