Derimot: Andrei Martyanov.Å bruke borgerkrigen i USA for å forstå det som skjer i Ukraina er tegn på fullstendig inkompetanse. – Derimot

derimot.no:

To angivelige USA-eksperter på krigføring har skrevet et stykke om krigen i Ukraina i tidsskriftet «The Hill». (En amerikansk politisk avis og digital nyhetskanal). Andrei Martyanov er ikke imponert over nivået i tenkningen og dette gir han tydelig uttrykk for i kommentaren under. Det han sier er at USA i praksis nå degenerer i en utrolig fart – også militært og akademisk.

Knut Lindtner
Redaktør

Martyanov, onsdag 22. mai, 2024

ANDREI MARTYANOV er ekspert på russiske militære og marinespørsmål. På midten av 1990-tallet flyttet han til USA hvor han jobbet som laboratoriedirektør i et kommersielt romfartskonsern.

For dei som ikkje forstår kva eg prøver å seie om denne saka, vil eg gjenta – sjølv i dag finst det nokre leivningar att av den US-amerikanske republikken eg er svært glad i, saman med folk som deler dei verdiane, sjølv midt oppi katastrofen vi alle ser og opplever, med eit USA som sirkulerer i avløpet og med svært få moglegheiter til å stoppe denne rørsla før dei blir fjerna som ein trussel på den globale arenaen.

Men med det sagt, skal det også seiast at USA alltid var «provinsielle» i sin utanrikspolitikk og særleg i sitt militære posisjoner som primært var basert på utdaterte omgrep og, ærleg talt, ein seriøs rigiditet operasjonelt – ein eufemisme for analfabetisme, eit produkt av Amerikas oppkonstruerte historie om andre verdskrig og ein stadig intellektuell og akademisk tilbakegang hos dei militær-politiske elitane som no akselererer enormt.

Sjå stykket frå The Hill som demonstrerer denne prosessen til fulle. Det er sjølvsagt eit «opinionsstykke», men det er eit tydeleg teikn på den militære analfabetismen til og med hos dei ein antar har litt peiling. Det har dei ikkje. Her er skribentane: Mark Toth skriv om nasjonal sikkerheit og utanrikspolitikk. Oberst (pensjonert) Jonathan Sweet tente 30 år som militær etterretningsoffiser og leidde USAs European Command Intelligence Engagement Division frå 2012 til 2014:  Biden tapar Tredje verdskrig 

Vel, det veit vi, men det er det desse typane baserer sine konklusjonar på, og dei gjer ei full framvisning av inkompetansen sin.

«I 1860 nekta Buchanan, redd for eskalasjon, å styrke det strategiske fortet som vakta inngangen til Charleston Harbor. Sjølv om eit slikt trekk truleg ikkje ville ha endra krigens forløp, ville det ha trekt opp ei sårt tiltrengt raud linje for utbrytarane i sør. Istaden gjorde Buchanan berre eit minimum, nett som Biden-administrasjonen no gjer i Ukraina, Indo-Stillehavet og Midtausten. Å forsvare allierte av USA er ikkje nok, på same måten som det minimale forsvaret av Fort Sumter viste seg verdilaust.»

Det faktum at US-amerikanske kader-militæroffiserar går for ein slik analogi, fortel straks at han ikkje har peiling på kva han snakkar om, for USAs militærhistorie generelt kan knapt brukast som historisk analogi på krigane på andre kontinent, og endå mindre som lærepenge, med Borgarkrigen som kun er interessant i form av å vere den første verkeleg industrielle krigen. Det er omtrent alt. Å her dra inn eit døme frå 1860 og, forkledd som «vitskap», prøve å projisere det over på dei militære realitetane i det 21. hundreåret, er berre toskete. Det er faktisk for amatørar. Det er i tillegg i reint strategisk forstand så pinleg at ein må krympe seg, når til og med artikkelskribentane må innrømme at det alt i alt ikkje hadde gjort store skilnaden. Altså spørsmålet – kvifor bruke det som eit døme? Men forvirringa fløymer over…

