Derimot.no

Sykdommen truer ikke barna. Det er vaksinen som er farlig for barn ifølge et japansk medisinsk tidsskrift.

derimot.no:

Vaksinar gir 7 gongar høgare dødsrisiko enn COVID for unge, åtvarar japanske ekspertar

av Raymond Wolfe

«Sjølv om barn og ungdom og folk i 20-åra blir smitta, så får dei normalt berre milde eller ingen symptom,» skriv det japanske medisinske tidsskriftet Med Check. «Det er absurd å vurdere vaksinering for skulebarn.»

COVID-vaksinar kan gi ein minst sju gongar høgare risiko for å døy enn viruset sjølv gir for folk i 20-årsalderen, åtvarar eit japansk medisinsk tidsskrift.

Sykdommen truer ikke barn men det gjør vaksinen.

Eit gjennomsyn i den siste utgåva av Med Check, som blir publisert av japanske Institute of Pharmacovigilance (NOPJIP) som er medlemav International Society of Drug Bulletins (ISDB), har funne ut at dødsrisikoen ved å ta sprøyta kan vere så høg som heile 40 gongar større enn for unge folk.

Med Check siterer tre rapportar over individ mellom 20 og 29 år som døydde innan dagar eller veker etter vaksinering, og estimerer dødsraten for denne aldersgruppa til 3,2 per 1 million. Eitt av desse openberre vaksinedødsfalla var det til ein 27 år gamal profesjonell baseball-spelar som kollapsa åtte dagar etter å ha fått stikket, og døydde etter ein månadslang kamp på sjukehus.

Tidsskriftet seier at talet på dødsfall kan vere høgare, dels fordi styresmaktene i Japan berre krev innrapportering av mistenkte vaksineskadar innan 28 dagar etter injeksjonen. Japans Departement for helse, arbeid og velferd hadde den 15. oktober mottatt totalt 1308 rapportar om dødsfall etter COVID-vaksinering.

Sjølv etter berre tre tilfelle har risikoen for dødeleg reaksjon på vaksinen signifikant gått forbi faren ved viruset for unge folk, som berre har ein sjanse på 0,6-0,8 per 1 million for å døy av sjukdommen i Japan, ifølge Med Check. Berre sju av 11,8 millionar japanarar i 20-åra døydde av COVID fram til juni 2021, og 10 døydde fram til midten av august.

Risikoen for vaksinedød var over sju gongar høgare i juni, og nesten fem gongar høgare den 11. august, samanlikna med risikoen som koronaviruset presenterer, slår Med Check fast. Over fleire år kan dødsrisikoen ved vaksinering for dei i 20-åra kome opp i 40 gongar meir enn dødsrisikoen ved COVID-19.

Med Check understrekar også at det ikkje fanst COVID-dødsfall i Japan i aldersgruppa under 20 år før i september 2021. «Viss barn i denne aldersgruppa blir vaksinerte, kan det føre til døden,» åtvarar tidsskriftet.

«Sjølv om barn og ungdom og folk i 20-åra blir smitta, så er symptoma naturleg milde eller fråverande fordi unge har færre av SARS-CoV-2 reseptor ACE2 enn vaksne, og særleg eldre folk, har. Det er meiningslaust å vurdere vaksinering av skulebarn.»

Mellom 0,00 og 0,03 prosent av COVID-tilfella i USA blant dei under 18 år har resultert i døden, og null sunne barn mellom 5 og 18 år døydde av viruset under dei første 15 månadane av pandemien i Tyskland, har ein ny studie funne.

Viruset er ikke farlig for barn, men det er kanskje denne mannen?

Overlevnadsraten for COVID-19 har blitt estimert til ikkje mindre enn 99,7 prosent for alle aldersgrupper under 60 år.

Med Check sin analyse seier det same som liknande vurderingar av andre ekspertar gjer, slike som t.d. dr. Jessica Rose, ein viral-immunolog som fortalde eit FDA-panel i september at farane ved sprøyta «er større enn ein potensiell fordel,» og peika på ein «høgst uvanleg» auke i vaksineskade-rapportar på grunn av injeksjonane.

«Vi kan ende opp med å drepe tusentals av barna våre med desse vaksinane som ikkje er testa for tryggleik,»åtvara helseforskaren dr. Paul Elias Alexander i ein artikkel i LifeSiteNews. «Det finst ikkje skikkelege tryggleiksdata, verken medio- eller langtids, og foreldre må no reise seg og seie NEI!»

Omsett, og noko avkorta, av Monica Sortland

Forsidebilde: Charlein Gracia

The original source of this article is LifeSiteNews

Tidligere publisert på derimot.no

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 735 ganger.

Post Views: 2 165

Les artikkelen direkte på derimot.no