Derimot: Big Pharma planlegger alltid for ny fortjeneste. Kan vi lure vaksinene våre i folk gjennom maten?

Derimot.no

derimot.no:

Fascistane har lumske planar for å smugle mRNA-vaksinane i folk via mat og medisinar.

Farmasi-gigantane, bioteknologi og den løpske mRNA-vaksine-profittmaskina

Nye mRNA-vaksine-teknologiar introduserer nye, alvorlege farar

America’s Frontline Doctors, Frontline News 4. januar, 2024

av Caryn Lipson

Det dreier seg aldri om helse, men om inntjening.

Individuelle rettar versus globalistisk agenda

Retten til kroppsleg integritet, spesielt retten til å nekte å ta ein vaksine, har blitt endå viktigare etter at dei hasteutvikla COVID-19-vaksinane dukka opp. Desse injeksjonane vart utvikla, godkjende og utrulla til folket på rekordtid, og dei bana veg for introduksjon av fleire mRNA-vaksinar og fleire truslar mot den personlege kontrollen over eigen kropp.

Tapet av kroppsintegritet vart tydeleg allereie då farane ved COVID-19-vaksinane (og vaksinar generelt) kom fram. Så mange vart skadde av dei «trygge og effektive» vaksinane, vart mistenksame over myriaden av booster-dosar som helsepolitikarar pusha, og/eller mislikte å bli tvangsinjiserte for å få behalde jobben eller til og med motta nødvendig medisinsk behandling for sjukdommar som ikkje hadde med viruset å gjere.

Nye mRNA-vaksineteknologiar under utvikling – kva kan gå gale?

No kan nye teknologiar, som den farmasøytiske industrien håpar vil ta mRNA-vakineproduksjonen til nye høgder, gi endå meir grunn til å slå alarm. Desse teknologiane gir grunn til uro over at det i framtida kan bli vanskeleg – om ikkje umogleg – å skille mellom medisin, mat og vaksinar. Her er tre av dei:

  • Ei mRNA-pille som Big Pharma håpar vil bli «meir fordøyeleg» for dei som ikkje likar injeksjonar. Pillene vil ha den ekstra funksjonen at dei kjem direkte inn i mage-tarmkanalen, noko som gjer det til ein effektiv måte å gi terapi til dei med fordøyingsproblem på. Det er oppdaga at pilla kan levere mRNA inn i fordøyingssystemet på mus og grisar. Forsøk på større dyr og menneske trengst enno før pilla kan godkjennast av FDA [USAs legemiddelverk, mrk.]. [1]
  • Ein metode der ein får tobakksplantar til å produsere vaksinar, i staden for at dei blir dyrka fram eller kunstig skapte i laboratorium. Plantane blir omgjort til mini-bioreaktorar i ein prosess kalla agroinfiltrasjon eller vakuuminfiltrasjon. 

Plantane sug til seg ei gruppe bakteriar som naturleg infiserer plantane som allereie har blitt endra til å innehalde eit lite stykke av virus-DNA’et. Bakterien overfører deretter DNA’et til plantecellene, som lagar millionar av kopiar av virusliknande partiklar som seiest vere ikkje-smittsame. Etter nokre dagar blir plantane hausta, og partiklane blir trekte ut, reinsa og pakka.[2]  

  • Omgjering av matplantar, som t.d. salat, til mRNA-fabrikkar som produserer vaksinar. Med denne urovekkande metoden vil ein einskild plante kunne vaksinere ein person.

«Vi testar denne tilnærminga med spinat og salat, og har langsiktige mål om at folk sjølve skal dyrke det i hagane sine,» sa [Juan Pablo] Giraldo [førsteamanuensis ved UC Riversides avdeling for botanikk og plantevitskap, som leiar forskninga]. «Bønder vil kunne dyrke heile åkrar av det.» [3]

Fremtidens nye medisinfabrikker?

Tankevekkarar

Hittil er ingen av desse metodane for mRNA-vaksinelevering blitt godkjende av FDA; dei fleste av dei er enno ikkje komne lenger enn til forsøksstadiet. Her er nokre spørsmål ein i mellomtida kan grunne på:

  • Finst det ein sjanse for krysskontaminering med andre plantar, sjølv på marker langt unna, dersom vaksinane blir dyrka fram i plantar?
  • Vil dyrking av matplantar som vaksinar:
    1. underminere folks tillit til mattryggleiken, viss det ikkje kan garanterast at det dei et er fritt for vaksinar?
    2. hindre at personar som får biverknadar av vaksinen kan greie å knyte vaksinen til sjukdommen?
    3. tillate introduksjon av biovåpen i matforsyninga?
  • kjem helsestyresmaktene til å presse fram at vaksinar skal leggast inn i pillar med vanlege medisinar, i eit forsøk på å auke vaksineringsettergivinga (sidan kombinasjonsvaksinar som MMR (meslingar, kusma og raude hundar) og DtaP (difteri, stivkrampe og kikhoste) aukar ettergivinga, men fjernar foreldra si moglegheit til å velge å gi berre éin av vaksinane, då dei ikkje lenger blir leverte separat)? 

Viktige spørsmål på eit meir grunnleggande nivå:

  1. Vil informert samtykke bli ein leivning frå fortida?
  2. Vil dette la produsentar unndra seg ansvar utover det som er bestemt i 1986-lova og  PREP-lova?
  3. Kva slags mekanismar vil bli innført for å sikre at alle ubesvarte spørsmål om COVID-19 mRNA-vaksinen vil bli behandla, inkludert dei som før har blitt «ignorerte, t.d. biodistribusjonen av vaksinens RNA i kroppen og kapasiteten for DNA-skade (som nokre forskarar har nemnd)?[4]  

Kva vi kan vite 

Det er uvisst om vi nokon gong kan få svar på spørsmåla over. Men eitt er sikkert og visst: i framtida – uansett kva slags vaksineleveringsplattformar som blir godkjende – vil folk bli «bedne om» å samtykke til å ta vaksinen, fordi det er «til det beste for fellesskapet». Den fordelen er uviss, medan fordelen for Big Pharma og den bioteknologiske industrien er garantert. Og ein persons grunnleggande rett til kroppsleg integritet og til å nekte å ta vaksinen, vil bli langt frå garantert.

I den grad globalismen krev at individuelle rettar blir ofra under overgangen til eit globalt kollektiv, er poengkortet for mRNA-teknologien etablert: Globalistane: 1, Folket: 0.

Fotnotar

Omsett av Monica Sortland

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: CDC

https://frontline.news/post/big-pharma-biotech-and-the-runaway-m-rna-vaccine-profit-machine

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar