Vi beveger oss bort fra demokrati. Bare en versjon av virkeligheten gjelder og ingen diskusjon om den tillates.

Derimot.no

Frå 11.september til Covid: nektinga av debatten

Av Thierry Meyssan

Vi har alle ordet “demokrati” i munnane våre og våre media åtvarar oss mot dei autoritære strøymingane i ufrie land. På den andre sida nektar enkelte av oss å organisere motseiande debattar rundt 11.september-åtaka, og også rundt reaksjonen på Covid-19-epidemien. 

Dei tre apane ved Toshogu Shinto-templet. Dei illustrerer maksimen til ein kinesisk vismann: “Sei ingenting gale, sjå ingenting gale, høyr ingenting gale.” Dei kunne også illustrere vestleg feigskap: “Sei ingenting av sanninga, sjå ingenting av sanninga, høyr ingenting av sanninga

Feiringane av 20-årsdagen for 11.september-åtaka løfta fram to fullstendig motstridande forteljingar, avhenging av om ein refererer til den skriftlege og audiovisuelle pressa eller til den digitale pressa. For enkelte erklærte Al Qaida krig mot Vesten ved  å pønske ut eit høg-profilert brotsverk, medan for andre maskerte det same brotsverket eit innanlandsk statskupp i USA. 

Kvar ein debatt er umogleg mellom tilhengjarane av desse to versjonane. Ikkje fordi begge sider nektar det, men fordi tilhengjarar av den offisielle versjonen – og berre dei – nektar det. Dei ser på sine motstandarar som “konspirasjonsteoretikarar”, noko som i deira hovud i beste fall gjer dei til toskar, i verste fall vonde menneske, medskuldige – viljuge eller ikkje – til terroristar. 

Frå no av gjeld denne ueinigheita kvar ei større politisk hending. Og verdssynet til dei to leirane distanserer seg meir og meir frå kvarandre. 

Korleis kunne slikt eit brot mellom medborgarar hende i samfunn som ønskjer demokrati? Spesielt sidan ikkje dette brotet, men reaksjonen til dette brotet gjer kvart eit demokrati umogleg.

Dei samanhengjande nyheitskanalane har som privilegium å raskt kringkaste oppatt ei hending. Dei har ikkje tid til å setje ho i kontekst, langt mindre analysere ho; funksjonar som høyrer med til journalistikk. Sjåaren blir om til ein kikar av ting han ikkje skjøner

Ei viss unnfanging av journalistikk

Vi er i dag forsikra om at rolla til journalistane er å trufast rapportere kva dei har sett. Likevel, når vi blir intervjua av lokale media om ei historie vi kjenner til og ser korleis dei har handtert ho, blir vi ofte skuffa. Vi føler at vi ikkje har blitt forstått. Enkelte av oss klagar over at vi har møtt feil journalist og beheld tilliten vår til hovudstraumsmedia. Andre føler at medan litt forvrenging er mogleg ved mindre tema, må mykje meir bli gjort med dei meir komplekse. 

I 1989 høyrde ei folkemengde som var til stade på ein av talane til den rumenske diktatoren Nicolae Ceausescu, at han skulda fascistane for å finne opp Timisoara-massakren tilskriven torturistane i hans regime. Fråstøytte av fornektinga hans, gjorde folkemengda opprør medan dei song “Ti-mi-soa-ra! Ti-mi-soa-ra!” og styrta han. Den lokale TV-stasjonen i Atlanta (USA), CNN, kringkasta direkte dei få dagane av denne revolusjonen. Han vart difor den fyrste direkte-nyheitskanalen og vart om til ein internasjonal kanal. Derimot veit vi i dag at denne massakren aldri eksisterte. Det var berre ei iscenesett hending som brukte lik henta frå eit likhus. Ein lærte seinare at ei propagandaeining i den amerikanske hæren hadde eit kontor like ved CNN sitt nyheitsrom. 

Timisoara-manipulasjonen fungerte berre fordi han vart sendt direkte. Sjåarane hadde ikkje tid til å undersøkje eller eingong tenkje. Profesjonelt trekte ingen journalist nokosinne nokon konklusjonar frå hendinga. Snarare tvert imot  vart CNN modell for direkte-nyheitskanalar som har dukka opp overalt. 

Under Kosovo-krigen i 1999 produserte eg ein dagleg bulletin som oppsummerte informasjonen frå NATO og dei regionale nyheitsbyråa (Austerrike, Ungarn, Romania, Hellas, Albania, osv.) som eg hadde abonnert på. Frå byrjinga vart ikkje det NATO fortalde oss i Brüssel bekrefta av dei regionale byråa. Snarare tvert imot skildra dei ein fullstendig annleis konflikt. Det var merkeleg å sjå at dei regionale journalistane, frå alle land bortsett frå Albania, utgjorde ei blokk som skreiv tekstar som passa med kvarandre, men ikkje med dei til NATO. Veke etter veke flytta dei to versjonane seg vekk frå kvarandre. 

