Svær økning av helseplager hos folk i USA-forsvaret etter vaksineringen?Er det på gang en stor tildekking av vaksineskader i USA?

Derimot.no

derimot.no:

Denne lista over økning i sykdom i det amerikanske forsvaret i fjor, ble presentert tidlig i år av tre varslere fra det amerikanske forsvarsdepartementet:

  • Hypertensjon (høyt blodtrykk) – 2 181 % økning
  • Sykdommer i nervesystemet – 1048 % økning
  • Ondartede neoplasmer (svulster) i spiserøret – 894% økning
  • Multippel sklerose – 680 % økning
  • Ondartede neoplasmer (svulster) i fordøyelsesorganer – 624% økning
  • Guillain-Barre syndrom – 551 % økning
  • Brystkreft – 487 % økning
  • Demyelinisering (Ødeleggelse av den isolerende hylsen som finnes omkring mange nervefibre.) – 487 % økning
  • Ondartede neoplasmer (svulster) i skjoldbruskkjertelen og andre endokrine kjertler – 474 % økning
  • Kvinnelig infertilitet – 472 % økning
  • Lungeemboli (blodpropp i lungene) – 468 % økning
  • Migrene – 452 % økning
  • Dysfunksjon i eggstokkene – 437 % økning
  • Testikkelkreft – 369 % økning
  • Takykardi (rask puls/hjerteflimmer) – 302 % økning

I ettertid er databasen som ble analysert av tre varslere fra det amerikanske forsvarsdepartementet blitt endret.

Faktasjekkere gikk raskt løs lista som viser dramatisk økning i sykdom blant amerikanske militære. Det amerikanske forsvarsdepartementet trakk tilbake databasen tallene er hentet fra, fordi databasen «inneholdt feil». Denne forklaringen fra forsvarsdepartementet er publisert av en rekke «faktasjekkere» og er «beviset» på at lista er usann: 

«Peter Graves, talsperson for Defense Health Agency’s Armed Forces Surveillance Division, fortalte faktasjekkingsorganisasjon PolitiFact at «som svar på bekymringer nevnt i nyhetsrapporter» gjennomgikk divisjonen data i DMED «og fant ut at dataene var feil for årene 2016–2020».

Data fra den første artikkelen som viser en svær økning i ondartet nevroendokrine svulster
Slik ser tabellen ut etter at «feilene» var rettet opp.

Nøyaktig samme artikkel med nøyaktig samme sitat er publisert hos mange faktasjekkere. Bl.a. denne:
https://fullfact.org/health/us-defence-data-covid-robert-malone/

Senator Ron Johnson (republikaner fra Wisconsin) sendte 1. februar brev til forsvarsdepartementet i USA med spørsmål om lista med økninger i sykdomsforekomet stemmer:
https://www.ronjohnson.senate.gov/2022/2/sen-johnson-to-secretary-austin-has-dod-seen-an-increase-in-medical-diagnoses-among-military-personnel

Senatoren skriver i brevet blant annet:
«Basert på data fra Defense Medical Epidemiology Database (DMED), rapporterte Thomas Renz, en advokat som representerer tre varslere fra forsvarsdepartementet (DoD), at disse varslerne fant en betydelig økning i registrerte diagnoser på DMED for spontanaborter, kreft og mange andre medisinske tilstander i 2021 sammenlignet med et femårsgjennomsnitt fra 2016-2020. For eksempel, ved rundebordskonferansen uttalte Renz at registrerte diagnoser for nevrologiske problemer økte 10 ganger fra et femårsgjennomsnitt på 82 000 til 863 000 i 2021.»

Det amerikanske forsvarsdepartementet mener altså at det amerikanske forsvaret i tidsrommet 2016 til 2020 bare greide å registrere 10% av de nevrologiske problemene som ble behandlet blant amerikansk militært personell. Høres ikke det sannsynlig ut?

