Derimot: OL i Paris minner om Berlin 1936.Er det del av et håpløst EU-prosjekt for Macron? – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Paris 2024 og Berlin 1936 i den umoglege imperiedraumens teneste

av Thierry Meyssan

Likskapane er sjokkerande: organiseringa av OL i Paris i 2024 bruker propagandatriks frå Berlin 1936. Men det er likevel mogleg å forklare: president Emmanuel Macron, lik kanslar Adolf Hitler, følger det same «Ny europeisk orden»-prosjektet. Til skilnad frå sin forgjengar, gjer han det på fredeleg vis, men til liks med han vil han óg feile, fordi han óg foraktar folket. Dessutan er prosjektet hans utdatert: det korresponderer ikkje lenger med strukturane til den digitale alderen.

Mario Draghi og Emmanuel Macron vil installere the «New European Order» under auspisiane til investeringsfondet KKR

Emmanuel Macron har aldri hatt respekt for fransk kultur. Under den første valkampen sin slutta han aldri å håne den. Ambisjonen hans var å bli presidenten for Den franske republikken, men etter hans syn var det berre stas innanfor Den europeiske unionen. Under to presidentperiodar løyste han få franske problem, men bygde tolmodig opp EU til eit imperium med kring tretti statar.

Slik han ser det, vil dei komande Olympiske Leikane bli ein sjanse til å manipulere massane til å fremje «United States of Europe», slik at dei vil vere klare for oppløysinga av EU-medlemsstatane.

I sin programmatiske tale på La Sorbonne for sju år sidan erklærte han at «Nokre veker etter etter dei europeiske vala [i 2024], vil Paris vere vert for OL. Men det er ikkje Paris som er vert. Det er Frankrike, og med dei Europa, som vil vekke til liv den olympiske anden som vart fødd på dette kontinentet. Det vil bli ein unik augneblink av samanheit, ein storslagen sjanse til å feire europeisk einskap. I 2024 vil Ode til gleden klinge, og det europeiske flagget vil stolt heisast ved sidan av våre nasjonale emblem» [1].

Ja, OL i Paris 2024 vil bli ein sjanse for han til å iscenesette sitt verdssyn: kvar gong ein medlemsstat vinn, vil Europa-hymna bli spelt. EU vil utan tvil bli den sigrande makta. Med det vil han oppfylle draumen til kanslar Adolf Hitler i Berlin i 1936. Faktisk har han allereie overtatt symbolikken han. Til dømes er det olympiske fakkelløpet, som ikkje eksisterte i dei opprinelege leikane, ei leivning av nazismen. Den tyske kanslaren ville glorifisere dei ariske kroppane og krysse Balkan, eit varsel om hans komande erobringar. Den franske presidenten har til hensikt å mobilisere franskmennene bak hans umoglege europeiske draum, så han lettare kan manipulere dei under dei komande vekene. Faktisk har han gitt oppgåva med fakkelbygginga til Usinor, no kalla ArcelorMittal, nett slik forgjengaren hans gav oppgåva til våpenkonsernet Krupp.

Slapp av, eg samanliknar ikkje Emmanuel Macron med Adolf Hitler for å antyde at den franske presidenten er ein rasist, men denne historiske allusjonen vil bli nyttig for resten av talen min. Hugs på at der vil vere russiske atletar til stades, men inga russisk hymne, og ingen registrert vinnar i namnet til EU, men europeiske hymner.

For å forstå fella dei set opp, og som vi alle truleg vil falle i, lyt vi følge spora tilbake til dei føregåande stega.

I talen sin den 27. september, 2017, erklærte han: «Vi har starta på eit nytt kapittel for eit slags europeisk byggverk. Grunnleggingsfedrene bygde Europa utan at folket visste om det, fordi dei var ein opplyst avantgarde, fordi det kanskje kunne gjerast, og dei gjekk framover og beviste at det fungerte». Han slo fast prinsippa for ein iscenesettingsprosess vi har vore vitne til, og iblant deltatt i, utan å forstå.

  •  Den 25. juni, 2018, lanserte han European Intervention Initiative. Dette var ikkje eit EU-program. Minst halvparten av medlemsstatane ville ikkje ha det, inkludert Tyskland. Så i starten var det berre ni statar som deltok. I dag er dei 14. Dette initiativet er no aktivt i Den persiske golfen (European Maritime Awareness in the Strait of Hormuz eller EMASoH). Det initierer «Europas kapasitet for autonom aksjon, som komplementerer NATO».
Tysklands europeiske misjon var ifølge nazistane å verne folket i Europa mot bolsjevismen. I dag er oppdraget til EU ifølge Emmanuel Macron å verne dei mot Russland.

