Vaksineskader: Bare 1-10% blir innrapportert.
Dr. Mike Yeadons vitnesbyrd — del II: Vaksineskadar
Dette er del 2 av av andre del av ein transkripsjon av dr. Mike Yeadon sitt vitnesbyrd på den 86 sesjonen til Stiftung Corona Ausschuss, som vart halden den 7. januar, 2022. Del I er her.
Ikkje ein vaksine
Vidare, i motsetning til ein klassisk vaksine, som vanlegvis er ein død bit eller preparasjon av den smittsame organismen i t.d. litt olje, som utgjer ein dose – slik at du veit kor mykje du injiserer i kvar person – med desse vaksinane gir vi ein dose med kode. Den koden kan kopierast til protein svært effektivt, og kanskje i lang tid, i ein person; i ein annan person kan den bli dårleg kopiert, ineffektivt og berre forbigåande.
Så, som farmakolog og toksikolog er eg absolutt sikker på dette: med valet av dette designet er talet på moglege utfall sannsynlegvis tusen gongar verre enn det ville vore for ein konvensjonell vaksine, fordi den faktiske mengda produserte protein vil variere kolossalt. Og eg tenkte det var grunnen til at mange folk ikkje får biverknadar i det heile, medan andre såg ut til å døy.
Folk brukte seie: “Korleis kan det vere mogleg?!” Eg forklarte dei berre at med ein koda vaksine kan eit uheldig individ kome til å ta opp svære kvanta av den i hjarta sine, i blodkara rundt hjartet eller i hjernevenene i hovudet, og produsere store mengder piggprotein i lang tid, og dei fleste av dei kan få myokarditt eller cerebral sinusvenetrombose og døy; og hos ein annan kan den bli spreidd rundt om i kroppen til ein mindre farleg stad og ikkje lage så mykje piggprotein.
Eg tenkte det var ei passande forklaring, men eg trur ikkje lenger at det er heile forklaringa. Grunnen til at eg tenkte det var ei forklaring, var at eg med rette antok at same stoff frå ein gitt produsent finst i kvar einaste vesle vaksineampulle. Eg trudde – og hadde rett til å tru – at det, innanfor ein fraksjon av ein prosent, var akkurat same kvalitet og reinheit i kvar og ein injeksjon, og at difor den observerte variasjonen i korleis vaksinen tedde seg i ulike menneske måtte ha å gjere med slikt eg nett har føreslått.
Men, som eg straks skal kome inn på, er vi no diverre absolutt sikre på at det ikkje er same stoff i kvar ampulle – og dét betyr at det er kriminelt, det som føregår.
Kva ein vaksine er og gjer
Før vi går inn på det: normalt er det slik at ein vaksine du gir til ein person, vil vere éin dose, iblant to. Det vil aldri vere eit heilt system av dei. Men eg ser at nokre land allereie gir den fjerde vaksinen, og andre har snakka om ein endelaus serie! Du treng å vite: slik er ikkje vaksinar. Du treng ikkje å igjen og igjen få dosar av noko som fortener tittelen “vaksine”. Høgst ein eller to dosar. Så det er meir enn dét; det er ikkje folkehelse.
Men her er greia: ein vaksine, eller høgst to, trur eg, vil hindre deg i å bli sjuk av patogenet som du er vaksinert mot. Covid-stikket gjer ikkje det, er eg redd; det er ingen vaksine. Og éin konsekvens av vernet mot den organismen – som føregår ved at nye infeksjonar blir drepne på eit tidleg stadium, sjølv før du får symptom – er låg viral last i luftvegane. Det er det som held deg trygg etter vaksinering, eller viss du har fått immunitet.
Konsekvensen av dette er at det vanlegvis reduserer, om ikkje stoppar, overføring. Og vi veit no – det finst mykje forskning på det – at folk som har hatt dette viruset er immune mot å bli sjuke ein andre gong av viruset eller variantar. Og dei er ikkje smitteberarar heller.
Vi veit, vi kan sjå, korleis god immunitet kan sjå ut. Vi har sett mange tilfelle av naturleg immunitet. Og autoritetane er samde: dei innrømmer at desse [Covid-]vaksinane ikkje hindrar at du får viruset; dei hindrar ikkje at du utviklar same mengd i luftvegane dine som ein uvaksinert gjer; og dei hindrar ikkje smitte.
Så viss nokon påstår at dei “reduserer alvorsgraden på symptoma”, så vil eg gjerne vite kva slags svart magi som er brukt; for eg har nett fortalt deg at det går i luftvegane dine, det veks på same måte, og smittar på same måte. Eg trur faktisk ikkje – det finst ingen mekanisme no som gjer at vi raskt kan intervenere og hindre deg i å bli sjuk – eg trur det ikkje. Så eg trur det mest sannsynlege utfallet no er: dei gjer ingen nytte i det heile, men dei er diverre faktisk svært skadelege. Dei er verkeleg giftige.
VAERS
Berre ein kort introduksjon til eit av dei beste sporingssystema i verda: rapporteringssystemet for vaksinebiverknadar, VAERS. Det er eit US-amerikansk system. Det kom på plass for rundt tretti år sidan, og alle som har ein biverknad etter vaksinering – sjølv om dei ikkje nødvendigvis hevdar at den nødvendigvis er forårsaka av vaksinen, men for å kunne spore moglegheita for det – blir bedne om å rapportere den inn. Men diverre er rapporteringsraten typisk mellom 1% og 10% av biverknadane.
Bevisa har kome inn sidan utrullinga av vaksinen starta, og likevel har det blitt mange fleire biverknadar, og mange fleire dødsfall, assosiert med berre Covid-vaksinar enn med alle dei andre vaksinane i historia til VAERS.
Så det er ikkje tvil; det er offentleg tilgjengelege data, det er dykkar database. Den er ikkje min; eg har ikkje lagt inn noko der. 85% av rapportane vart lagde inn der av kvalifisert helsefagleg personell. Så det er ikkje sant, slik nokre påstår, at “Vel, folk legg berre inn kva som helst, og det er ikkje verkelege biverknadar.” Dei er faktisk absolutt reelle.
Å skille mellom korrelasjon og kausalitet
Det blir ofte sagt at korrelasjon ikkje er det same som kausalitet, og dét er sant: sjølv om det er mange innrapporteringar, betyr ikkje det nødvendigvis at det er vaksinen. Men det finst noko som kallast Bradford Hill-kriteria [for kausalitet, årsakssamanheng]. Du kan slå opp Bradford Hill-kriteria – eg trur det er elleve av dei – og det vil gi deg metodar for å avgjere om ein korrelasjon er ein årsakssamanheng eller ikkje.
Eg skal berre gi dykk eit raskt døme: dersom det er akutt toksisitet i vaksinen, så vil du forvente å sjå ein skarp, høg auke i talet på skadar og dødsfall under dei første dagane etter at vaksinen har blitt gitt. Om det ikkje er nokon samanheng i det heile, så vil du forvente ein mykje jamnare, låg-nivås profil som ikkje ville vise mykje respons på vaksineringa.
Når du ser på det … eg trur meir enn ein tredel av biverknadane skjer den dagen du får dosen eller innan dei neste få dagane, og deretter raskt avtar. Så det er eitt av Bradford Hill-kriteria.
Eit anna – og eg vil berre nemne dette eine av dei andre – er plausibilitet. Viss du har ein teoretisk grunn til å tru at [ei behandling] vil gjere at venstrebeinet din blir blått, og du går og ser på biverknadane og finn ein masse med blå venstrebein, så er dét meir overbevisande enn viss nokon ende opp med ein sår alboge, som du ikkje hadde føresett. Det eg vil seie, er at ved desse tilfella trur vi at desse agentane forårsakar såkalla tromboemboliske sjukdommar.
Så … ein kan føreseie effekten av koagulasjon: du kan blø eller levre, så mange blodårer som er plugga til av blodproppar – som slag eller hjarteatakk, djup venetrombose, eller blødning, som t.d. subaraknoidalblødning – alle desse tinga er slikt ein kunne føreseie. Og, har du sett(!), dei er til stades i VAERS i enorme antal, i eit omfang ein aldri før har sett.
Så tidsaspektet og plausibiliteten overbeviser meg om at desse er kausale; dei er for det meste kausale.
Omsett av Monica Sortland
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst
Forsidebilde: Glenn Carstens-Peters
17 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 17 ganger.
Post Views: 48