Derimot.no

Derimot: Arbeidsledige innvandrere i UK: Et økonomisk svart hull. – Derimot

derimot.no:

Over halvannan million arbeidsledige innvandrarar i Storbritannia – kostar skattebetalarane 118 MILLIARDAR

Steve Watson på nettstaden Modernity.news rapporterer:

Nesten 1,7 millionar utlendingar som bur i Storbritannia er arbeidsledige, eller «økonomisk inaktive», noko som kostar skattebetalarane estimerte 8,5 milliardar pund [118,4 milliardar kroner] i året ifølgje ein ny rapport.

Ein analyse av statlege tal gjort av Centre for Immigration Control viser at dei noverande nivåa er dei høgaste nokosinne, og går forbi ein tidlegare rekord på 1 628 000 som vart registrert i 2012.

Estimatet på 8,5 milliardar pund inkluderer ikkje eingong kostnadene tilknytt asylsøkjarar, som rutinemessig blir innkvartert på firestjerners hotell, so vel som utanlandske studentar, noko som tydar at den faktiske kostnaden for ein britisk skattebetalar truleg er mykje høgare.

I tillegg har Institute for Fiscal Studies (IFS) [«institutt for skattestudiar»] avslørt at Home Office [det britiske innanriksdepartementet] brukte heile 7,9 milliardar pund på berre tre år på asyl-, grense- og visumhandtering, når budsjettet deira berre var på 320 millionar.

Dei gjekk 7,6 milliardar over budsjettet.

IFS-forskingsøkonom Max Warner sa til BBC: «Når ein får eit slikt eingongstilfelle av uventa auke av kostnader eller behov, er det fullstendig forståeleg å bruke meir enn det som vart budsjettert. Men når det skjer år etter år, er det noko gale med budjsetteringsprosessen.»

Robert Bates

Robert Bates, direktør i Robert Bates, sa til The Daily Mail at «Oppi alt pratet om eit skattemessig ‘svart hol’, ser Labour-regjeringa ut til å oversjå det eklatant openberre faktum at massemigrasjon forårsakar økonomisk dommedag.»

«Der er ingen grunn til at vi skal halde fram med å dele ut so mange langtids-visum når vi for tida må hjelpe over ein million migrantar som allereie er i Storbritannia, men som ikkje arbeider,» sa Bates vidare.

«Dette er sjølve definisjonen på eit pyramidespel, og vi vil berre få eit stadig verre problem dersom vi ikkje snarast endrar kurs,» oppmoda han.

«Våre eldre står overfor ein potensielt dødeleg vinter, sidan Keir Starmer avskaffa straumstøtta for eldre i vintermånadene [sokalla Winter Fuel Payment], men på same tid gjer han ingenting med alle dei arbeidslause innvandrarane,» la Bates vekt på.

I respons på rapporten kommenterte Reform UK-leiar Nigel Farage: «Dei økonomiske argumenta for masseinnvandring er over.»

Farage adresserte tidlegare smottholet som gjer at utanlandske studentar i Storbritannia kan få visum for heile familien sin, og oppmoda at dei ikkje burde kunne «hente mamma» til universitetet.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig og henta frå Saksyndig

Forsidebildet er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar