Pepe Escobar: Nato/USA har feilkalkulert.

Derimot.no

derimot.no:

NATO vs Russland: Kva skjer no?

PEPE ESCOBAR 

Pepe Escobar er en brasiliansk journalist og geopolitisk analytiker.

Tre månadar etter starten på Russlands Operasjon Z i Ukraina fortset kampen Vesten (12 prosent) mot Resten (88 prosent) å metastasere seg. Men narrativet er, merkeleg nok, framleis det same som før.

På måndag introduserte Klaus Schwab, sjefen for Verdsøkonomisk forum, frå Davos den ukrainske komedie-presidenten Volodymyr Zelensky på den utbrukte våpen-tiggingsturnéen sin, med ein glødande hyllest. Herr Schwab framheva at ein skodespelar som spelar ein president som forsvarer nynazistar har støtte frå «heile Europa og den internasjonale ordenen.»

Han meiner sjølvsagt alle unntatt dei 88 prosenta av planeten som er tilhengarar av rettsprinsipp – heller enn den feilkonstruksjonen som Vesten kallar for ein «regel-basert, internasjonal orden».

Tilbake i den verkelege verda, har Russland sakte, men sikkert, omdefinert hybridkrigskunsten. Men midt i karnevalet av NATO-psyops, aggressiv kognitiv infiltrasjon og slåande spyttsleikeri frå media, blir det gjort mykje ut av den nye «hjelpe»-pakken på 40 milliardar dollar frå USA til Ukraina, vurdert til å kunne vende krigen.

Dette narrativet om at spelet vil snu, kjem frå dei same folka som brende av billionar av dollar for å sikre Afghanistan og Irak. Og vi såg korleis dét gjekk.

Ukraina er Den heilage gralen for internasjonal korrupsjon. Dei $40 mrd. kan bli ein game-changer for berre to klassar av folk: først USAs militær-industrielle kompleks, og på andreplass ein gjeng ukrainske oligarkar og nykonservativ-liknande frivillige organisasjonar som bruke våpena og den humanitære bistanden til spekulativ handel på svartebørsen, og deretter kvitvaske profitten på Cayman Islands.

man in pink and white floral shirt holding banana fruit

Ein rask analyse av dei $40 mrd. avslører at $8,7 mrd. av dei vil gå til etterfylling av USAs våpenlager (og såleis ikkje til Ukraina i det heile); $3,9 mrd. til USEUCOM («kontoret» som dikterer militærtaktikk til Kiev); $5 mrd. til ein fuzzy, uspesifisert «global matforsyningskjede»; $6 mrd. til faktiske våpen og «trening» til Ukraina; $9 mrd. til «økonomisk assistanse» (som vil forsvinne inn i utvalde lommer); og $0,9 mrd. til flyktningar.

Risikovurderingsselskap i USA har nedgradert Kiev til botnslammet av einingar som ikkje betaler tilbake lån, så store amerikanske investeringsfond vrakar Ukraina. Tilbake står EU og medlemslanda der som landets einaste alternativ.

Berre nokre få av desse landa, bortsett frå russofobe einingar som Polen, greier å rettferdiggjere overfor sitt eige folk at det vert sendt svære summar med direkte hjelp til ein stat som har gått falitt. Så det vil falle på den Brussel-baserte EU-maskina å gjere akkurat nok til å halde Ukraina i ein økonomisk koma – uavhengig av input frå medlemsstatar og -institusjonar.

Desse EU-«låna» – for det meste i form av våpenleveransar – kan alltids betalast tilbake med Kievs kveite-eksport. Det skjer allereie i liten skala via hamna Constanta i Romania, der ukrainsk kveite kjem inn med båt over Danube og blir lasta over i eit dusintal frakteskip kvar dag. Eller via lastebilkonvoiar i gangsterverksemda våpen-for-kveite. Men ukrainsk kveite vil fortsette med å fore det rike Vesten, ikkje fattige ukrainarar.

brown wheat at daytime
Hvete er nå en meget viktig internasjonal handelsvare

Vidare kan ein vente at NATO i sommar vil kome med ein ny monster-psyop for å forsvare sin guddommelege (ikkje legale) rett til å gå inn i Svartehavet med krigsskip for å eskortere ukrainske fartøy som transporterer kveite. Pro-NATO-media vil spinne det om til at Vesten blir «redda» frå den globale matkrisa – som tilfeldigvis er direkte forårsaka av ei rekke med hysteriske pakkar med vestlege sanksjonar.