«’Forsvare’ må ikkje lenger vere dagens mantra i Det kvite hus, men ‘vinne’. Å vinne denne stadig meir kinetiske, globale, ideologiske krigen er vår einaste veg framover dersom liberalt demokrati skal sigre over Russlands president Vladimir Putin og Kinas president Xi Jinping sin delte visjon om ei såkalla multipolar verd, militært og økonomisk dominert av Russland og Kina og forankra i BRICS. Bidens eskalasjonsfrykt må også stoppe. Som demonstrert med 7. oktober, Bakhmut, Avdijevka, Irans 13. april-angrep på Israel og no det Bastogne-liknande slaget om Kharkiv Oblast, har eskalasjonsfrykt berre ført til vakuum som blir fylt av fiendane av nasjonen vår – og fiendane av våre allierte i aust-Europa og Mellomausten.»

Bastogne? Er dette omfanget av desse skribentanes historiske analfabetisme? US Army er ikkje ein gong i same liga som dei russiske væpna styrkane med sine kombinerte våpenoperasjonar og erobring av allslags byar og tettstadar, enten det galdt Andre verdskrig med operasjonar i gigantisk skala på austfronten – som gjorde at vestfronten, med unntak av Normandie og Slaget om Ardenne, såg beskjeden ut til samanlikning – eller seinare, på 2000-talet.

Så skribentane oppdagar plutseleg at den russiske arméen kan ta byar. Dei er også veldig dårleg informert om Kharkov-saka og den såkalla «offensiven der i 2022, for den hadde ingenting til felles med – den var faktisk diametralt motsett – Slaget om Ardenne, for det var ikkje noko mål om å ta Kharkov i 2022, og det var i beste fall testing, eigentleg styrkerekognosering frå den russiske armeen som aldri mista det operasjonelle initiativet, til skilnad frå underutstyrte og gassmanglande Wehrmacht, som allereie var slått i aust og som ved slutten av Slaget om Ardenne byrja overføre divisjonar til austfronten. Og eg tippar skribentane har drukke for mykje 404 Kool Aid og manglar grunnleggande forståing av moderne krigføring og korleis politiske mål formar militære. Ikkje overraskande; USA har dei siste 80 åra aldri kjempa mot noko som liknar dette.

Openbert har begge skribentane null greie på korleis ressursar blir mobiliserte og korleis ein set i hop nødvendige styrkar basert på operasjonelle og strategiske krav. Ikkje overraskande. Og begge greier tydelegvis ikkje forstå at USA og deira NATO-chihuahuahundar rett og slett manglar både økonomisk og styrkemessig evne til å snakke om nokon slags «vinning» over Russland. Ulike ligaar militært. Dessutan er det også tåpeleg å referere til dokument om US National Security Strategy frå dei siste 30 åra –

USA brukar ikkje strategi, fordi dei ikkje kan det på grunn av at folka som skriv desse dokumenta har null evner innan utvikling av ein strategi. Deira tanker er ein våt draum basert på illusjonar om grandiositet, bortsett ifrå evna til å kvalmande propagandisere om ting som ikkje er der – Amerika si evne til å utkjempe ein ekte krig utan å bli utsletta. No prøver desse to verkeleg hardt å takle situasjonen utan å forstå at dei burde ha studert betre og unngått å bruke sine «erfaringar» som målestokk – dei er irrelevante for moderne krig. 

Eg veit, det svir å vere ein tapar, men, men slik er livet der ein vinn litt og tapar litt, men om etterretningsfolk i USA i det heile tatt skal forstå det dei observerer, lyt dei konsentrere seg om å unnlate å spreie militært amatørmessig vås i media, men konsentrere seg om å utdanne seg i EKTE krig og militærhistorie, ikkje jakte på afghanske bryllaup (tidligere feilbombinger i Afghanistan, red.) eller studere IDFs «erfaringar» innan folkemord. Sjølvsagt vil dei ikkje følge mitt audmjuke råd, men den strategiske inkompetansen til USA er sjokkerande. Eg visste det var dårleg, SMO (Den spesielle militære operasjonen, red.) avslørte at det var heilt fråverande. Desse to illustrerte poenget mitt verkeleg bra.

Omsett og noko avkorta av Monica Sortland

Originalen finn du her: https://smoothiex12.blogspot.com/2024/05/the-scale-of-coping.html

Forsidebilde: ThisisEngineering

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...