Senator Johnson sendte i løpet av våren i år tre brev til forsvarsdepartementet med spørsmål om de dramatiske økningene som er registrert i den medisinske databasen, uten å få noe klart svar. Departementet lanserte imidlertid forklaringen som sier at databasen var grovt underrapportert de foregående årene, slik at økningen i antall tilfeller derfor ble feil.

7. mars i år skrev derfor senator Ron Johnson til selskapet som driver den medisinske databasen for Forsvarsdepartementet og spør hva feilene i databasen egentlig går ut på og hva som kan være årsak til feilene.
https://www.wispolitics.com/2022/u-s-sen-johnson-requests-information-from-company-that-manages-dod-health-database/

Om selskapet har svart senatoren, har vi ikke greid å grave fram noen informasjon om. Etter at Johnson sendte brev til dataselskapet som driver helsedatabasen til det amerikanske forsvaret har det blitt merkelig stille om saken.

Redaksjonen

Her er artikkelen vi har skrevet kommenteren til:

av Sarah Westall | SarahWestall.com

Advokaten Tom Renz fekk global medieomtale etter at han avslørte eksplosive data frå det US-amerikanske Forsvarsdepartementet sin DMED-database under Senator Ron Johnsons Second Opinion Hearing. DMED er den offisielle databasen over dei 1,4 millionar som er i aktiv teneste under Forsvarsdepartementet. Dataa, som er skaffa til vege av tre modige varslarar ved Forsvarsdepartementet, frå DMED viser ein sjokkerande auke i medisinske komplikasjonar av mRNA-«vaksinane» etter at militæret kravde injeksjonar for alle sine tilsette:

279% fleire tilfelle av for tidleg fødsel eller ufrivillige abortar

487% fleire tilfelle av brystkreft

1048% fleire tilfelle av nervesystemrelaterte lidingar
155% fleire tilfelle av vanskapte nyfødde
350% fleire tilfelle av infertilitet hos menn
369% fleire tilfelle av testikkelkreft
2181% fleire tilfelle av høgt blodtrykk
664% fleire tilfelle av vondarta neoplasmar
680% fleire tilfelle av Multippel Sklerose
551% fleire tilfelle av Guillain-Barre Syndrome
468% fleire tilfelle av  lungeemboli
302% fleire tilfelle av takykardi
452% fleire tilfelle av migrene
471% fleire tilfelle av infertilitet hos kvinner
437% fleire tilfelle av dysfunksjon i eggstokkane
269% fleire tilfelle av hjarteinfarkt
291% fleire tilfelle av ansiktsparese, Bell’s palsy
467%  fleire tilfelle av  lungeemboli

Sjå presentasjonen til Tom Renz

Etter at den sjokkerande informasjonen vart delt, sende senator Ron Johnson eit brev til Forsvarsminister Lloyd Austin. I brevet, datert 1. februar, 2022, skriv han:

«Den 24. januar, 2022, heldt eg ein rundebordskonferanse der det deltok verdskjende doktorar og medisinske ekspertar som delte sine perspektiv på effektiviteten og tryggleiken til COVID-19-vaksinen og den generelle responsen på pandemien. Ved rundebordet høyrde eg vitnemål frå Tom Renz, ein advokat som representerer tre Forsvarsdepartementsvarslarar (Department of Defense, DoD, whistleblowers) som avslørte urovekkande informasjon om ein dramatisk auke i medisinske diagnosar blant militært personell. Det bekymringsverdige er at denne auken kan vere relatert til COVID-19-vaksinane som våre tenestemenn og -kvinner har blitt pålagde å ta.

Basert på data frå Defense Medical Epidemiology Database (DMED), rapporterte Renz om at desse varslarane fann ein signifikant auke i registrerte diagnosar i DMED for abortering, kreft og mange andre medisinske komplikasjonar i 2021 i forhold til eit fem-års-gjennomsnitt frå 2016 til 2020. Til dømes fortalde Renz at registrerte diagnosar for nevrologiske problem auka 10 gongar, frå eit fem-års-gjennomsnitt på 82 000 til 863 000 i 2021.»

