Derimot: «Alle frivillige som dør skal rapporteres umiddelbart.» USAs biologiske eksperiment i Ukraina og Georgia. – Derimot
derimot.no:
Selv om denne artikkelen er to år gammel trenger historien å publiseres for vi ser her hvordan USA bruker borgere i andre land til biologiske eksperimenter som de ikke ville kunne gjøre hjemme.
Knut Lindtner
Redaktør
Dokument avslører at USA har drive biologiske eksperiment på allierte soldatar i Ukraina og Georgia
Medan USA planlegg å auke sitt militære nærvær i aust-Europa for å «verne sine allierte mot Russland», viser interne dokument kva amerikanske «vern» betyr i praksis.
Pentagon har leidd biologiske eksperiment med potensielt dødeleg utfall på 4400 soldatar i Ukraina og 1000 soldatar i Georgia. Ifølge lekka dokument skulle alle dødsfalla blant dei frivillige rapporterast innan 24 timar (i Ukraina) og 48 timar (i Georgia).
Begge landa blir sett på som dei mest lojale partnarane til USA i regionen, med fleire Pentagon-program som blir implementerte på territoriet deira. Eitt av desse prosjekta er Defense Threat Reduction Agency (DTRA, Forsvarets trusselreduksjonsbyrå) sitt Biological engagement program med ei kostnadsramme på $2.5 billion , som mellom anna forskar på bio-agentar, dødelege virus og antibiotika-resistente bakteriar testa ut på lokalbefolkning.
Project GG-21: “All volunteer deaths will be promptly reported” (Alle frivillige som dør skal umiddelbart rapporteres)
Pentagon har lansert eit 5-årig prosjekt med opptil 3 års mogleg forlenging, under kodenamnet GG-21: “Arthropod-borne and zoonotic infections among military personnel in Georgia” (leddyr-oppståtte og zoonotiske infeksjonar blant militært personell i Georgia). Ifølge prosjektdokumenta skal blodprøver samlast inn frå 1000 militærrekruttar under helsesjekken når dei registrerer seg, ved det georgiske militærsjukehuset i Gori.
Prøvene skal testar for antistoff mot 14 patogen:
- Bacillus anthracis
- Brucella
- CCHF virus
- Coxiella burnetii
- Francisella tularensis
- Hantavirus
- Rickettsia-artar
- TBE virus
- Bartonella-artar
- Borrelia-artar
- Ehlrichia-artar
- Leptospira-artar
- Salmonella typhi
- vestnilviruset
Mengda blod som skal takast vil vere 10 milliliter. Prøvene vil bli lagra på ubestemt tid hos NCDC (Lugar Center) eller USAMRU-G and deler av dei kan bli sende til WRAIR-hovudkvarteret i USA for framtidige forskningsstudiar. Walter Reed Army Institute of Research (WRAIR) er den største av fasilitetane for biomedisinsk forskning som USAs forsvarsdepartement administrerer. Resultata av blodtestinga vil ikkje bli meddelt med studiens deltakarar.
Slike prosedyrar kan ikkje forårsake kreft. Men ifølge prosjektrapporten skal «alle ‘volunteer deaths’ straks innrapporterast (vanlegvis innan 48 timar etter at prosjektleiaren (PI) har fått melding om det)» til det georgiske militærsjukehuset og til WRAIR.


Soldatane sine blodprøver vil bli lagra og testa vidare på Lugar Center, ein fasilitet i Georgias hovudstad Tbilisi, som Pentagon har finansiert med 180 millionar dollar.
Lugar Center har dei siste åra fått dårleg ry på seg for sine kontroversielle aktivitetar, laboratoriehendingar og skandalar rundt den US-amerikanske legemiddelgiganten Gilead sitt Hepatitt-C-program i Georgia som førte til at minst 248 pasientar døydde. Dødsårsaka har i dei fleste tilfella blitt registrert som ukjend, har interne dokument vist.
Det georgiske prosjektet GG-21 har blitt finansiert av DTRA og implementert av amerikanske militære vitskapsfolk frå ei spesiell avdeling innan US Army med kodenamnet USAMRU-G, som opererer i Lugar Center. Dei har blitt gitt diplomatisk immunitet i Georgia for å forske på bakteriar, virus og gifter, utan å vere diplomatar. Denne avdelinga høyrer til Walter Reed Army Institute of Research (WRAIR).
Dokument som er henta frå USAs register for føderale kontraktar, viser at USAMRU-G ekspanderer aktivitetane sine til andre allierte av USA i regionen og «etablerer ekspedisjonær kapasitet» i Georgia, Ukraina, Bulgaria, Romania, Polen, Latvia og eventuelle framtidige lokasjonar. Det neste USAMRU-G-prosjektet som involverer biologiske testar på soldatar skal starte i mars i år (2022) på det bulgarske militærsjukehuset i Sofia.
Project UP-8: All deaths of study participants should be reported within 24 h (Alle dødsfall av studiedeltakere bør rapporteres innen 24 timer)
Defense Threat Reduction Agency (DTRA) har finansiert eit liknande prosjekt som involverte soldatar i Ukraina under kodenamnet UP-8: The spread of Crimean-Congo hemorrhagic fever (CCHF) virus and hantaviruses in Ukraine and the potential need for differential diagnosis in patients with suspected leptospirosis (spreiinga av viruset Krim-Kongo hemorrhagisk feber (CCHF) og hantavirus i Ukraina og det potensielle behovet for differensielle diagnosar for pasientar med mistenkt leptospirose). Prosjektet starta i 2017 og vart utvida fem gongar fram till 2020, viser interne dokument.
Ifølge prosjektdokumenta skal blodprøver samlast inn frå 4400 friske soldatar i Lviv, Kharkov, Odessa og Kiev. 4000 av desse prøvene skal testast for antistoff mot hantavirus, og 400 av dei for antistoff mot CCHF-viruset. Resultata av blodtestane vil ikkje bli utleverte til studiedeltakarane.
Det er ingen informasjon om kva for andre prosedyrar som skal utførast, bortsett frå at «alvorlege hendingar, inkludert dødsfall bør rapporterast inn innan 24 timar. Alle dødsfall blant studiesubjekt som er mistenkte for å vere, eller som ein veit er, relaterte til forskningsprosedyrar bør meldast inn til bioetiske komitear i USA og Ukraina».
DTRA har allokert $80 millinar til biologisk forskning i Ukraina per 30. juli 2020, ifølge informasjon innhenta frå USAs føderale kontraktregister. Kontraktøren som skal leie programmet, er det US-amerikanske selskapet Black &Veatch Special Projects Corp.


Ein annan DTRA-kontraktør som opererer i Ukraina, er CH2M Hill. Det amerikanske selskapet har fått ein kontrakt til $22,8 millionar (2020-2023) for rekonstruksjon og utstyr ved to biolaboratorium: State Scientific Research Institute of Laboratory Diagnostics and Veterinary-Sanitary Expertise (Kyiv ILD) og State Service of Ukraine for Food Safety and Consumer Protection Regional Diagnostic Laboratory (Odesa RDL).
US-amerikansk personell har fått straffefridom for død og skadar på lokalbefolkninga
DTRA-aktivitetane i Georgia og Ukraina er beskytta av spesielle bilaterale avtalar. Ifølge desse avtalane skal Georgia og Ukraina halde USA og USAs personell, kontraktørar og kontraktørars personell fritatt frå skade og rettsforfølging for skade på eigedom eller død eller skadar på personar i Georgia og Ukraina som kjem av aktivitetar som avtalen dekker. Dersom DTRA-sponsa vitskapsfolk forårsakar død eller skade på lokalbefolkninga, kan dei ikkje bli stilt til ansvar for det.




Dessutan skal, ifølge avtalen mellom USA og Ukraina, tredjeparts påstandar om død og skadar i Ukraina, som har oppstått av handlingar eller forsømming frå US-amerikanske tilsette, relatert til denne avtalen, vere Ukraina sitt ansvar.
Dilyana Gaytandzhieva er ein bulgarsk undersøkande journalist, Midtausten-korrespondent og grunnleggar av Arms Watch. Under dei siste to åra har ho publisert ei rekke avslørande reportasjar om våpenleveransar til terroristar i Syria og Irak. Arbeidet hennar no er fokusert på dokumentering av krigsbrotsverk og ulovleg våpeneksport til krigssoner rundt om i verda.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde er KI-generert
Tags: bio-weaponsGeorgiaPentagonUkraineUSA