Polen går for mjuk annektering

NATO trappar verkeleg massivt opp «støtta» si til Ukraina via grensa til Polen i vest. Det er i sync med Washingtons to overordna mål: først ein «lang krig», opprørsstilen, nett som i Afghanistan på 1980-talet, med jihadistane erstatta av leigesoldatar og nynazistar. Dernest sanksjonane som blir brukt til å «svekke» Russland, militært og økonomisk.

Andre mål står uendra, men er underordna dei To på Topp: sikre at Demokratane vert gjenvalde ved det komande valet (det kjem ikkje til å skje); vatne det militær-industrielle komplekset med midlar som vert resirkulerte tilbake som returprovisjon (skjer allereie); og oppretthalde overherredømmet til US-dollaren, koste kva det koste vil (kinkig: den multipolare verda har byrja ta grep og gjenvinne kontrollen).

Eit nøkkelmål som går forbløffande lett, er destruksjonen av Tysklands – og, som konsekvens av det, EUs – økonomi, der ein stor del av dei overlevande selskapa til slutt vil bli selde til US-amerikanske interesser.

Ta til dømes BMW-styremedlem Milan Nedeljkovic som fortel Reuters at «vår industri står for omlag 37 prosent av gassforbruket i Tyskland», som vil synke utan russiske gassleveransar.

blue BMW coupe parked on the road during daytime
BMW, en viktig tysk eksportartikkel

Planen til Washington er å halde den nye «lange krigen» gåande på eit ikkje-altfor-kvitglødande nivå – tenk på Syria på 2010-talet – fyrt opp under av rekker med leigesoldatar, og med innslag av periodiske NATO-eskaleringar starta av alt ifrå Polen til nokon av dvergane frå Baltikum eller Tyskland.

Sist veke avslørte Josep Borrell – den ynkelege eurokraten som poserer som EUs høgrepresentant for utanrikssaker og tryggingspolitikk – spelet då han snakka om det komande møtet i EUs Råd for utanrikssaker. Borrell innrømde at «konflikten vil bli langvarig» og «prioriteten til EU-medlemslanda» i Ukraina «består av forsyninga av tunge våpen.»

Så møtte Polens president Andrzej Duda Zelensky i Kiev. Bunken med avtalar dei to signerte, indikerer at Warszawa har til hensikt å profittere grovt på krigen, for å auke sin politisk-militære, økonomiske og kulturelle innverknad i vestlege Ukraina. Polske statsborgarar vil kunne bli valde inn i ukrainske regjeringsorgan og til og med søke stilling som dommar, sjølv ved forfatningsdomstolen.

I praksis betyr det at Kiev overfører styringa med fallitt-staten Ukraina til Polen. Warszawa vil ikkje ein gong måtte sende troppar. Kall det gjerne ei mjuk annektering.

Dampvegvalsen på farten

Den aktuelle situasjonen på slagmarka kan undersøkast med dette kartet. Avlytta kommunikasjon frå den ukrainske kommandoen avslører at dei tenker bygge eit lagvist forsvar frå Poltava gjennom Dnepropetrovsk, Zaporozhia, Krivoy Rog og Nikolaev – som fungerer som skjold for allereie forsterka Odessa. Ingenting av dette garanterer suksess over det innkomande russiske stormløpet.

Det er alltid viktig å hugse at Operasjon Z starta den 24. februar med rundt 150 000 stridande – og definitivt ikkje Russlands elitestyrkar. Og likevel frigjorde dei Mariupol og øydela den nynazistiske elitestyrken Azov-bataljonen på berre femti dagar. Dei rydda opp i ein by med 400 000 innbyggarar med minimale tap av liv.