De lyt forstå at det aldri var noko spørsmål om å skape ein armé for fellesforsvar av medlemsstatane. Tvert imot. Krigen i Ukraina er påskotet dei brukar for gigantiske våpenoverføringar, slik at ingen medlemsstat i dag har middela til å forsvare seg i meir enn to dagar viss dei blir angripne konvensjonelt av ein utvikla stat. Tvert imot alt snakket om å styrke militærmakta, har det franske departementet for dei væpna styrkane, ifølge Cour des Comptes, kutta 3599 militære stilllingar det siste året [2]. Til sjuande og sist er vi allereie, og vil bli i endå større grad, avhengige av USA og Storbritannia, det vil seie: av NATO.

  •  Den 4. mars, 2019, publiserte Emmanuel Macron ein avis-artikkel der han kravde at det skulle opprettast ein «Konferanse for Europa til å legge fram forslag til alle dei nødvendige endringane i vårt politiske prosjekt». Den skulle «involvere medborgarpanel, høyre frå akademikarar, sosiale partnarar og andelege representantar». Målet var å definere «eit kart for Den europeiske unionen, omsette desse hovudprioritetane til konkret handling» [3]. Legg merke til at president Macron skreiv «desse hovudprioritetane» , ikkje “konferansens hovudprioritetar” for å klargjere at Konferansen skulle uttrykke middela til å nå eit mål som den ikkje ville velge sjølv, men som var tvinga på den.

Dette er ein reprise av den store nasjonale debatten som følgde oppstandane til «Dei gule vestane». 10 134 folkemøte vart organiserte, 19 899 klagebøker (cahiers de doléances) vart opna, 16 337 rådhus deltok, 569 000 detaljerte bidrag vart skrivne. All denne debatten og alt dette papirarbeidet hamna i bossbøtta.

  •  Nokre månadar seinare presenterte Tysklands Ursula von der Leyen programmet framfor administrasjonen sin den 16. juli, 2019, og sa at «Europe er som eit langt ekteskap. Kjærleiken aukar ikkje etter den første dagen, men den blir djupare» [4].

Frå då av byrja Élysée-palasset og Brussel-administrasjonen å arbeide med omforminga av Unionen til eit «Imperium», eller som pressa formulerte det, ein «føderasjon». Det var klart at det ikkje ville bli mogleg å passe denne omveltninga i referendum. Von der Leyen-administrasjonen ville gå fram stegvis: endre opptaksreglane gjennom ein forenkla prosedyre, for så å seinare løyse opp medlemsstatane og erstatte dei med ein sentralisert stat.

  •  Under sin første periode vitja president Emmanuel Macron alle dei 28 EU-hovudstadane. Det var hans valkampanje som skulle rettferdiggjere hans komande utnemning.
  •  Frå april 2021 til mai 2022 møttest 830 europeiske «medborgarar» for å debattere «Europas framtid». Denne konferansen, opna av president Emmanuel Macron, produserte 49 forslag og 326 tiltak addresserte til presidentane for Parlamentet, Rådet og Kommisjonen [5].
    Første merknadar: denne presentasjonen av fakta maskerer dei ekte problema. For å gi eit skin av legitimitet til prosessen, må ein skape illusjonen om at Det europeiske imperiet ikkje er ein idé som kjem frå toppen, men i staden eit brennande ønske hos Europas folk. Vi snakkar om europeiske «borgarar» sjølv om Staten Europa de facto ikkje finst, det europeisk folket ikkje finst, og derfor heller ingen «borgarar». Deltakarane vart tilfeldig utvalde, noko som gav illusjonen av representativitet og at avgjerdene deira ville vere legitime. Men i praksis var dei betalde med skattepengane våre, sjølv om dei ikkje var ein europeisk institusjon. Dei har beslutta visse åtgjerder som dei lenge har diskutert, men dei har og haste-røysta for slikt som Paris og Brussel ville dei skulle vedta, og som strir mot interessene deira.
  •  Den 25. mars, 2022 vedtok Det europeiske rådet, då leidd av Emmanuel Macron, the Strategic Compass. Dette definerte først truslar og teikna opp retningslinjer for sin strategi. Det førte til opprettinga av ein beredskapsstyrke på 5000 mann, Rapid Reaction Force.
  •  Den 9. juni, 2022 vedtok EU-parlamentet, etter å godkjenning av ulike tekstar relaterte til Konferansen om Europas framtid, ein resolusjon (P9_TA(2022)0244) om å innkalle ein konvensjon for revisjon av traktatane i samsvar med Artikkel 48 i EU-traktaten (Nice-traktaten).