Som svar på denne situasjonen gav NATO Jamie Shea ansvar for deira kommunikasjon. Han fortalde ei ny historie kvar dag frå slagmarka. Snart hadde den internasjonale pressa berre auge for han. Historia hans vart mediehistoria og dei regionale nyheitsbyråa vart ikkje lenger dekte, bortsett frå av meg. I mitt hovud laug begge sidene, og sanninga måtte vere ein eller annan stad i midten. 

Då krigen var over, ilte humanitære, diplomatar og FN-soldatar til Kosovo. Til deira overrasking – og mi – fann dei ut at dei lokale journalistane hadde rapportert sanninga nøyaktig. Orda til Jamie Shea hadde ikkje vore anna enn krigspropaganda. Dei hadde vore den einaste “truverdige” kjelda for internasjonale media i tre månader. 

Vestlege journalistar som reiste til Kosovo fann også ut at dei hadde stolt på menneske som hadde loge til dei med største sjølvtillit. Likevel endra få av dei tonen sin. Og endå færre av dei greidde å overbevise redaktørane sine at NATO hadde ført dei bak lyset. Forteljinga som hadde blitt påtrengt dei av den Atlantiske alliansen hadde blitt Sanninga som historiebøkene kom til å gjenta trass fakta. 

Det gamle greske teaterkoret minnet seerne på at til tross for følelsene de følte, var alt teater.

Antikkens Hellas og den moderne Vesten

I antikkens Hellas framkalla skodespel sterke kjensler i publikum. Enkelte frykta at gudane ville hale dei inn i mørke lagnader. So koret, som fortalde historia, byrja også å forklare at ein ikkje måtte bli narra av det ein såg, men skjøne at det berre var eit iscenesett show. 

Denne distanseringa frå kva noko ser ut til å vere, som er lamma av myten om direktesendt informasjon, er i psykologien kalla “symbolisk funksjon”. Små barn har ikkje denne evnen, dei tek alt på alvor. Derimot, i “fornufta sin alder”, i sjuårsalderen, kan vi alle skjøne skilnaden mellom det som er sant og det som berre er ein representasjon. 

Fornuft er her det motsette av rasjonalitet. Å vere rasjonell er å berre tru på ting som er bevist. Å vere fornufting er å ikkje tru på umoglege ting. Dette er ein svært stor skilnad. Dette fordi vi ikkje finn Sanninga i tru, men i fakta. 

Når vi ser fly treffe World Trade Center i New York og folk som hoppar ut av vindauge for å sleppe unna flammene, blir vi alle svært rørt. Når Tårna kollapsar er vi klare til å gråte. Men det burde ikkje stoppe oss frå å tenkje. 

Vi kan alltids bli fortalt at 19 kaprarar kapra fire fly, men sidan desse folka ikkje var på flyselskapet sine lister over passasjerane som var ombord, kunne dei ikkje kapre desse flya.  

Ein kan alltids fortelje oss at drivstoffet frå dei to brennande flya rann ned på søylene til bygningane og smelta dei, noko som ville forklare kvifor Tvillingtårna kollapsa, men ikkje oppå seg sjølv, og ikkje kollapsen til det tredje tårnet. For at ein bygning skal kollapse, ikkje til éi side, men oppå seg sjølv, må du sprengje grunnfundamentet, for deretter å sprengje han frå topp til botn for å få etasjane til å øydeleggje kvarandre. 

Ein kan alltids fortelje oss at dei panikkslagne passasjerane ringde slektningane sine før dei døydde, men sidan telefonselskapa ikkje har opptak av desse samtalane, eksisterte dei ikkje. 

Ein kan alltids fortelje oss at eit Boeing øydela Pentagon, men det kunne ikkje ha kome inn gjennom eit inngangsparti utan å øydeleggje dørkarmen. 

Vitnesbyrda seier kvarandre imot. Men berre enkelte er sagt imot av fakta.

Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er 214001-4-517b7.jpg
Vi aksepterer å bli ført bak lyset når vi trur at Sanninga er for vanskeleg å innrømme

 

Kvifor vi aksepterer å bli ført bak lyset

Eit stort problem gjenstår: kvifor aksepterer vi å bli ført bak lyset? Vanlegvis fordi Sanninga er meir vanskeleg for oss å akseptere enn løgna. 

Til dømes, når sonen til presidenten i National Political Science Foundation i fleire år kom med offentlege skuldingar om valdtektene han vart utsett for av presidenten, tykte alle synd på den stakkars vrangførestelte guten og lovprisa faren hans for å halde ut denne galskapen utan å seie eit ord. Når offeret si syster publiserte ei bok med vitnesbyrd, skjønte alle kven som fortalde sanninga. Presidenten vart tvinga til å gå av. Valdtektsmannen slapp unna rettsforfølging berre på grunn av statusen sin: tidlegare europeisk nestkommanderande, president i den symbolske institusjonen til heile den franske politiske medieklassen, og president i La Siècle, den mest eksklusive private klubben i Frankrike. 