Samstundes som dei utkjempar ein reell krig på bakken – ikkje den på-slump-bombinga frå lufta som USA driv med – i eit digert land mot ein svær armé, i møte med eit mangfald av tekniske, finansielle og logistiske utfordringar, har russarane også greidd å frigjere Kherson, Zaporizhia og nesten heile området til «Baby-tvillingane», folkerepublikkane Donetsk og Lugansk. Kommandant for bakkestyrkane, general Aleksandr Dvornikov, har turbo-ladd missil-, artilleri- og luftangrep oppimot fem gongar raskare enn under den første fasen av Operasjon Z, medan ukrainarane jamt over har lite eller svært lite att av drivstoff, artilleriammunisjon, øvde spesialistar, droner og radarar.

Det som lenestols- og TV-generalane i USA rett og slett ikkje kan forstå, er at i Russlands syn på denne krigen – som militærekspert Andrei Martyanov definerer som ein «kombinert våpen- og politioperasjon» – er dei to toppmåla å destruere alle dei militære tilgangane til fienden, og samtidig spare livet til dei eigne soldatane.

Så medan det å miste ei stridsvogn ikkje er så viktig for Moskva, så er tap av liv det. Og det gjeld for dei massive russiske bombeangrepa; kvart militære mål må øydeleggast heilt. Presisjonsangrep er heilt sentralt.

multicolored cityscape during daytime
Det er ikke et poeng å ødelegge Ukraina. Ukrainere og russere er jo broderfolk.

Det rasar ein debatt blant ekspertar på det russiske militæret om korfor forsvarsdepartementet ikkje går for ein rask, strategisk siger. Dei kunne ha lagt Ukraina i grus – på amerikansk vis – på null komma svisj. Det kjem ikkje til å skje. Russarane vil heller avansere sakte men sikkert, i eit slags dampvegvals-mønster. Dei avanserer først etter at sappørar har rekognosert terrenget; der ligg jo miner over alt.

Det generelle mønsteret er ikkje til å ta feil av, same kor mykje NATO spinn om sperreeld. Ukrainske tap er i ferd med å bli eksponensielle – så mange som 1500 drepne eller skadde om dagen, kvar dag. Om det finst 50 000 ukrainarar i fleire heksegryter i Donbas, vil dei vere vekke innan utgangen av juni.

Ukraina må ha tapt så mange som 20 000 soldatar i og rundt Mariupol aleine. Det er eit massivt, militært nederlag som langt overgår Debaltsevo i 2015 og Ilovaisk i 2014. Tapa nær Izyum kan til og med vere høgare enn dei i Mariupol. Og no kjem tapa i Severodonetsk-hjørnet.

Vi snakkar her om dei beste ukrainske styrkane. Det har ikkje ein gong noko å seie at berre 70 prosent av våpena som NATO sender frå Vesten i det heile tatt når fram til slagmarka: det store problemet er at dei beste soldatane fer… fer… har fare, og ikkje vil bli erstatta. Azov-nynazistane, den 24. brigade, den 36. brigade, ulike luftangrepsbrigadar – dei har alle lide tap på 60+ prosent eller blitt heilt utraderte.

Så hovudspørsmålet, slik mange russiske militærekspertar har understreka, er ikkje kor snart Kiev vil «tape», ugjenkalleleg; det er kor mange soldatar Moskva er budde på å miste før dei kjem til dette punktet.

Heile det ukrainske forsvaret er basert på artilleri. Så dei viktige slaga framover involverer langtrekkande artilleri. Det vil bli problematisk, for USA er i ferd med å levere M270 MLRS-system med presisjonsstyrt ammunisjon som kan treffe mål i ein distanse på opptil 70 kilometer eller meir.

Men Russland har utstyr å slå tilbake med: Hermes-komplekset som brukar høgpresisjonsutstyr, kan guidast med laser, og har ei rekkevidd på over 100 kilometer. Og dei fungerer saman med det allereie masseproduserte Pantsir luftforsvarssystemet.

Den synkande skuta

Ukraina er, innanfor sine noverande grenser, allereie ein ting som høyrer fortida til. Georgy Muradov, permanent representant for Krim overfor presidenten av Russland og visestatsminister for Krim-regjeringa, er ubøyeleg: «Ukraina vil ikkje lenger bestå i den forma det hadde, trur eg. Dette er allereie ’det tidlegare Ukraina’.»

Asovhavet har no blitt «eit hav som blir brukt i fellesskap» av Russland og Folkerepublikken Donetsk (FRD), som Muradov stadfestar.

Mariupol vil bli gjenoppbygd. Russland har hatt plenty med erfaring av denne sorten i både Grozny og Krim. Korridoren mellom Russland og Krim er open. Fire av dei fem sjukehusa i Mariupol har allereie opna igjen, og kollektivtrafikken er tilbake, så vel som tre bensinstasjonar.

Det snart føreståande tapet av Severodonetsk og Lysitsjansk vil få svære alarmklokker til å ringe i Washington og Brussel, for det vil representere byrjinga på slutten for det noverande regimet i Kiev. Og dét betyr i praksis – og utanom all den høgstemde retorikken om at «Vesten står ved di side» – at tunge aktørar ikkje akkurat vil bli oppmuntra til å satse på eit synkande skip.

Sanksjonspolitikken rammer EU mer enn Russland

På sanksjonsfronten veit Moskva nøyaktig kva dei kan vente seg, slik ministeren for økonomisk utvikling, Maxim Resjetnikov, seier: «Russland går vidare, medvitne om det faktum at sanksjonane mot landet er ein heller langsiktig trend, og at ’pivot to Asia’, akselerasjonen av reorienteringa mot austlege marknadar, til asiatiske marknadar, er ei strategisk retning for Russland. Vi vil gjere alt vi kan for å integrere oss med verdikjedar saman med asiatiske land, saman med arabiske land, saman med Sør-Amerika.»

Når det gjeld forsøk på å «skremme Russland», skulle aktørane gjere klokt i å lytte til den hypersoniske lyden av 50 førsteklasses Sarmat-missilar som er klare for kamp til hausten, som Roscosmos-sjef Dmitry Rogozin uttrykker det.

Denne vekas møte i Davos bringer fram i dagen ei anna oppstilling som er i ferd med å forme seg i verdas overhengande kamp: unipolar vs multipolar. Russland, Småtvillingane, Tsjetsjenia og allierte som Kvitrussland er no stilt opp mot ’Davos-leiarane’ – med andre ord den samla vestlege eliten, med nokre få unntak, t.d. Ungarns statsminister Viktor Orban.

Zelensky vil klare seg. Han er beskytta av britiske og US-amerikanske spesialstyrkar. Familien hans bur, ifølge rapportar, i ein villa til 8 millionar dollar i Israel. Han eig ein villa verdt $34 mill. på Miami Beach, og ein annan i Toskana. Vanlege folk i ukraina vart logne for, rana og, i mange tilfelle, myrda av Kiev-gjengen han styrer – oligarkar, tryggingstenesta (SBU), fanatikarar, nynazistar. Og dei ukrainarane som er att (10 millionar har allereie flykta) vil framleis bli behandla som folk ein godt kan ofre.

Imellomtida har Russlands president Vladimir «den nye Hitler» Putin på ingen måte noko hastverk med å ende dette «større enn livet»-dramaet som ruinerer og bryt ned det allereie rotnande Vesten til kjernen. Og korfor skulle han det? Han prøvde alt, sidan 2007, på «korfor kan vi ikkje kome overeins»-fronten. Putin vart totalt avvist. Så no er det dags å lene seg tilbake, slappe av og sjå på Vestens forfall.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Chris Liverani

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

https://www.unz.com/pescobar/nato-vs-russia-what-happens-next/

7 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 7 ganger.

Post Views: 18

Les artikkelen direkte på derimot.no