Derimot: Befolkningen fikk en Pfizer-vaksine.Pfizer ga andre vaksiner til eliten. – Derimot

derimot.no:

Varslar i Pfizer innrømmer at selskapet gav «ikkje-kreftutgåve» av sprøyta til eliten

Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice melder:

Ein varslar i Pfizer har avslørt at toppsjefar og eliten fekk ein «separat og distinkt» covid-19-vaksine som ikkje inneheldt nokon av dei dødelege, kreftframkallande ingrediensane som resten av menneskeheita vart tvinga til å ta.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Ifølgje ein leken e-post frå januar 2021, vart kollegaer og kontraktørar ved Pfizers Pearl River forskingsstad fortalt at essensielt mannskap på staden kom til å få tilbod om covid-19-vaksinasjonar som var «separate og distinkte» frå dei dødelege dosane som Pfizer gav til vanlege menneske.

«Eg er glad over å kunne informere dykk at vi vil byrje å tilby covid-19-vaksinasjonar til mannskap på staden og kontraktørar dei neste vekene,» står det i den lekne e-posten. «Dei i personalgruppa som har rett på ein slik vaksine, vil få beskjed, anten via e-post eller gjennom sin Pfizer-sponsor, og vil motta instruksjonar om korleis dei registrerer seg for ein avtale på nettet i tillegg.»

«Vaksinedosane som skal bli brukt i dette programmet er separate og distinkte frå dei som Pfizer har sett av til statar rundt om i verda, og vil ikkje påverke forsyninga til nasjonale regjeringar på nokon måte.»

Infowars.com rapporterer: Transkripsjon av e-posten (uthevingar er lagt til):

«8.januar 2021.

Kjære kollegaer og kontraktørar ved Pearl River,

Godt nyttår!

Eg er glad over å kunne informere dykk at vi vil byrje å tilby covid-19-vaksinasjonar til mannskap på staden og kontraktørar dei neste vekene. Som de veit, er essensielle kollegaer dei kollegaene og kontraktørane som har base ved PGS [Pfizer Global Supply] og WRDM/GPD [Worldwide Research, Development and Medical / Global Product Development] stader der det må vere Pfizer-personale til stade for å sikre forsyninga av våre medisinar og vaksinar, i tillegg til å sikre at kritisk forskings- og utviklingsprogram held fram, og å halde ved like og sikre tryggleiken til våre laboratorium og bygningar som definert av leiinga på staden.

So snart dei spesifikke datoane for staden vår har blitt identifisert, vil vi dele ein meir detaljert plan, og kvar berettiga stadleg kollega vil få ein e-post frå Colleague Wellness (tidlegare kjent som Occupational Health & Wellness) med instruksjonar for å registrere seg på nettet for avtale om å mottak dykkar vaksinasjon.

Berettiga stadlege kontraktørar vil bli varsla, anten via e-post eller gjennom sin Pfizer-sponsor, og vil òg motta instruksjonar om å registrere seg på nettet for avtale.

Vaksinedosane som skal bli brukt i dette programmet, er separate og distinkte frå dei som Pfizer har sett av til statar rundt om i verda, og vil ikkje påverke forsyninga til nasjonale regjeringar på nokon måte.»

«Eg veit at vi tilsette i Pfizer fekk andre vaksinar og/eller placebo, og dette var ryktet som gjekk på min arbeidsplass då eg sjølv jobba der,» sa varslaren til Infowars.

Pfizers Pearl River forskingsstad er å finne i Rockland County, delstaten New York, og er ein av Pfizer sine ni hovudforskings- og utviklingsstader, ifølgje nettsida deira.

«Pearl River-staden er det primære forskings- og utviklingssenteret som huser aktivitetar relatert til Pfizers samarbeid med BioNTech, som har fokus på å utvikle ein potensiell, mRNA-basert koronavirus-vaksine som har som må å hindre covid-19-infeksjon,» står det å lese på den offisielle sida. «Den primære lokasjonen til selskapet vårt sitt globale vaksineforskings, og -utviklingsarbeid».

Denne avsløringa er den siste i ein stadig veksande haug av evidens på at utvalde individ mottok andre covid-sprøyter eller til og med placebo, enn resten av befolkninga.

I august, under ei høyring i det australske senatet, avslørte ein Pfizer-tenesteperson at tilsette i selskapet fekk eit «parti av vaksinar spesifikt for vaksinasjonsprogrammet for tilsette».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Forsidebilde: Towfiqu barbhuiya

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...