Derimot: Arbeidspresset innen helsesektoren: Stadig flere tvinges over i deltidsstilling. – Derimot

derimot.no:

Er helsesektoren for tung å jobbe heiltid i? Stadig fleire jobbar friviljug deltid

I det siste sokalla arbeidslivsbarometeret frå Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) for 2025 får vi vete at heile 40,2% av kvinner jobbar deltid på grunn av helsemessige årsaker. Berre 26% av mennene gjer det same. I det høvet har FriFagbevegelse intervjua den 55 år gamle hjelpepleiaren Rita Tønnessen, som jobbar ved Solfjellshøgda helsehus i Oslo kommune. Ho har vore deltidstilsett i 28 år. Som ho sjølv seier til FriFagbevegelse:

«Jeg foretrekker å jobbe redusert framfor å risikere å bli sykmeldt i en fulltidsstilling. Det er høyt stressnivå og alltid mye å gjøre […].»

Delen av kvinnelege tilsette som gjev helse som årsak til at dei jobbar deltid, har auka noko grådig, frå 24,9%  2015 og 33,3% i 2024, til 40,3% i 2025. 3000 arbeidstakarar har blitt intervjua i undersøkinga, og tala skal etter planen presenterast under Arendalsuka tysdag 12.august.

Rita seier:

«Sjansene er store for at jeg ville ha gått på en smell i en fulltidsjobb med dagens bemanningssituasjon. […] For å få flere til å jobbe fulltid i helsevesenet, må det ansettes flere folk som vet hva de driver med. Sånn som det har utviklet seg, blir det mer og mer å gjøre, men bemanningen er den samme, og hele tiden får vi høre at det skyldes økonomien.»

Mange kvinner føretrekkjer å jobbe deltid når dei har barn å ta seg av. Dette var òg tilfellet med Rita. Det var nemleg då ho fekk sitt fyrste av to barn for 28 år sidan, at ho valde å gå over i deltid. For å kunne stå i yrket til pensjonsalder utan å bli sjukemeldt og i verste fall ufør, fann ho etter kvart ut at «det er lurest å jobbe mindre og ha litt fri».

Sjå òg «OECD med undersøking om balansen mellom arbeid og fritid: Lever du for å jobbe, eller jobbar du for å leve?», publisert 2.mai 2022.

Det som «bergar» Rita, er at ho har ein sambuar som er i full jobb. Mi eiga personlege erfaring med kvinnelege deltidskollegaer, er at dette som oftast er det som gjer at dei kan jobbe deltid. Dei som er einslege, ser seg tvinga til å jobbe 100%, endå dei helst berre ville ha jobba 80%. Å jobbe som hjelpepleiar/helsefagarbeidar på sjukeheim er fysisk og psykisk tungt. Det bekreftar Rita:

«Stillingen på 50 prosent som hun har hatt i en årrekke, innebærer ofte at arbeidsmengden økes til 80 prosent. Det merker hun godt. 

– Jeg blir sliten og kjenner på stresset, og etter intense jobbdager har jeg ikke kapasitet til å være aktiv. Da har jeg bare lyst til å ta det med ro, sier hun.

Å jobbe fire dager i uka, med mulighet for langfri i helgene, er nødvendig for at Rita skal få tilbake energien og være klar for nok en arbeidsuke.

– Det fysiske er ikke noe problem, det er det psykiske. Jeg blir sliten i hodet, sier 55-åringen om hverdagen som hjelpepleier.

På helsehuset skal hun rekke over mye – fra stell og pleie av døende til å forebygge sår, måle blodtrykk og snakke med pasienter og pårørende.

– Mange av de pårørende befinner seg i en krisesituasjon og har mye på hjertet. Det krever veldig mye av deg, forklarer Rita.»

Kvinner har ein lei tendens til å brenne seg ut i helse- og omsorgssektoren. Dette skuldast ikkje at dei nødvendigvis bruker meir krefter på jobben enn sine få mannlege kollegaer, men heller på grunn av det triste faktum at mange kvinner er dobbelt- eller til og med trippeltarbeidande. Dei har hovudansvaret for omsorgsarbeidet heime, og når foreldra etter kvart blir gamle og skrøpelege, er kvinner primus motor for å få skaffe hjelp frå fastlege, vurderingsteam, heimesjukepleie og etter kvart sjukeheimsplass.

Men det største problemet er bemanninga. Slik har det vore i alle år, og det verkar som om det berre blir verre og verre. Då eg jobba på somatisk langtidsavdeling, var vi på kveldsvakter og i helgar to pleiarar som skulle stelle ti pasientar med omfattande pleiebehov. Alle var demente, nokon var valdelege. Vi jobba ræva av oss, dag ut og dag inn, utan eit einaste takk frå nokon, minst av alle leiinga. Alle sjukeheimar ser ut til å ha dette problemet. Det er rett og slett for lite folk, og eit særs høgt sjukefråvær.

No når det nærmar seg Stortingsval, er det ikkje overraskande mange politikarar som er ute med sitt valflesk om auka midlar til helse og omsorg – men so fort dei er komne innanfor veggane på Stortinget, vender dei midlane og merksemda mot sine overherrar nede på kontinentet. Dei eldre har vore ein salderingspost i mange år, og slik kjem det berre til å halde fram å vere. Midlane går til direktørlønningar, som ofte er i millionklassen, og ikkje til å gjere sjukeheimane betre bemanna og dermed tryggare for bebuarane.

I mellomtida må helsepersonell innrette seg so godt dei kan – om det er økonomisk mogleg for dei å jobbe deltid, vil nok dei aller, aller fleste gjere slik som Rita. Ein lever ikkje for å jobbe, ein jobbar for å leve. Og om ein lèt jobben øydeleggje helsa, har ein ikkje lenger eit liv.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar