Tips til ledere i små stater: Sjekk kartet før du legger deg ut med sterke stater.
Brukarrettleiing:
Sterke statar
Av Hans Olav Brendberg
Det finst to typar statar: Sterke statar, og vanlege statar.
Vanlege statar er verna av folkeretten og FN-pakta. Det er eit veikt vern. Kva skjer om ei stormakt, til dømes USA, finn ut at dei skal øydeleggja ein veik stat, til dømes Libya? Det som skjer, er at den veike staten blir øydelagt. Etterpå dreg alle på skuldrene – «kven bryr seg».
Difor kan veike statar dyttast rundt, utan at det kostar veldig mykje. Om dei klagar på folkerettsbrot – slik td. Nicaragua gjorde då USA minela hamner, og som Mauritius har gjort når det gjeld den ulovlege okkupasjonen av Chagosøyane, går det mange år før det kjem ein dom i internasjonale domsstolar. Og etter at stormaktene er dømt – skjer det ingenting.
Okkupasjonen av Chagosøyane held fram, lovleg eller ikkje.
Sterke statar fungerer annleis. Om du slår dei, so sparkar dei igjen. Stel du bilnøklane deira, vil inngangsdøra di vera demontert når du kjem heim. Freistar du gå til sak mot dei, legg dei ned veto i Tryggleiksrådet. So korleis kan du pressa sterke statar til å gjera det du vil? Svaret er veldig enkelt: Det let seg ikkje gjera.
Du kan forhandla med dei, kjøpslå med dei – men press blir møtt symmetrisk.Om du skal gå inn i konflikt med sterke statar, bør du først sjekka kartet. Foregår konflikten langt inne i komfortsonen til din allianse – eller langt inne i komfortsonen til den sterke staten? Kven er viljug til å ofra mest, til å gå lengst, akkurat her?
Når du har svaret på det spørsmålet, veit du kven som i lengda vil vinna, om konflikten blir sett på spissen. Deretter kan du tenkja gjennom kva du tener mest på: Konflikt eller forhandling.
Forsidebilde: Ben White
27 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 27 ganger.
Post Views: 70