Derimot: Rødt sin utvikling. Fra selvskading til politisk selvmord? – Derimot

derimot.no:

Eit parti i fritt fall.

Av Lars Longva

Eg har lese det som er skrive på Politikus om oppgjeret Svein Lund har hatt med partiet Raudt, mellom anna i Klassekampen, og vil først seie ifrå om at eg, utfrå det eg har lese, støttar Lund på alle punkt. Slik situasjonen er i dag, treng verken SV eller Raudt politiske motstandarar. Eit kollektivt sjølvmord held lenge.

Eg skjønar ikkje heilt kva  Terje Kollbotn, i eit forsvar for partiet, kan leggje i  skuldingar om at Lund ikkje har lese seg godt nok opp på det han kallar «bakgrunnsmateriale». I denne samanhengen trur eg at ein i så fall må lese med ein heilt annan type «briller», som i praksis gjer høgrepolitikk til venstrepolitikk. Dette er eit kunststykke berre reine politiske seljarar utan ideologi kan greie. Slike skuldingar slår også, etter mi meining, kraftig tilbake på Kollbotn sjølv.

Når det gjeld krigs- og fredspolitikk, som for meg er den største og viktigaste saka, opplever eg at Raudt står fram akkurat som norske journalistar på Nrk den 24. februar 2022. Dei mangla heilt innsyn i «bakgrunnsmaterialet» og stod fram som om dei var fødde i går – heilt utan historiske kunnskapar, utan å ha lært noko av USA/Nato sine tallause og katastrofale regimeskifteoperasjonar/krigar, og på same tid totalt utan evne til å orientere seg i si eiga samtid. Slike journalistar og politikarar er direkte farlege både for seg sjølve og for landet!

Påstandar om at Noreg vil bli okkupert av Russland dersom me ikkje let USA etablere 12 militærbasar i landet vårt, og på same tid gjere desse basane til soleklare bombemål, tyder på at Kollbotn både treng å lese seg opp på bakgrunnsmateriale og å orientere seg i den verda han lever i. Å sluke all krigspropaganda frå USA/Nato/EU er rett og slett ikkje sunt, om ein ikkje meiner at ei atombombe i ny og ne neppe har større konsekvensar enn eit verskifte/klimaskifte, slik ein av hærførarane i USA hevdar (om denne bomba ikkje skulle treffe USA, sjølvsagt – det ville vere ei heilt anna sak).

I ein konflikt – ja, endå til ein krig mellom stormakter, gjer eit lite land det klokast i å unngå å kome i skotlinja mellom desse. I landet vår har dårlege leiarar gjort det motsette i lang tid, og verst i dei siste regjeringane.

Ei lovleg vald regjering i Ukraina har aldri hatt eit mandat som tilseier at landet skulle gå til krig for å bli Nato-medlem. I 2008, då Nato (med sterkt tvilande leiarar i fleire europeiske medlemsland) avgjorde at Ukraina og Georgia skulle inn i Nato, var det berre rundt 12 % (sidan oppjustert til 20%) av ukrainarane som ønskte dette. Og krigen i Ukraina starta ikkje, slik dei før nemnde vil hevde, den 24. februar 2022, då Russland med militærmakt gjekk inn i Ukraina — og som om all historie før den tid var nulla ut (like lite som 11. september og 7. oktober kan representere tilsvarande datoar og startskot for andre historieforteljingar).

Etter eit usask regimeskiftekupp i 2014 (som faktisk også var eit valdeleg kupp), heia fram av Nato og EU, blei den loveleg valde president Janukovitsj jaga frå landet, og eit nytt regime, med mellom andre ukrainske nazistar i leiande stillingar, kom på plass. Desse sette i gang ei etnisk reinsing aust i landet, der det er mange med russisk bakgrunn. Ettersom folket i aust naturleg nok gjorde motstand, blei dette også ein krig med klare frontar og i alt om lag 14 000 falne, flest sivile, før februar 2022.

Eit intermesso og nytt håp om fred kom då Zelensky blei vald på eit program for avspenning, forhandlingar, forsoning og varig fred. Han kom ikkje langt der, med USA-innsette nazistar i regjeringa og med titals CIA-basar i landet. Frå no av skulle det ikkje forhandlast — no var det krig som galdt, ein ny USA/Nato/EU-krig, ein proxy-krig for å svekke/gjere slutt på Russland! Målet er og har alltid vore klart og det same: Eit totalt verdshegemoni. Å kalle dette noko anna enn ein imperialistisk krig finn eg vanskeleg.

