Derimot: Paul C. Roberts: Er det kriminelt å nekte å være spion for staten? – Derimot
derimot.no:
Sanning blir fjerna frå Vesten og erstatta med ein Gestapo-liknande politistat
Paul Craig Roberts skriv:
Ikkje eingong ein einaste verdi av vestleg sivilisasjon er igjen. Alle verdiar som utgjer ein æra av fridom har blitt forkasta.
Det aktuelle dømet no er siktinga til Telegram-eigar Durov i Frankrike. Grunnlaget for den franske siktinga er at privatvernet til Telegram, sjølve grunnlaget for eksistensen til det, tilbyr ein mekanisme som kriminelle kan bruke for å utføre straffbare handlingar, slik som innlegg som viser barn som utfører seksuelle handlingar. Privatvernet tilbyr òg hemmelege kommunikasjonsmetodar som kriminelle og doplangarar bruker for sine ulovlege verksemder. Den franske regjeringa påstår at Telegram, ved å tilby privatvern, legg til rette for desse brotsverka, og dermed er Durov delaktig i brotsverka. Legg merke til at det er Durov, og ikkje dei som lagar barneporno eller langar dop, som no blir straffeforfølgt.
Med andre ord er argumentet i den franske siktinga at Durov, som eigar av ein kommunikasjonsmekanisme som kriminelle bruker for å enklare kunne utføre brotsverk, sjølv har utført eit brotsverk.
Vi har sete og høyrt slike ulogiske argument ganske lenge no. Dei som ønskjer å fjerne evna folk har til å beskytte seg mot kriminelle og valdtektsmenn ved å bruke Second Amendment som gjev dei rett til å eige skytevåpen, prøver å halde våpenprodusentar ansvarlege for skadar og dødsfall forårsaka av dei som bruker skytevåpen. Med andre ord er det produsenten sin feil, fordi produktet hans gjer at kriminelle kan utføre brotsverket.
Før eller seinare kjem dette argumentet til å bli brukt om eit stort tal varer og tenester. Til dømes blir køyretøy brukt i bankran, mord og menneskehandel, og det er bil- og køyretøyprodusentane som lèt dei kriminelle gjere slikt ved å produsere køyretøyet.
Ein kan sjå det bli brukt mot søkjemotorarar og GPS, fordi dei lèt kriminelle lokalisere målet sitt.
Alt dette kan høyrast dumt ut for ein lesar, men det er ikkje dummare enn siktinga til den franske regjeringa mot Durov. Sanneleg er det ikkje dumt i det heile. Ein ser her lova brukt som våpen.
På ein måte er siktinga til Durov hans eigen feil. Som mange russarar som har blitt hjernevaska av vestleg propaganda, trudde Durov at Frankrike hadde meir fridom enn Russland og skaffa seg fransk statsborgarskap. Han gjorde ein feil.
Den franske saka mot Durov reflekterer i tillegg Gestapo-politistat-argumentet, som i løpet av åra har blitt velkomen i den vestlege verda, og den seier at det er ansvaret til private individ å bli medsamansvorne med politiet, og at det å ikkje utføre denne rolla indikerer kriminell åtferd.
I løpet av dei siste tiåra har folk i den vestlege verda blitt so dårleg utdanna – indoktrinert mot seg sjølve i staden for utdanna – at dei synest det er plausibelt at folk som nektar å vere agentar i ein politistat er kriminelle.
Washington Post ser det på denne måten. Den einaste gyldige grunnen for at sosiale media eksisterer, er å spionere for staten. Ein av dei dårleg utdanna journalistane til The Post skreiv at «i årevis har internett-mogular vore heva over lova.»
Korleis er det å beskytte ytringsfridommen å «vere heva over lova»? Kva slags lov ligg over First Amendment [tilsvarer §100 i den norske grunnlova; oms.komm.].
Den indoktrinerte journalisten trur at lover som er i strid med First Amendment i den amerikanske grunnlova er gyldige, og at Elon Musk og Pavel Durov bryt lova fordi dei har plikta seg til å beskytte ytringsfridommen.
Den presstituerte i Washington Post seier «Internett-regulatorane i verda driv ikkje lenger og køddar.» Han skriv at åtaket mot Telegram og X «kom nokre månader etter at USA bedtok ei lov som kunne føre til eit forbod mot TikTok» og hyllar slutten på ytringsfridommens æra på internett, noko som er ein god ting etter The Post si meining.
Washington Post frydar seg over at ytringsfridommen skal regulerast. Etter mitt syn er heile rasjonalet for eksistensen av Washington Post å kontrollere narrativ for CIA.
Til og med amerikanarar som aner fred og ingen fare burde vete, etter å ha lidd seg gjennom systemet som bryt all etikk og lover i sitt forsøk på å knuse Donald Trump, at i heile den vestlege verda er lova ingenting anna enn eit våpen for å beskytte løgnene fôra til inkjeanande menneske som offisielle narrativ, og det å tvile på desse er raskt i ferd med å bli ei kriminell handling.
I dei offisielle narrativa sitt namn blir sanning fjerna frå den vestlege verda.
I mitt liv har eg sett forvandlinga av den frie vestlege verda, eit produkt av fleire hundreår med kamp, om til ein Gestapo-politistat.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Forsidebildet er KI-generert