Derimot: Australia var hardt rammet av nedstengningstiltak. Begynner oppgjøret med denne politikken nå?

derimot.no:

Opposisjon mot Australias vaksinepolitikk

Senator Gerald Rennicks tale til Senatet

Ein video har gått viralt på internett dei siste dagane. Det er eit opptak av talen som senator Gerald Rennick heldt i Senatet i Australia den 1. desember i år. Rennick har sidan 2019 sete som senator for Queensland’s Liberal National Party, og altså vore med sidan starten på covid-sirkuset med nedstengingar, obligatorisk vaksinering og løgner.

Her er nokre av poenga hans:

  • Over 20 millionar vaksinerte i Australia, men over halve landet har likevel hatt covid.
  • Helsedepartementet slutta å telle covidtilfelle i september.
  • 140 000 rapporterte biverknadar. Talet på innmelde biverknadar etter vaksinering er 3 gongar høgare enn talet for samtlege andre vaksinar sidan 1971, totalt. Men legemiddelverket (Therapeutic Goods Administration, TGA) ignorerer det og fjernar det frå nettsidene sine.
  • TGA og sjefen Skerrit er korrupte. Dei er finansierte av Big Pharma. Det er ein interessekonflikt.
  • mRNA’et for piggproteinet er ikkje ein gong identisk med det opprinnelege viruset sitt. Dei har lagt til 170 nukleotidar for at det skal vare lenger.
  • Då forskarane oppdaga at vaksinen ikkje heldt seg på injeksjonsstaden, men spreidde seg til andre deler av kroppen, stoppa dei forsøka.
  • Ein normal vaksine drep patogenet. Pfizer sin går inn i cellene og reproduserer gifta.
  • Overdødeligheten stor både i fjor og i år; 8706 i 2021 trass i 3 mnd lockdown i New South Wales [delstaten, med ca 8,2 millionar innbyggarar, har ca ein tredel av innbyggartalet til Australia].
  • Helseautoritetane – Brandon Murphy (helsedirektør 2016-juli 2020, no helseminister), prof. Paul Kelly, John Cahill samt parlamentarikarar særleg frå Labour og dei grøne – sa vaksinen var trygg og effektiv, men ingen av dei hadde lese Pfizer-rapportane.
  • Det var sagt at vaksinen stoppa smitte, men det var og ei løgn. FDA sa i desember 2020 at det ikkje fanst bevis for at vaksinen stoppa overføring av viruset mellom folk.
  • Ifølge den pre-kliniske rapporten til Pfizer, var det ingen skilnad mellom vaksinerte og uvaksinerte testdyr etter dag 9. Vaksinen er ikkje effektiv.
  • Big Pharma og universiteta er ikkje eigentleg interesserte i forskning. Dei er berre ute etter å tene pengar.
  • Mange har kontakta Rennick og fortalt om vaksineskadane sine.
  • Til dei andre senatorane seier Rennick: «Dokker har vist mangel på medmenneskelegheit. Det er folk der ute som ikkje berre er skadde. Dei har mista jobbane sine, og dei får ikkje medisinsk støtte. Ektefellar har måtta slutte i jobben for å vere heime og passe på dei som er skadde». «Dokker berre hånar og ler av dei vaksineskadde.» «Det er berre ein kloakkpøl av løgner, denne plassen.»
  • «Det handlar om folkehelsa. Idéen om at forretningar i dette landet kan ha ansvaret for spreiinga av eit luftbore virus, er nett like absurd som dei milliardane av dollar som blir sløst vekk» på idéen om å kontrollere klima.
  • «Vi lever i eit land av einhjørning-bønder og intellektuelle pygmear som jagar den umoglege draumen, slik Pancho jaga vindmøller. Det er absurd.»
  • Viruset dukka opp for 3 år sidan, og det er framleis obligatorisk vaksinering. Folk mistar jobben. Fleire avgjerder burde overlatast til verksemdene og dei tilsette, meiner Rennick.

Samanfatta av Monica Sortland, 5. desember, 2022

7 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 7 ganger.

Post Views: 21

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...