Mykje kunne ha vore skrive om USA/Nato/EU og om desse organisasjonane si rolle i verda i dag. I krig/fred-samanheng vil eg berre nemne det alle som vil, kan sjå,

  • at USA/Nato/EU har nulla ut alt som heiter diplomati,
  • at USA/Nato einsidig har sagt opp alle nedrustingsavtalar,
  • at USA/Nato/EU ikkje godtek at andre land har eigne, nasjonale interesser, t. d. når det gjeld tryggleik, MEN
  • at Nato-landa sjølve har slike interesser over heile verda!

Dette er ei oppskrift på evige krigar. Og er det ein ting «vanlege folk» ikkje har interesse i, så er det krig. Det er alltid dei som misser sine kjære, lider og døyr. No går Raudt i kompaniskap med eit parti der den sitjande statsministeren hevdar at det er mange unge som er villige til å ofre livet. – I ein krig som aldri har vore vår krig!Kven tenkjer han på, folk i sin eigen familie? Neppe. Me må nok dessverre rekne med at det er «vanlege folk» sin tur, denne gongen også.

Og når starta dette evige «krigsspelet»? Allereie i 1948 la George Kennan opp strategien, som usask planleggjar: Med 50 % av all rikdomen i verda (etter at USA slapp forholdsvis heldig frå WW2) og med berre ca 6 % av folket, må alt gjerast for å halde på dette hegemoniet! Då må ein også kvitte seg med all sentimentalitet,

som omsynet til

menneskerettar (Her har USA, i tillegg til tallause, alvorlege brotsverk i heile verda, også stemt imot alle SN[FN]-resolusjonar som har gått på menneskerettar, saman med Israel),

velstandsauke (Heilt tydeleg, og ikkje minst, i deira eige land!) og

demokrati (Det totalt dysfunksjonelle origarkiet i USA avgjer til ei kvar tid kva som kan kallast eit «demokrati» rundt om i heile verda, og brukar dette som eit påskot til å starte nye krigar).

Når det gjeld demokrati, handlar dette sjølvsagt også om presse- og ytringsfridom. I Vesten er desse også på sterkt vikande front. I landet vårt må ein i alle fall ikkje prøve seg med ytringar om fred og nedrusting. At parti på den sokalla venstresida sluttar opp om dette, er ikkje noko anna enn ein politisk fallit.

Eg greier ikkje å forstå at det er så få i dette landet som skjønar at det som hender i Midtausten, særleg og mest samanhengande og groteskt i Gaza og på Vestbeidda, og det som hender i Ukraina, i Syria, Georgia og Moldova, i utgangspunktet er det same – og det same som har gått føre seg i Iran, det eine landet etter det andre i det globale sør, i Jugoslavia, Afghanistan, Irak, Libya, i lang tid i Syria, i Pakistan, Bangladesh osv. USA/Nato/EU skaper aldri fred, stabilitet og trygge tilhøve for vanlege folk i desse landa, i staden alltid det motsette: kaos, unntakstilstandar, krig, undertykking, naud, og i sum død for millionar uskuldige.

Ein treng ikkje lese seg opp på svært mykje bakgrunnsmateriale for å sjå og skjøne dette. Ein føresetnad er sjølvsagt at ein orienterer seg litt vidare og ut over dei som fortel akkurat dei same, meir og meir usannsynlege sogene, i det ein kallar etablerte eller mainstream media. At journalistar heller ikkje gjer ein liten freistnad i denne retninga, gjer at dei gradvis ber tittelen med større og større gåseauge.

I den store samanhengen står Raudt fram som sjølve svikaren, sidan dei preikar sterkast om solidaritet med «vanlege folk» og undertrykte folk i verda, men likevel støttar dei sterkaste motkreftene nokon gong.

– Og endå har eg ikkje ein gong nemnt at desse USA/Nato/EU-krigane, for dette triangelet først og fremst fungerer som ei kvitvasking av eit kontinuerleg ran, der dei største og rikaste selskapa i verda kjøper opp alt av verdi i dei krigsramma landa – for så godt som ingen ting. At den usaske våpenindustrien er den suverene vinnaren og sjølve motoren i alt dette, skal eg heller ikkje gå nærare inn på.

Som krigsparti er Raudt på katastrofalt feil side i politikken — og elles på feil side av historia.

Innlegget er hentet fra Politikus

Forsidebilde: Sandy Millar

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar