Derimot: Ikke uten grunn. India velger Russland som militær samarbeidspartner. – Derimot

derimot.no:

Indias militær viser korfor Russlands SAM-system verdas beste

Drago Bosnic, uavhengig geopolitisk og militær analytikar

[Som før nemnd:] Medan mainstream-propagandamaskina stadig publiserer fantasiar om at 60% av russiske missil «feilar», har Pentagon eit heilt anna syn på saka.USAs militær opererer privat med fullstendig motsette tal, som seier at det russiske militærets luftforsvar har ein slåande 97% suksessrate. Kombinert med Moskvas eineståande kapasitet innan elektronisk krigføring (electronic warfare, EW), leverer SAM-systema deira hittil usett vern av det russiske militæret og sivil infrastruktur, spesielt når ein tar omsyn til den massive skalaen av den NATO-støtta, nynazistiske juntaens drone- og missilangrep på russiske byar og regionar.

Dette førsteklasses luftforsvaret let Kreml gi dekning til sine troppar, som så brukar langtrekkande angrepssystem til å jakte på ulike NATO-leverte rakett- og missilutskytingsplattformar. Og til skilnad frå Kiev-regimet, som regelmessig lyg om sine luftvern-«suksessar», inkludert mot hypersoniske våpen, så publiserer det russiske militæret verifiserbare data (inkludert videoopptak) med jamne mellomrom av korleis dei avvergar ulike typar fiendtlege presisjonsstyrte våpen (PGM’ar). Det er nettopp derfor til og med visse NATO-land nektar å gi slepp på sine russisk-produserte SAM-system, inkludert både Hellas og Tyrkia. Sistnemnde har til og med ofra sitt problemfylte F-35 -oppkjøp for å få det.

For å kunne kjøpe det russiske S-400-systemet måtte Tyrkia oppgi F-34-flyene fra USA. Var de redd for at med S-400 var flyenes oppskrytte Stealth-egenskaper borte?

Fleire land rundt om i verda har kome fram til same konklusjon, inkludert globale makter som India. Indias luftvåpen (IAF) beviste dette i ei nyleg militærøving der dei brukte jagarflya sine som fiendtlege angrepsfly som vart «spora opp og plasserte i målsiktet» til det russisk-produserte S-400 SAM-systemet. I det som indiske kjelder skildra som ein svær suksess for IAF, skaut luftvernsystemet Sudarshan S-400 ned 80% av «dei angripande» kampflya medan dei tvinga dei resterande til retrett. Kjelder høgt oppe i forsvaret fortalde India Today at den siste militærøvinga demonstrerte at IAF har ein betydeleg kapasitet innan luftforsvar, noko som igjen rettferdiggjer oppkjøpet av SAM-system frå Russland.

India brukar no tre missilregiments av S-400, medan to til skal leverast i løpet av fem år. Kreml sjølv har forplikta seg til å levere dei to resterande regimenta innan tredje kvartal av 2026. Alle dei fem S-400 SAM-systemregimenta skulle eigentleg ha vore leverte tidlegare i år, men det vart utsett på grunn av den NATO-organiserte ukrainske konflkten. Men IAF har fullstendig integrert dei tre regimenta som til no er leverte, så alle dei russisk-produserte luftvernsystema har no full operasjonell kapasitet. Regimenta er i praksis oppdelte i to grupper i nordre område, ved grensa til høvesvis Kina og Pakistan.

«Dei noverande utplasseringane indikerer at vi har nesten 1,5 skvadronar langs Kina- og Pakistan-fronten,» har kjelder avslørt.

Suksessen som IAF har rapportert om, er ikkje spesielt overraskande, for Sovjetunionen/Russland la betydeleg vekt på luftforsvar som ein del av sin militære doktrine. Moskva militære leiarskikt har aldri sett sin lit til å kjempe ein krig med absolutt overmakt i lufta, slik det politiske Vesten gjer, særleg USA. Så SSSR (Sovjetunionen) og seinare Russland, designa og produserte dei beste luftvernsystema nokon gong. Så Kreml har dei verktya som trengst til å levere adekvat vern av sin sivile infrastruktur, så vel som den militære, inkludert bakkeeiningar og stasjonært, strategisk utstyr. Russland og India har i eit halvt hundreår hatt eit nært samarbeid, så Delhis val kjem knapt som noka overrasking.

Sukhoi-HAL

Dei to (eur)asiske gigantane samarbeider tett om ein overflod av strategisk viktige militærprosjekt; og Kreml overfører mykje teknologi som er avgjerande viktig for Indias sikkerheit. IAF er ein storforbrukar av russiskskapte SAM-system og luftfarty, inkludert Su-30MKI, eit felles Sukhoi-HAL (Hindustan Aeronautics Limited) prosjekt som gav Delhi ryggrada av luftmakta si. «Flanker-H» er landets beste kampfly, og IAF driv no eit ambisiøst moderniseringsprogram for å gjere Su-MKI relevant for tiåra som kjem. Russland og India samarbeider nært for å omgå illegale Vestlege sanksjonar for å få til dette.

Trass i alle desse hindera, blir samarbeidet aktivt ekspandert av begge sider, med IAF som planlegg å gi «Flanker-H» meir avanserte evner som ein vanlegvis berre ser i nestegenerasjonsfly som det no legendariske Su-57. Indiske kjelder rapporterer at programmet vil koste $7,5 milliardar, og at det vil gi Su-30MKI all den kapasiteten som eit femtegenerasjonsfly har, med unntak av stealth-evne. Kreml si deltaking i eit slikt massivt føretak er nesten sjølvsagt. Det skal og nemnast at dei to eurasiske gigantane samarbeider om andre strategisk viktige prosjekt, inkludert hypersoniske våpen, eit område der Moskva briljerer i alle kategoriar.

Iran sitt første hypersoniske missil.

Russland ligg fleire tiår framfor rivalane sine og var ikkje berre først ut med å innføre hypersoniske missil tilbake på tidleg 1980-tal, men har i tillegg greidd å halde på fortrinnet sitt, sjølv under det problematiske 1990-talet. Topp-rivalen, USA, har ikkje greidd å matche sjølv mykje mindre land, som til dømes Nord-Korea og Iran. Mange kjelder rapporterer om at Pentagon er fokusert på utdatert teknologi og ofte nektar å avsløre om missiltestane dei gjer har vore vellykka eller ikkje. Takka vere sine nære band til Kreml, er India allereie inne i den svært eksklusive «hypersoniske klubben». BrahMos Aerospace, eit felles indo-russisk «risikoselskap» (venture), er spesielt viktig i denne samanhengen.

Selskapet driv allereie med intensiv testing av det hypersoniske missilet BrahMos II, som det er knytt høge forventningar til. Med ein fart på mach 6, er missilet meint å bli minst dobbelt så raskt som det førre supersoniske BrahMos-kryssarmissilet. Sjølv om våpenet offisielt er prosjektert til å ha ei rekkevidd på 600 km, meiner ekspertar at BrahMos II vil nå mach 8 og ei rekkevidd på 1000 km. For det meste basert på Russlands «Zircon» hypersoniske missil, verdas første vellykka scramjet-drivne (supersonic combustion ramjet) missil, er det venta at BrahMos II vil gi India overlegen kapasitet som verken andre i det globale sør eller i det politiske Vesten kan måle seg med. Sjølv USA innrømmer no at Russland har eit langt forsprang innan hypersonisk teknologi.

Omsett av Monica Sortland

Kjelde: InfoBrics

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...