Kvifor trur vi at Al Qaida er ansvarlege for 11.september-åtaka? Fordi USAs utanriksminister, general Colin Powell, tredde føre FNs tryggleiksråd og sverga det. Det speler inga rolle at han laug fleire år tidlegare når han bekrefta historia om kuvøsene som vart stolne frå Kuwait av irakarane, og babyane som vart forlatne for å døy. Eller at han laug om president Saddam Husseins masseøydeleggjingsvåpen. Han er utanriksminister og vi må tru han. 

Snarare tvert imot, om vi trekkjer i tvil ordet hans, burde vi ikkje berre spørje kvifor vi invaderte Afghanistan, deretter Irak og so vidare. Men også, og framfor alt, kvifor han laug. 

Den ufjernelege Anthony Fauci har handtert kvar større epidemi i USA. Han arbeider ikkje som lege, men som ein høgtrangert offentleg tenestemann. Han bryr seg ikkje om den hippokratiske ed. Han har ikkje nølt med å underslå offentlege midlar til å sponse ulovleg og farleg forskning i eit fjernt land. Eller å fremje obligatorisk innestenging av friske menneske

Reaksjonen på Covid-19: ein annan 11.september

Gåta om 11.september er ikkje eit spørsmål frå fortida. Forståinga vår av dei siste tjue åra er avhenging av korleis ho er svart på. So lenge vi ikkje har motseiiande debattar rundt dei to versjonane, vil vi gjenprodusere dette brotet i alle globale tema. 

For tida opplever vi ein annan katastrofe, Covid-19-pandemien. Vi har alle sett eit stort laboratorium, Gilead Science, bestikke redaktørane i det medisinske tidsskriftet The Lancet til å sverte eit legemiddel, hydroksyklorokin. Gilead Science er selskapet som tidlegare vart leia av 11.september-forsvarsminister Donald Rumsfeld. Det er også selskapet som produserer eit legemiddel mot Covid-19, Remdesivir. I alle tilfelle våga ingen lenger å leite etter legemiddel for å behandle Covid. Alle vende seg mot håpet om vaksinar. 

Donald Rumsfeld hadde instruert staben sin til å utvikle protokollar i tilfelle eit bioterroråtak mot amerikanske militærbasar i utlandet. Deretter spurde ein av dei, dr.Richard Hatchett, som var medlem i det amerikanske nasjonale tryggleiksrådet (US National Security Council), å utvide denne protokollen til eit åtak på den amerikanske sivilbefolkninga. Det var denne mannen som føreslo den obligatoriske innestenginga av friske menneske, noko som framprovoserte eit ramaskrik frå amerikanske legar, leia av professor Donald Henderson ved John Hopkins University. For dei var Rumsfeld, Hatchett og deira rådgjevar, den høgtrangerte offentlege tenestemannen Anthony Fauci, fiendar av den hippokratiske ed og av menneskeheita. 

Når Covid-19-epidemien fann stad, hadde dr.Richard Hatchett blitt direktør i CEPI (Coalition for Epidemic Preparedness Innovations); eit føretak som var skapt i Davos-forumet og finansiert av Bill Gates. Det var Hatchett som fyrst brukte uttrykket “vi er i krig”, som vart teke opp av vennen hans, president Emmanuel Macron. Det var han som tilrådde å stengje inne friske grupper av befolkninga som han hadde førestelt seg 15 år tidlegare i “krigen mot terror”. Anthony Fauci, på den andre sida, var framleis på sin post. Han hadde underslått føderale midlar til å finansiere ulovleg forsking i USA. Forskinga var utført for han i det kinesiske laboratoriet i Wuhan. 

Vanlegvis ville den medisinske standen ha reist seg igjen mot den obligatoriske innestenginga av friske menneske. Dette skjedde ikkje. Dei vurderte overveldande at situasjonen kravde å bryte den hippokratiske ed. 

Dei vestlege landa som følgde dr.Hatchetts råd og trudde på løgnene til Gilead Science, har i dag eit skrekkframkallande rulleblad frå denne pandemien. USA har 26 gonger fleire dødsfall per million menneske enn Kina. Og økonomien deira er knust. 

Dette ville fortene noko debatt og forklaring, men nei. Vi føretrekkjer å sjå samfunna våre bli brotne igjen mellom tilhengjarar av Anthony Fauci eller professor Didier Raoult. 

Konklusjon

I staden for å snakke med kvarandre, å konfrontere argumenta våre, organiserer vi falske debattar mellom tilhengjarar av den dominerande doxa og dei av dei mest groteske meiningar som er moglege. 

Det er nyttelaust å ønskje å leve i eit demokrati dersom vi nektar å verkeleg diskutere dei viktigaste tema. 

Omsett av HANoreg

Tidligere publisert på derimot.no

Forsidebilde: Sam Balye

57 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 315 ganger.

Post Views: 2 217

Les artikkelen direkte på derimot.no