Etter høyringa vart det oppdaga av Tom Renz og andre at DoD har sett i verk ein dekkoperasjon med DMED-dataa. Du kan sjå mitt nylege intervju med Renz om dette:

Ron Johnson sitt brev tok vidare opp den urovekkande oppdaginga av at dataa i DMED hadde blitt endra: 

«Renz informerte meg og om at nokre DMED-data som viste registrerte diagnosar av myokarditt hadde blitt fjerna frå databasen. Etter skuldingane om at det hadde blitt tukla med DMED-dataa, skreiv eg straks til dykk den 24. januar og bad om at de tar vare på alle dokument som refererer til, er relaterte til eller er rapporterte til DMED. Eg har enno ikkje fått svar på om de har etterkome bøna.»

Brevet åtvara også mot gjengjeldsaksjonar mot varslarane, og etterspurde spesifikk informasjon frå ministeren:

«Under rundebordskonferansen avslørte Renz namna på dei modige varslarane som avdekka denne informasjonen i DMED: Doktorane Samuel Sigoloff, Peter Chambers og Theresa Long. Hemnaksjonar mot desse personane vil ikkje bli tolererte, og dei vil straks bli etterforska.

For å betre forstå kva, om noko, DoD visste om COVID-19-vaksineskadar på tilsette i militærtenestene, ber eg dykk legge fram følgande informasjon:

  1. Kjenner DoD til nokon auke i registrerte diagnosar på abort, kreft eller andre medisinske forhold i DMED i 2021, samanlikna med gjennomsnittet for dei fem åra frå 2016 til 2020? Om så, ver så venleg å forklare kva slags tiltak DoD har iverksett for å granske årsaka til auken i desse diagnosane.
  2. Har registrerte diagnosar av myokarditt i DMED blitt fjerna frå databasen frå januar 2021 til desember 2021? I så fall, ver så venleg å forklare kvifor og kva tid denne informasjonen vart fjerna, og identifiser kven som fjerna den.

Ver snill og lever denne informasjonen så raskt som mogleg, men ikkje seinare enn 15. februar, 2022. Takk for merksemda di om denne saka.»

Du kan sjå heile brevet til senator Ron Johnson under her.

Steve Kirsch sin nettstad Substack tar også for seg denne situasjonen med DoD og DMED. I sin siste post intervjuar han ein militærlege:

«Eg snakka med ein doktor i militæret som stadfesta den høge førekomsten av vaksine-forårsaka hendingar i legepraksisen sin.

Denne doktoren estimerer at 85% av militæret har blitt vaksinert, sjølv om militærets offisielle tal er 93%. Doktoren har ansvaret for tusentals medlemmar av tenestene og har fleire dusin med signifikante vaksineskadar som er VAERS-rapporterbare (men som for det meste ikkje har blitt innrapporterte dit). Dette er ein biverknadsrate på over 0,75%, dvs. nesten 1 av 100 soldatar er vaksineskadde, nokre av dei svært alvorleg. Det er viktig å hugse på at soldatane er tøffe og ikkje vil ha noko i legejournalane sine som kan sette grenser for pliktene dei har. Difor er det mange som ikkje ein gong rapporterer om alvorlege symptom. Så vår vaksineskaderate på 0,75% er mest sannsynleg eit altfor lågt estimat. Og hugs, dette er ei svært ung folkegruppe.

Denne doktoren har hatt null rapporterbare skadar til VAERS gjennom nær to tiår. Så dette indikerer at den auka raten på rapporterbare skadelege biverknadar av desse vaksinane er langt meir enn 500 gongar større. Men andre legar eg kjenner, som har større praksisar, rapporterer om høgare ratar på alt frå 600 til over 20 000 av desse skota dette året. Kort sagt er talet på rapportar om skadelege biverknadar av desse vaksinane skyhøge i forhold til andre vaksinar. Det indikerer at auken på 30 gongar i raten av rapportar til VAERS om skadelege biverknadshendingar er fordi vaksinen er farleg, ikkje fordi det er feil i rapporteringa. Det er også eit teikn på at VAERS er kraftig underrapportert dette året i forhold til andre år, med minst ein faktor på 10. FDA har gått utifrå at VAERS er over-rapportert samanlikna med tidlegare år, med ein faktor på 30, vårt estimat er at VAERS er under-rapportert samanlikna med tidlegare år, med ein faktor på 30. Merk at dette estimatet (samanlikninga av hangen til å rapportere under ulike år) ikkje endrar vår estimerte underrapporteringsfaktor på minimum 41 for hendingar dette året.

Denne doktoren var ikkje i tvil i det heile om at vaksinen forårsakar desse skadane. Om og om igjen, alvorlege reaksjonar (nokre som aldri før har blitt sett) starta å skje kort tid etter at soldaten var vaksinert.»

Sjå meir i hans siste Substack-post: Desse medisinske dataa frå US DoD er eksplosive. Mainstream-media har fått ordre om å ignorere dei.

Advokat Tom Renz si nettside legg ut dekkoperasjonssituasjonen med nyheutsartiklar før og etter dekkoperasjonen til DoD. Nettstaden postar også grafar frå før og etter at DMED vart endra. Eg har inkludert noko av der under her. Du finn meir på Renz-Law.com

Sidan Renz-avsløringane under senator Johnsons panel, har mange nyheitskanalar rapportert om desse fellande dataa.


Ei veke seinare, straks den fellande sanninga var avslørt, bestemte DoD og Trusted News Initiative, og også Faktasjekk-organisasjonar, seg for å prøve å manipulere tala for å dekke over sanninga; vaksinane er dødelege og forårsakar alvorleg skade i alarmerande mengder. Advokat Renz seier: «For å tru på desse flunkande nye DoD-tala, må ein tru at DoD under-rapporterte alle tilfelle i denne militære databasen med rundt 20 millionar per år, i 5 år. Dei, altså DoD, hevdar no at dei har under-rapportert tilfelle med 1000% i 5 år.»

Renztilføyer: «Ja, mine vener, sånn er det ein dekkoperasjon ser ut.»

Dekkoperasjonshistoriene frå Fakta-sjekkarane

Under her vil du finne ei samanlikning, side-om side, av tala som varslarane våre gav advokat Tom Renz, og dei nye, oppdaterte tala som DoD skapte.

Diagrammet datert 1/19/2022, som viser svære toppar i skadar i 2021, er dei opprinnelege, autentiske varslar-dataa. 
Diagrammet datert 1/31/2022 er dei nye, kreative tala til DoD, som endra på 5 år med data for å skjule sanninga.

Til dømes:

SPike-300x163 DMED DATA Reveals Incredibly Disturbing Spikes in Vaccine Injuries Across the Board
Faktiske data.
Edited-Spike-300x164 DMED DATA Reveals Incredibly Disturbing Spikes in Vaccine Injuries Across the Board
Etter DODs cover-up

Sjå fleire grafar som viser DOD COVERUP

Download Renz Law DMED Data (Excelrekneark). Note: tala i radene som er merka med lilla, er dei «korrigerte» dataa som vart sleppte etter at «glippen» vart oppdaga. ’Hospitalized’ betyr at pasienten var på sjukehus. ’Ambulatory’ (oppegåande) gjeld poliklinikk-pasientar. Merk også at prosentutrekningane er feil: dei burde ha trekt ifrå 1, sidan ein «auke på 2 gongar» er det same som ein «100% auke».

 Senator Ron Johnson brev til forsvarsministeren kan lastes ned her:

2022-02-01 RHJ Letter to Do… 

Omsett av Monica Sortland
https://sarahwestall.com/dmed-data-reveals-incredibly-disturbing-spikes-in-vaccine-injuries-across-the-board/

Forsidebilde: israel palacio

2 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 2 ganger.

Post Views: 14

Les artikkelen direkte på derimot.no