 Den 10. og 11. mars, 2022 var Emmanuel Macron med på eit uformelt møte i Det europeiske rådet i Versailles. På dette møtet godkjende stats- og regjeringssjefane opprettinga av eit budsjett for å støtte Ukraina og eit program for å endre energiavhengigheita.

 Den 30. november, 2022 lista Det europeiske rådet (dvs. stats- og regjeringssjefane) opp dei 18 tiltaka som borgarpanelet hadde føreslått (Konferansen for Europas framtid) som kravde ein revisjon av avtalane (ST 10033 2022). Desse strekk seg frå «ein obligatorisk EU-omfemnande garanti for rimelege barnehageplassar og gratisbarnestell» til… «gå frå einrøystes til kvalifisert fleirtal i avrøystingane i Det europeiske rådet», dvs. ta frå medlemsstatane suvereniteten deira.

Emmanuel Macron seier alt, men på ein slik måte at vi ikkje forstår nokon ting.
  •  For nokre dagar sidan, den 25. april, 2024, heldt president Emmanuel Macron ein ny oppfyra tale på La Sorbonne [6]..

1- Han gratulerte seg sjølv med å ha skaffa ei fellesgjeld på 800 milliardar euro i samband med Covid-pandemien; noko Olaf Scholz, som då var Tysklands finansminister, kalla «ein Hamiltonsk augneblink», i analogi med oppsamlinga av gjeld under Den amerikanske uavhengigheitskrigen, som førte til opprettinga av Amerikas sameinte statar, USA. På liknade måte var Covid eit høve for ein europeisk strategi til å forsyne seg med vaksinar, ei målsetning som ikkje var dekka av avtalane. Sjølvsagt la han ikkje merke til at desse såkalla «vaksinane», som vi no oppdagar, ikkje gjorde nokon nytte mot sjukdommen. Det viktige, i hans auge, er at medlemsstatane kjøpte dei inn saman.
2- Han hylla og einskapen til EU under krigen i Ukraina. Medlemsstatane bytta ut si avhengigheit av russisk gass med avhengigheit av US-amerikansk gass. Til sist greidde dei å ofre alle sine forsvarsressursar til Ukraina, som brukte opp alt. EU er frå no av fullstendig avhengig av USA, både økonomisk og militært.
3- Han gratulerte seg vidare med å ha lagt «grunnlaget for større teknologisk og industriell suverenitet» (med Tyskland i batterisektoren, så i hydrogen, electronikk og helsetenester, og til sist med framtidas panser, framtidas luftkampsystem. Og med Nederland på ubåtar). Han nemnde deretter prosjektet for eit europeisk anti-missil-skjold. Neste dag føreslo den tyske forsvarsministeren, Boris Pistorius, eit tysk/amerikansk/israelsk system, ein illustrasjon av kva som er meint med «Europeisk uavhengigheit».
4- Kommisjonen vedtok «Green Deal», eit omfattande økologisk program som ruinerer heile sektorar av økonomien. I oppløpet til vala i Europa, har dette programmet allereie blitt strippa for sine sentrale tiltak mot bøndene.
5- EU har igjen slått fast sine grenser og både innført politikk for kamp mot nokre tusen illegale immigrantar og for å opne sine grenser for nokre millionar utvalde immigrantar.
6- EU har «byrja tenke over sin geografi innanfor grensene til vårt nabolag. Europa ser no på seg sjølv som ein koherent heilskap etter den russiske aggresjonen, stadfestar at Ukraina og Moldau er ein del av vår europeiske familie og er lagnadsbestemde til å slutte seg til Unionen når den tid kjem, slik det vestlege Balkan gjorde». I starten av denne artikkelen snakka eg om ein union med meir enn 30 medlemmar, og det vil altså skje.

La oss no tenke over kva denne strategien betyr. Støttespelarane fortel oss at dei ønsker skape ei eining som er i stand til å konkurrere med Amerika og Kina.

Vi kan merke oss at EU tok over for EEC, European Economic Communities, slik USA og Storbritannia hadde villa. Dei seks grunnleggarstatane kunne ikkje tene på Marshall-planen utan å forpllikte seg til denne formasjonen. Seinare, då NATO vart skapt, vart også Kommisjonen det, slik at dei kunne omsette Atlanterhavsalliansens normer til nasjonal lov. Denne avhengigheita gjel og i dag. Dette er grunnen til at både Unionen og Alliansen har hovudkvarter i Brussel;
 NATOs generalsekretær er ein hyppig gjest hos EU-rådets stats- og regjeringssjefar;
 Utvidinga av Unionen til å også inkludere tidlegare austblokkstatar vart kunngjort av USAs utanriksminister, James Baker, før møtet til EU-rådet;
 Nice-traktaten stipulerer at forsvaret av statane i unionen blir garantert av Atlanterhavsalliansen. Dette står i felleserklæringa frå 2023 [7].

Idéen om å konkurrere med USA er derfor latterleg, sidan EU, eller imperiet som vil følge EU, er USAs kreasjon. Når det gjeld konkurranse med Kina, er det å returnere til det neo-konservative verdssynet, som legg til grunn uunngåeleg «konkurranse» mellom stormaktene, og ei avvising av den kinesiske visjonen som, tvert imot, tenker seg «harmonisk samarbeid».

Einskilde franskmenn avviser det imperialistiske prosjektet til Emmanuel Macron i namnet til den nasjonale suvereniteten som låg hjartet til Charles De Gaulle så nær. Personleg ville eg ikkje ha noko imot å tilhøyre eit større land enn mitt eige – i det minste måtte eg kjenne meg som ein del av folket der – men EU er ikkje noko anna enn eit aggregat av forskjellige folk med forskjellig historie og kultur. Før han vart vald, brukte Emmanuel Macron å latterleggjere ein utdatert fransk kultur. I dag har han feila i å demonstrere eksistensen av ein EU-kultur, og derfor av eit EU-folk. Eg kjenner meg framleis nærare til spanjolane og russarane enn til polakkar og litauarar.

Til sist vil eg berre seie at imperieprosjektet til Emmanuel Macron ikkje vil bli realisert, fordi det for lenge sidan gjekk ut på dato. Det er basert på idéen om at ein vertikal autoritet som blir utøvd over eit enormt område ville vere mektig. Dette var sant i industrialderen, då ein tenkte svære organisasjonar med fabrikkane i store kombinat som førebilete. Men i dag, i datamaskinalderen med digital teknologi og kunstig intelligens, opererer dei einaste vellykka strukturane horisontalt i nettverk.

Jus-professor Walter Hallstein skisserte opp «Den nye europeiske ordenen» som kanslar Adolf Hitler prøvde å realisere. Tanken hans var å få dei ulike europeiske statane inn i ein føderasjon rundt Tyskland, forstørra til å inkludere alle territoria med tysk-språklege folk. I kraft av antal ville då Berlin ha hersk over Europa. Walter Hallstein var kanskje ikkje nazist, men han vart utpeikt til å forhandle dette prosjektet med duce Benito Mussolini. I 1958, vart han den første presidenten for Den europeiske kommisjonen, bevis for at USA og Storbritannia hadde godkjend «Den nye europeiske ordenen». Det var derfor eg i starten av artikkelen peika på likskapen mellom president Macron sine intensjonar for Paris-OL i 2024 og dei til kanslar Adolf Hitler for Berlin-OL i 1936. I begge tilfella handlar det om massemanipulasjon i ein umogleg imperiedraums teneste.

Thierry Meyssan

Omsetting Monica Sortland

Forsidebilde: Wikimedia Commons

[1] « Discours d’Emmanuel Macron à l’université de la Sorbonne », par Emmanuel Macron, Réseau Voltaire, 26 septembre 2017. [2Rapport public annuel 2024, Cour des Comptes, 13 mars 2024. [3] «For European renewal», Emmanuel macron, March 4, 2019. [4] «Opening Statement in the European Parliament Plenary Session», by Ursula von der Leyen, European Commission, July 16, 2019. [5Conference on the Future of Europe: Overview of the final proposals, Silvia Kotanidis, European Parliamentary Research Service, November 2022 [6] « Discours d’Emmanuel Macron sur l’Europe », par Emmanuel Macron, Réseau Voltaire, 25 avril 2024. [7] «Joint Declaration on EU-NATO Cooperation», 10 January 2023Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar